Urban farming

DSC_0871

Urban farming har eksplodert dei siste åra. Å dyrke sin eigen mat sjølv om du har liten plass, er rett og slett blitt trendy. Det er imponerande kva folk får til. Eg anbefaler å sjå Britta Riley sin TedTalk om emnet. -Inspirerande som berre det!

Det er ikkje å mykje som skal til for å dyrke sin eigen mat. Har du ein hageflekk, ein balkong eller blomsterkasse kjem du langt. Me er så heldige å få vere drengar på bruket på Rygg i helgar og feriar. Der er det åker, drivhus og eplehage. Likevel var det litt artig å ha nokre kvardagsprosjekt i byn, trass i meir begrensa plass.

Eg skal ærleg innrømme eg tenkte dette fort kunne bli eit lite prosjekt som gjekk litt i gløymeboka. At det skulle bli litt dill, eller at me rett og slett gløymde å nytte oss av det me dyrka.

I staden har det blitt ei veldig morosam greie som me har hatt mykje glede av i vår og somar. Me sådde sukkererter i nokre gamle blomsterkassar og ulike krydder i blomsterpotter. Minstemann har hatt stor glede av å plukke sine eigne sukkererter rett frå greinene og dei som ikkje har blitt ete opp i farta, har hamna i salatar og fiskepakkar. Krydderurtene har me nytta i salatar og pesto.

DSC_0865
Løpstikke (også kalla kjærleiksurt) smakar fantastisk til både fisk og kjøt. I går laga eg løpstikkepesto som eg hadde til omnsbakte poteter og torsk. Heilt himmelsk, -og ekstra stas når det kjem frå eigen hage!
DSC_0870
Søte og knasande sprø sukkererter sådd i blomekassar på terrassen.

Å ete noko du har dyrka sjølv, er kort og godt kvardagsluksus.

Har du dyrka noko heime? Det hadde vore morosamt å høyre om andre sine erfaringar.

/Inga

Ta vare på det du har

2015/07/img_5103.jpg

I desse dagar lanserer Naturvernforbundet eit nytt prosjekt som skal oppmuntre nordmenn til å ta betre vare på dei tinga dei allereie har. Dei ynskjer at me skal bruke skomakar, systove og andre handverkartenester for å reparere øydelagde ting i større grad. Det er rett og slett bra for miljøet!

Det er lettvint å kjøpe nytt når eit klesplagg eller anna blir øydelagd. Eit lågt prisnivå oppmuntrar til bruk og kast. Det er veldig synd, då det skapar mykje avfall. Det meste kan reparerast og shinast opp igjen, og slik får det eit lengre liv. Det er fint og er ein god form for materialisme. -Å vere glad i og ta vare på dei sakene ein allereie har!

2015/07/img_5094.jpg

Eg fekk ein dytt til dette då eg hadde shoppestopp-året mitt. Mellom anna fekk ei gamal dongeribukse nytt liv etter litt service på ei systove og eit par støvlettar nye sålar. Det gav godt samvit og eg har gleda meg litt ekstra over desse tinga etterpå.

Den opprinnelege prisen er ikkje viktig. Ei billeg bukse frå BikBok skapar like mykje avfall som ei bukse frå Tiger. Ein bør difor reparere dei sakene som også i utgangspunktet ikkje kosta så mykje. Ein kan forlenge brukstida lenge med litt ekstra kjærleik!

Mannen min arva ei gamal Longines-klokke av bestefar sin. Den hadde lege i ei skuff i mange år og var sleten og ubrukt. Etter eit lite opphald hjå urmakar med litt omsorg, service og nye reimer, vart den så god som ny og blir brukt daglig. Eg som ikkje har klokke låner den titt og ofte, og den er så fin! Det er kort og godt stas å bruke og ta vare på ei slik fin arv frå nokon du var glad i, og ikkje heile tida kjøpe nytt.

Har de nokre saker de har forlenga levetida til med handverkartenester?

/Inga

I sesong / Juni

IMG_4533

NYT Norge-merkinga gir ein fin pikepinn på kva som er i sesong når. Likevel kan det vere fint å minne seg om kva som er i sesong før ein går i butikken, -så vert det lettare å ete sesongbasert kvar månad.

Akkurat no nyt eg rabarbraen til det fulle og på måndag kom eg endeleg over norske asparges i butikken. Å ete etter sesong er rett og slett stas og gjer at ein gler seg litt ekstra over månad etter månad. Neste månad brakar det til dømes laus med den norske bærsesongen, -og det er ikkje feil!

