Nyttårsforsett og meg går ikkje heilt hand i hand. Godtestopp varer som oftast to dagar (oi! Sjokoladenissane som eg gøymte for meg sjølv lengst bak i skapet!) og mål om å møte opp på treningssenter kvar veke, har litt for ofte enda med etterlysningssmsar frå treningssenteret som startar med «Vi har ikke sett deg på 30 dager». Nyttårsforsetta har difor kapituler for lenge sidan. I staden går eg for mål om å fortsette med saker som var kjekke, nyttige og underhaldande i året som gjekk. Dei var det mange av, men her er dei grøne sakene som eg skal fortsette med i 2018. Om eg får dei like bra til som i fjor, er eg godt nøgd, -men om det går enda betre blir eg særs nøgd! I tillegg til dei mange små, har eg også eit stort ett, som eg resirkulerer frå året 2013.
1. Fortsette å handle ein gong i veka og ha 1-2 restedagar
Dette kom me godt i gong med i fjor, og det har minska matsvinnet betrakteleg.
2. Fortsette å fase ut eingongsplast og anna unødvendig avfall i heimen
Plastfolie, små plastposar og liknande skal i størst mogleg grad ut, til fordel for bivokspapir og andre gjenbruksløysingar.
3. Plukke meir søppel
Ha med pose på tur og bli flinkare til å plukke søppel når me kan.
4. Fly minst mogleg.
Dei siste åra har eg hatt to turar i året der eg har flydd. I fjor var me i eit bryllaup i Oslo ei helg, og til Tyskland med jobben ei veke. Utover det gjekk me for flyfrie feriar.
I år ventar to turar med fly som me veit om. Eg skal på eit kurs i Oslo i februar, og me skal endeleg besøke svigerinne og svoger i England igjen! Det er alt for lenge sidan. Utanom dette skal eg og mann moglegvis på ein tur som krevjer fly. Det vert difor kanskje ein tur meir i år, men då er målet å fly mindre igjen til neste år.
5. Ete mindre kjøt
Dette året har eg minska kjøtinntaket betrakteleg utan at det eigentleg har vore eit bevisst mål. Eg veit ikkje heilt kvifor, men kjøt smakar ikkje like godt til kvardags lengre. No har me stort sett 1-2 kjøtmiddagar i veka.
6. Ha 30-50% bilfrie dagar i løpet av ein månad
Sykkelen har stort sett blitt brukt til jobb kvar dag i haust, og også mykje utanom. Likevel er småkøyring til butikkar og andre ærend vanskelegare å slutte med enn me trudde. Nokre vaner er utruleg vonde å vende! No skal me brette opp ermene for å bli betre på dette.
…og så eit større eit…
7. Ha shoppestopp av klede og sko til meg sjølv i eit år
Eg hadde shoppestopp for fem år sidan, og det er noko av det mest nyttige eg har gjort. Det endra tankesettet mitt veldig når det kjem til kva ein eigentleg treng og kva som er ekte materialisme (kva det er (i mine auger) skal eg lage eit eige innlegg om). Etter det har eg ikkje vore noko stor shoppingløve, men eg skal likevel ha eit år med stopp, for å rett og slett dytte meg i retning symaskina! Eg har veldig lyst til å sy meir, -så dette året skal eg for alvor sette meg inn i det. Det er lov å kjøpe brukte klede og nye tekstil til syprosjekt, men eg skal i størst mogleg grad gå for redesign. Eg er litt spent på om eg kjem i gong, eller om eg berre vert gåande i dei gamle kleda eg har. Det kan fort skje det også!
Om du er nysjerrig på korleis dette skal gå, -følg med.
Inga