Pur Grønn 

For oss som saknar Balanzera i Oslo, må eg tipse om Pur Grønn frisør. Dei held til i Haugesund og Sveio, og er ein sertifisert «grønn» frisørsalong.

Dei har kjekke produkt og dyktige frisørar. Ein veldig hyggeleg stad å klyppe seg!

Etter eit par bomturar til frisør med eldstemann, fann han roen i frisørstolen i dag, -med god hjelp frå Peppa Gris på iPhonen. Sveisen er i boks og no kan 17. mai komme!

…eg skal berre jakte opp to stk bunader med alt tilbehør. Så vidt eg hugsar vart det ikkje lagt sirleg på plass forrige gong det vart brukt. Lat oss håpe me finn fire store bunadssko denne gongen, og ikkje berre tre!

Miljøkveld og hatprat

img_0444
Eit lønnetre fullt med summande humler i helga. Ikkje la humla suse denne veka, -ta heller turen til Gamle slaktehuset eller Haugesund folkebibliotek!


Er du på Haugalandet denne veka, har eg to fine tips til deg:

Miljøkveld på Gamle slaktehuset

Onsdag kl 19.00, Gamle slaktehuset

Onsdag inviterer Tysvær, Karmøy og Haugesund kommune til miljøkveld med inspirasjon. Me får høyre om kvifor me må bry oss om miljøet, og tips om korleis me kan leve litt meir miljøvenleg. Føredragshaldar for kvelden er Mona Nilsen. Ho har jobba med miljø- og klimakommunikasjon i over 20 år. I tillegg er målet at kvelden skal vere ein møtestad for andre miljøinteresserte.

«Står miljøproblematikk i veien for oss mennesker i søken etter det gode liv? I havet er det om få mer plast enn fisk. Vi flyr som aldri før, og en weekendtur til New York er mulig for alle. Når rask nytelse forherliger det langsiktige målet er det lett å lukke øynene. Ski er kultur og en udiskutabel helligdom i Norge. Skal vi tro våre forskere og FN’s klimapanel, så er mangelen på snø menneskeskapt. Vil vi bry oss?» – Henta frå invitasjonen på Facebooksida.

Hatprat – Bernt Hagtvedt, Nancy Herz og Geir Inge Davidsen

Torsdag, kl. 19.30, Haugesund Folkebibliotek

Haugesund folkebibliotek inviterer stadig vekk til interessante samtalar. På torsdag skal professor Bernt Hagtvedt innleie med ein gjennomgong av folkemord og masseforfølging i det 20. århundret. Etterpå vil Hagtvedt delta i ein samtale med samfunnsdebattant Nancy Herz  og Geir Inge Davidsen frå PST. Tema vil vere hatprat i vår eiga samtid. Alexander Urrang Hauge vil leie samtalen.

Somarkveldstemning i eplehagen på fredag

Eg håpar på at eg får med meg minst to av kveldane, då det er særs spanande tema med flinke folk. Hiv deg med du også om du har tid! Ikkje la humla suse (denne gongen).

Oppdatering: Miljøkvelden vart diverre avlyst, men blir gjennomført på eit seinare tidspunkt.

Ha ein fin måndagskveld!

Andelsbruket er i gong

Eg har nemnt tidlegare at me har meldt oss inn i eit andelsbruk dette året. I helga var det første treff med informasjon og dugnadsarbeid. Det vart sådd til den store gullmedaljen og me fekk helst på mange kjekke folk som er med.

Andelsbruket ligg på ein gard i heimbygda mi Etne, og me er 20-30 mann som er med i år. Maten vert dyrka på økologisk vis. Då det er første året det er i gong, er det ekstra spanande. For vår del er me mest med for å lære om økologisk dyrking og for den sosiale beten. At me kan få hente eigne grønsaker der til hausten, er toppen av kransekaka!

Jorda haldt på å bli pløyd opp då me var der og ein tunnel er under oppbygging. Om eit par månadar er det mykje godt som veks her!

På garden fekk me servert bjørkesaft under jobbinga. Det er omtrent det beste eg har smakt på lenge. Om eg får lagd det heime sjølv, skal eg definitivt dele det her!

Ein nydeleg dag på ein nydeleg stad. Eg gler meg til fleire dugnadsdagar!

/Inga

Forsøk på å handle emballasjefritt: forsøk 1

På måndag starta det. Mitt nye forsøk på å produsere mindre avfall. Mannen var skeptisk og såg nok for seg at me kom til å leve på kålrot og springvatn, -evt. at matbudsjettet kom til å bli firedobla ved at me måtte byrje å handle alt i spesialbutikkar.

Eit kompromiss vart at me byrja i det små og tok ein vanleg vekeshandel i den faste butikken, men skulle velje emballasjefritt der det var mogleg.

Handlelista innehaldt heilt ordinære ting for ein småbarnsfamilie. Ost, mjølk, havregryn, frukt og grønt, pasta med meir.