Juhu!! -Og til same pris som dei som kjem heilt frå Peru!
Juhu!! -Og til same pris som dei som kjem heilt frå Peru!

Denne månaden er fylgjande i sesong:

Grønsaker:

  • Asparges
  • Bladpersille
  • Blomkål
  • Brokkoli
  • Dill
  • Graslauk
  • Gulrot
  • Hjartesalat
  • Hodekål
  • Isbergsalat
  • Kinakål
  • Lauk
  • Persille
  • Potet
  • Reddik
  • Ruccola
  • Raudbete
  • Somarkål
  • Spisskål
  • Sukkererter
  • Vårlauk
  • Squash
  • Spinat
  • Rabarbra

Frukt:

Bær:

  • Jordbær
Rabrbraen er god fram til St.Hans, så no bør du ete det du kan!
Rabrbraen er god fram til St.Hans, så no bør du nyte den så ofte du kan!

(Orange skrift betyr at det er lagringsvarer.)

/Inga

Miljøvenleg ferie, -kva er eigentleg det?

Nylig oppdatert1
Glimt frå tidlegare feriemål og reiser

Somarferien nærmar seg med stormskritt og mange har gjerne planlagd kor og korleis dei skal reise. Me planlegg alltid ferien litt i siste liten, og eg har som alltid grubla på ei sak: korleis gjere ferien miljøvenleg?

Fremtiden i våre hender og Sverigeresor.se har nokre fine tips. Eg har oppsummert punkta nedanfor. Kanskje driv du med miljøvenleg turisme allereie?

1. Køyr miljøvenleg
Seink farten. Å køyre over fartsgrensa fører til ekstra utslepp av CO2. Gir raskt opp og køyr alltid på høgast mogleg gir. Køyr med jamn fart og ver flink til å sjå langt framover slik at du slepp unødvendig bruk av bremsene. Unngå tomgangskjøring.

2. Handle lokalt der du er
Når du handlar på reisemålet i staden for på supermarknaden på heimstaden, vert bilen lettare og brukar mindre drivstoff. Vel lokal mat og lokale produkt der det er mogleg. Leit alltid etter miljømerka mat.

3. Kollektivt er best (men ikkje fly)
Fly er det verste transportmiddelet, elektriske tog nesten alltid det beste, om ein ikkje vel å sykle eller å ta seg fram til fots. Leig sykkel og reis kollektivt på reisemålet.

5. Kjøp klimabillett
Framtiden i våre hender sel klimabillettar på www.mittklima.no kor du kompanserer for utsleppa ved for eksempel flyreiser. Då er du med på å finansiere overgangen frå fossil til fornybar energi i land i sør. – Turisme skapar arbeidsplasser, utvidar horisonten vår og gir mange utviklingsland eit nytt bein å stå på. Men flyreiser gir store klimagassutslipp. Alle som er opptekne av ansvarleg turisme bør kjøpe klimakvoter når dei flyr.  Det bidrar til lågare utslepp og skapar berekraftig energiforsyning, seier reiseguru Arild Molstad til Framtiden i våre hender.

6. Reis kort, sakte, sjeldnare og bli lengre. 
Fly er nesten alltid det verste transportmiddelet, men i valet mellom høghastighetsferger og fly er faktisk flyet å føretrekke. Det er farten som øydelegg for høghastighetsfergene, -vel eit meir saktegåande alternativ. Kutt ned på helgeturane gjennom året, og reis heller på ein lengre tur i somarferien. Ferie innanlands og kortare reiseavstand er eit grønare alternativ enn å reise utanlands.

7. Køyr saman på ferie
Dersom du nyttar bil; køyr saman med andre om du har moglegheit. Færre bilar på vegen = færre utslepp.

8. Unngå tennvæske på grillen
Unngå tennvæske når du fyrer opp grillen. Elektriske grillar er å føretrekke viss ein har tilgong til straum, -og dessuten er dei sikrare.

9. Dra ut kontakten
Sjekk at ingen elektriske apparat står på stand by medan du er bortreist. Trekk ut alle kontaktar slik at du ikkje nyttar unødvendig straum.

10. Vel miljømerka aktiviteter og overnattingar
Visit Norway har innført miljømerking av overnattingsstader og aktivitetar i Noreg. Det gjer det lettare å reise grønt.

Fekk de nokre gode tips? -Det fekk eg! Om de har nokre lure tips eller grøne erfaringar som ikkje er nemnt her, -nemn dei i kommentarfeltet! 

/Inga

Kjøper du klimakvoter?

