Prosjekt Humlepark

Denne vesle karen kosa seg i eit bedd på bruket forrige helg.
Denne vesle karen kosa seg i eit bed på bruket i dag.

Ein er bekymra for humlebestanden verda over. Me er avhengige av humlene for å trygge matproduksjonen, men dei siste åra har ein registrert stor humledød. Ein mistenker at diverse sprøytemiddel i jordbruket er ein av fleire moglege årsaker. Eg har skreve tidlegare om biedød og kva kvar enkelt kan gjere med dette, -for har du ein hageflekk eller nokre blomsterpotter ute, kan du hjelpe til!

Eg skreiv også for to år sidan om grasrotprosjektet til far av ein ven av oss. Han hadde kort og godt latt vere å klippe deler av plenen på hytta, -med omsyn til humlene på øya. Der kunne dei hente nektar i kjende vekster og kose seg. Då me var der, var det tydeleg populært blant humlene! Etter dette har eg sett fleire og fleire som har lagt plenane til rette for humlene og biene. Seinast for nokre veker siden la Slottsparken ut denne fine oppdateringa på Facebook. Slikt er så bra!

Eplehage med nyslått gras. No skal det få lov til å vekse og vekse.
Eplehage med nyslått gras. No skal det få lov til å vekse og vekse.

Heime på bruket har me ein liten eplehage. Her har me i somar tenkt å la vere å klippe plenen og legge opp til blomstereng. Det kan forhåpentlegvis tiltrekke seg mange glade humler og bier og vere eit lite bidrag til naturen.

Oppdatering på humleparken kjem utover somaren. 

/Inga

Når er frukt og grønt i sesong?

cropped-20130709-120807.jpg

Å handle kortreist mat og ete etter sesong er eit fint miljøtiltak (eg har skreve litt om dette tidlegare her). Varene reiser kortare avstandar, norsk frukt og grønt som er i sesong er ofte rimelegare enn utanlandske alternativ, samstundes som at råvarene er på sitt beste, -både på smak og næringsinnhald.  Å ete etter sesong er kort og godt billeg og bra!

Likevel kan det for ein nordmann i 2015 vere utfordrande å vete kva som er i sesong når. Butikkane sel ferske jordbær på julafta og plommer i mai. Me er litt sesongforvirra og er vande med at alt er tilgjengeleg heile året.

Eg prøver å gå etter NYT Norge-merket når eg handlar, men eg saknar ofte eit større utval hjå dei største kjedene. Ideellt sett kan ein be butikkane bestille inn det du saknar, då dei ofte er på tilbudssida. Viss ein ikkje veit kva som er i sesong og tilgjengeleg når, kjem ein likevel til kort.

Difor vart eg så glad då eg fann mange fine sesongkalenderar på nett.

sesongkalender_bilde

Sesongkalenderen de ser over er utarbeida av Fylkesmannen i Vestfold, Hordaland og Sogn- og fjordane. Den gir ein fin oversikt over kva som er i sesong når. Grøn prikk viser kva som er nyplukka og i sesong, medan oransje prikk viser kva som er i sesong grunna lagring. Denne er så fin at eg jaggu skal printe den ut og henge på kjøleskapet!

Viss du ynskjer ein sesongkalender med utelukka norskproduserte økologiske varer, er denne kalenderen, laga av Bioforsk, veldig fin.

Bloggaren Kjernesunn nordkvinne har laga nokre fine tabeller med oversikt over frukt, grønsaker og bær som de finn her og som de ser nedanføre. Ho har også tatt med grønsaker, frukt og bær som ikkje vert produsert i Noreg, og dei er merka med ei stjerne. Der ser ein til dømes når appelsinene er på sitt beste!

Sesongkalender frukt og bær

Sesongkalender grønnsaker

Til slutt må eg tipse om Smak av kysten, -ein nettstad utvikla av Norsk sjømatsenter. Her finn ein ein fin oversikt over kva fisk som er anbefalt for kvar månad. Til dømes er torsken på sitt beste frå septemer til april (alle månadar med «r» i), medan makrellen er i sesong mellom mai og august. Fint å vete!

No skal oversikten opp på kjøleskapet og så skal det fråtsas i sesongvarer. No i mai skal eg ut på jakt etter norske asparges og etter det er det rabarbrasesong! Hurra!

/Er de flinke til å handle etter sesong og er det nokre varer de gler dykk ekstra mykje til? Eg blir kjempeglad for tips!

Ha ein fin kveld!

/Inga

Økologiske kjøkentekstil

DSC_0112Det er mange gode grunnar til å kjøpe produkt i økologisk bomull i staden for vanleg, genmodifisert bomull. Les meir her. Heldigvis er ikkje økologisk bomull lenger eit nisjeprodukt, men noko ein finn i dei fleste kjedebutikkane.

Då eg måtte kjøpe nye kjøkenhandklede og gryteklutar i forrige veke, kom eg over eit flott utval hjå Åhlens. Dei kan du også handle hjå på nett.

Eit lite green nudge når det kjem til å vere litt grønare med lommeboka!