Handelen gjekk dårlegare enn venta. Til tross for at dette var ein velassortert matbutikk, vart berre 10 av 42 artiklar emballasjefri.

Emballasjefri produkt: appelsiner, dadler, eple, sitron, mango, kålrot, ingefær, purre, søtpotet og kaffibønner.

Alternativ til emballasje og plastposar: små vaskenett til frukt og grønt, papirpose til kaffibønner og handlenett til alle varene. Alt tok eg med heimefrå.

Det var i hovudsak frukt og grønt som gjekk av med sigeren, men også her var det alt for lite å få i lausvekt. Kvifor må ein til dømes pakke inn ein blomkål i plast? Eller ein agurk? Det er ei gåte for meg.

Då ein heller ikkje kunne få kaffi i lausvekt, slik eg hadde trudd på førehand, vart redningen å stikke innom kaffibaren til Amundsen på veg heim. Der fekk eg kjøpe deilige kaffibønner i lausvekt, og fekk dei med meg i ein tom papirpose eg hadde med heimefrå. Eg skal innrømme det var først litt rart å spørje om eg kunne få kaffien i medbragt pose. Då den strålande jenta bak disken viste seg å vere nysjerrig på prosjektet, vart det i staden berre hyggeleg! Kaffien var også heilt nydeleg, så så langt har det emballasjefrie prosjektet til og med vore litt luksus!

Då eg er i Tyskland heile neste veke, tek prosjektet ein liten pause før eg prøver igjen veka etter. Då skal kvitteringa innehalde fleire emballasjefri produkt!

/Inga

Grøne julegåver under juletreet

lysbilde11 / 2 / 3 / 4 / 5 / 6 / 7 / 8 / 9 / 10 / 11

Har du lyst til å gi grøne julegåver under treet, kjem her fleire tips. Dette er julegåvene du bruker opp, som reparerer det du allereie har, eller som ein kan gjere gode kjøp på i bruktbutikkar!

For dykk som bur på Haugalandet har eg lagt inn tips til kor ein kan få tak i nokre av sakene.

  1. Messinglysestakar. Det er ingenting som er så fint som desse i førjulstida. Dei er eigentleg like stemningsfulle uansett kva årstid ein er i. Bruktbutikkane bugnar over med rimelege messinglysestakar om dagen, -så kvifor ikkje kjøpe nokre til nokon du er glad i?
  2. Donasjonskort frå Sabima. Gi naturen ei julegåve!
  3. Gåvekort på reparasjon av mobiltelefon, nettbrett, pc eller liknande. Dette er den perfekte gåva for slike som meg. Hadde det vore eit Norsk Slepphendtforbund, hadde eg vore heidersmedlem. Eg mister mobilen min ofte i golvet, og har knust skjermen mange gonger. Det er den mest keisame utgifta eg veit om. Å få gåvekort på ein slik reparasjon eller anna service på tekniske duppedittar, -er gull! EasyFiks tilbyr gåvekort for dei som vil gi ei nyttig gåve til jul.
  4. Stearinlys. Me er inne i mørketida og det å tenne lys blir like vanleg som å pusse tennene. Om du bur på Haugalandet, må eg anbefale Litledalen lys i Etne. Dei dypper eigne kunstferdige lys med både ein, tre, fire, åtte og tretten(!) armar. Lysa deira er noko av det vakraste eg veit om.
  5. Gåvekort på kino, teater, konsert eller ei anna oppleving. Tid i lag og opplevingar saman er noko dei fleste treng meir av. Hjå Edda kino og Festiviteten finn ein slike gåvekort.
  6. Bondens julekasse. Gi ein kasse med lokalprodusert mat frå Haugalandet!
  7. Juleroser. Julemagasinet med tekstar frå norske forfattarar, med Herborg Kråkevik i redaktørstolen. Stemningsfullt og rein sakthygge (om det er eit ord).
  8. Jerngryte. Er det ein ting eg bruker mykje, så er det jerngryta mi. Eg bakar brød i den, lagar pasta, supper og koker kraft. Den er nesten dagleg i bruk. Jerngryter kan ein fint gjere kupp på i brukthandlar.
  9. Te. Denne økologiske teen frå Anassa Organics får ein kjøpt på Ølen Møbel.
  10. Gåvekort på klipp eller andre behandlingar. Kvifor ikkje gå for gåvekort hjå ein grøn frisørsalong? Her på Haugalandet kan PUR Grønn anbefalast.
  11. Kaffi. Noko mange ikkje kan leve utan, inkludert meg sjølv. Ein pakke bønner eller malt Amundsen spesialkaffi, blir alle glade for!

Her finn du ei liste over fine bruktbutikkar på Haugalandet.

Ha ein fin kveld!

Lenkene er ikkje eit resultat av sponsa samarbeid. Berre frivillig heiing på lokale krefter. 😀