IMG_4824
Lunsj på den lokale puben og spasertur på den engelske landsbygda i ekte britisk ruskevèr med fin familie. -Skulle ynskje dette berre låg ein togtur unna, så hadde eg komt kvar helg, Birgitte!

Ei sak som eg har grubla på lenge er dette med klimakvoter. Kva skjedde med dei? Eg veit det offentlege, fleire bedrifter og selskap kjøper klimakvoter for dei tilsette sine jobbreiser. -Men er dette noko privatpersonar kjøper aktivt?

Eit av klimaråda for reising hjå Fremtiden i våre hender, er å fly meir sjeldan og heller vere borte over lengre tid. Altså droppe helgeshoppingturen til London og kjæresteturen til Frankrike i pinsen. -Men det er ikkje alltid like gjennomførbart.

Eg prøver å ikkje fly for ofte, men har allereie flydd fleire turar det siste året og skal fly igjen dei neste vekene. På dei fleste flyturane har dette vore einaste transportalternativet. Vinterferie hjå familie i England og helgefeiring av jubilantar i Milano, let seg ikkje gjennomføre med bil eller tog når ein har begrensa med tid og fridagar frå jobben.

Eg skulle aller helst tatt tog uansett kor eg skulle, men diverre er ikkje togtilbudet noko særleg godt her i Noreg. Eg saknar Tyskland. Der tok me tog på kryss og tvers. Å fly innanriks var sjeldan eit alternativ.  Kvifor skulle me det? Togtilbodet var topp!

Å ta tog er den mest behagelege og hyggelege reiseforma og eg skulle så gjerne hatt moglegheit til å nytte meg meir av det. Men. Så lenge Haukelibanen framleis er ein utopi og me bur i eit land som ikkje ligg midt i Europa, -er fly ofte det einaste alternativet om ein skal til utlandet.

Eg har aldri kjøpt ei klimakvote sjølv, men tenkjer kvar gong eg flyr, at det er noko eg burde gjere. Etter litt aktiv googling i veka, fann eg ein fin oversikt hjå Teknisk ukeblad over stader ein kan kjøpe klimakvoter for å «nulle» ut utsleppet sitt.

Ifylgje Fremtiden i våre hender sin klimakalkulator, vil flyreisa (tur -retur inklusiv mellomlanding) neste helg føre til eit CO2-utslepp på 2448 tonn. For å betale for «vår del» av dette klimautsleppet, kostar det 488 kr. Bidraget fjernar ikkje utsleppet i seg sjølv, men går til ulike prosjekt som reduserer klimagassar og bidrar til ei bærekraftig utvikling. Dette kan du lese meir om her.

Eg har bestemt meg for å kjøpe klimakvoter neste helg, -og det kjennest meiningsfullt og bra.

IMG_4825
…og om denne vingarden utanføre Milano, kokkane og maten hadde vore ein kort togtur unna, -hadde eg heller flytta dit og pendla til Haugesund!

Men. I første rekke tykkjer eg klimakvoter for privatpersonar er alt for uoversiktleg og lite tilgjengeleg. -Tenk om nokon kunne ha laga ein app kor ein kunne ha tasta inn reisa og betalt via mobil der og då. Ein kunne hatt marknadsføring på flyplassane og nådd passasjerane der dei var. Å logge seg inn på ein pc, kanskje opprette ein brukar med meir, skapar for mange barrierer til å gjere det. Tek nokon på seg oppdraget?

Vidare har eg ei tru på at mange i dag er interesserte i å betale litt ekstra for miljøet, -og for sine eigne utslepp. Folk sitt engasjement og givarglede når ein har innsamlingsaksjonar for Plan, Kirkens nødhjelp og andre organisasjonar er imponerande. -Ja, delar av skattepengane går til bistandsarbeid, -men det gjer godt å kunne bidra litt direkte sjølv. Delar av statsbudsjettet går også til klimakvoter og andre miljøtiltak, men også her trur eg folk sit med ei givarglede. -Eller snarare eit ynskje om å betale for seg. Å kjøpe klimakvoter når ein er ute og flyr, er eit heilt konkret miljøtiltak som går på eigne CO2-utslepp. Det er enkelt å relatere seg til.

Kva trur de? Er klimakvoter berre ein måte å kjøpe seg bort frå dårleg samvit, eller er det eit fint, grønt bidrag når folk uansett skal ut og reise? Kjøper du klimakvoter når du skal ut og fly? Kvifor? Kvifor ikkje? 

Les også:
Ti spørsmål og svar om klimakvoter

/Inga