/Inga

 

Grøn kvardag / Papirfri lesing

DSC_0044 4

Det er lite som slår ei god bok. For ikkje å snakke om ein bokstabel som ligg og ventar på deg på nattbordet. -Som du berre går og gler deg til å gyve laus på. Det er kvardagsluksus utan like!

Det same gjeld aviser og magasin. Eg skulle gjerne ha abonnert på fleire, men eg vegrar meg. Det blir så ufatteleg mykje papiravfall. Sjølv om ingenting slår lukta av bøker og eit nytrykt magasin, er det ikkje dumt å bruke lesebrett meir aktivt. Då kan ein lese til augene blir raude, samstundes som ein bidrar litt til miljøet.

I desse dagar er det Mammutsal og eg prøver å ignorere det hardt. Tanken var å stå over utagerande kjøp av eit fullstendig uansvarleg antal bøker i år men eg har allereie gått på ein sprekk (Hallo! Asbjørnsen&Moe sine eventyr. Innbunden. Med fine illustrasjonar. For 179 kr. Redebyggingsinstinktet slo inn for fullt).

DSC_0049 4

Likevel. I ei mutt stund over Mammutsalet, fekk eg den nødvendige dytten til å utforske moglegheitene til nettbrettet i større grad. Eg som berre trudde ein kunne kjøpe bøker, magasin og aviser via nettbutikken. -Ein kan jaggu også låne e-bøker via fleire lokale bibliotek i Noreg! Det er godt mogleg eg er skikkeleg sein til å oppdage dette, -men eg tenkte eg likevel skulle tipse om dette flotte tilbodet.

Ingenting er så fint som å gå på bibliotek, men det er supert at ein også kan låne via nettbrett dersom ein føretrekk dette. Lånetenesten heitter eBokBib og du kan laste ned appen både til iPhone og Android. Biblioteket låner berre ut eit visst antal av kvar e-bok om gongen for å verne om forfattar og forlag. Ein kan difor risikere å måtte stå i lånekø som ved eit vanleg lån på biblioteket. Likevel, -dette verkar å vere ei super ordning som eg skal teste ut iløpet av våren.

eBokBib_skjerm

Eg har difor øvd meg på å lese på skjerm og les akkurat no les eg Lean In av Sheryl Sandberg på iPad. Eg har også lasta ned nokre magasin og eg er begeistra. Det går overraskande greitt å lese på «pædden» og eg likar tanken på å kunne ha den med i veska, -med mange magasin og bøker tilgjengeleg.

I tillegg til e-boka, les eg akkurat no Emma & Uno av Märta Tikkanen på papir og har ei fin budde med bøker på vent på nattbordet (nokre av dei vart kjøpt på Mammutsal for fleire år sidan og har berre blitt liggande. Hint-hint Inga!).

lean-in_custom-575cb1cc7e2e0e704abfffbc2a0ce498dafad0f8-s6-c30 Emma-Uno_hd_image
1. Lean in, Sheryl Sandberg. 2. Emma&Uno, Märta Tikkanen.

9788205437722 092ab5034e34773aac5806d97e5e4044f3cf697bccc30a065ddc1aa4 1814_Alnes_ho 80ba698508f76288e82c306520908022 vermes_1386430062245426 Image
3. Constance ring, Amalie Skram. 4. Saman er ein mindre aleine, Anna Gavalda. 5. 1814. Miraklenes år, Karsten Alnæs. 6. I am Malala, Malala Yousafzai. 7. Er ist wieder da, Timur Vermes. 8. The Undomestic Goddess. Sophie Kinsella.

Har de gode erfaringar med å lese på nettbrett? Kva les de no og har de eventuelt ei bok som de gler dykk til å lese?

/Inga

Pause frå kaffikapslane

DSC_0041 4

Den kaffikoppen om morgonen. Den er himmelsk! -Men tenk at den skulle smake enda betre etter at ein fekk born! Eg tar meg sjølv i å av og til glede meg til den første koppen med kaffi når eg går til sengs om kvelden. Det er nydeleg med små oppkvikkarar og gleder når nattesøvnen ikkje heilt er den same.

Hugsar de eg var litt frustrert over avfallet kaffikapslane førte til? På eit eller anna tidspunkt i haust gløymde me å kjøpe nye kapslar og handla inn vanleg traktekaffi og kaffi til presskanna. Etter det har me ikkje sakna kapslane ein dag. Rykande fersk kaffi, -i mengder, om morgonen er fantastisk og presskanna og traktaren leverer til dei grader. I tillegg er det langt meir miljøvenleg.

No drøymer eg om kaffikvern (gjerne den til Tim Wendelboe!) slik at me kan eksperimentere meir med ulike kaffibønner. Det kan også vere verdt å merke seg at dei fleste kaffibarar m.m. meir enn gjerne kverner kaffien for deg, når du kjøper bønner. Då kan du velje finhetsgrad sjølv og anten få den som espresso-, presskanne- eller traktekaffi. Det er fint det! Ein pose ekstra god kaffi er forresten ei super gå-bort-gåve!

Uansett, – godt med «miljøutfordringar» som løyser seg av seg sjølv! 😀

/Inga