Ein grøn 1. søndag i advent

dsc_0666
Noko av fangsten.

Green Sunday vart så vellukka! Ein heil haug med gode naboar dukka opp og saman gjekk me ein søndagssøppelplukkingstur.

dsc_0653
Ølbryggeutstyr kan brukast til så mangt. -Som å varme og servere gløgg!

Me gjekk ein runde som mange brukar i kvardagen, til og frå jobb, skule og barnehage. Me plukka til saman over 10 posar med søppel. Det var langt over kva eg trudde me skulle samle. No ligg søpla i bossdunkane der den høyrer heime, og ikkje ute i naturen. I tillegg er det blitt mykje trivelegare å bruke beina eller sykkelen i gatene.

dsc_0665

Etterpå samla me oss og grilla pinnebrød på bålpanne og drakk gløgg. Med Turistforeningen si oppskrift på pinnebrød, vart det suksess. Eit lite tips er å tilsette noko ekstra i deigen. Eg laga ein deig med sjokoladebetar og ein med raspa ost. Det smakte gull etter ein søndagstur i klår novemberluft.

dsc_0647
Ein god nabo kom med eiga skjerefjøl med nyoppskåren spekepølse. Det smakte nydeleg!

Eg bur i eit vanvittig flott nabolag. Meir positive og kjekkare naboar skal ein leite lenge etter!  Tusen, tusen takk til alle som møtte opp. Dette vart ein særs stemningsfull og meiningsfull 1. søndag i advent.

fullsizerender
Eg og eldstemann i djup konsentrasjon, -dokumentert av nabo via Snapchat. 🙂

Green Sunday

dreamstime_xl_36751590

Eg let denne Black Fridayen segle forbi. I staden arrangerer eg Green Sunday i nabolaget på søndag. Me skal kombinere søndagstur med godt gamaldags miljøvern!

Sjølv om det er dei færraste som kastar søppel i naturen i 2016, er det likevel urovekkande mykje søppel langs vegane. Dette forureiner miljø, dyreliv, og gjer det lite triveleg for andre som ferdast i nabolaget. Me skal plukke søppel medan me går tur, og etter ein halv time-time, skal me samlast igjen for å steike pinnebrød på bål og drikke gløgg.

Eg håpar dette kan bli ein stemningsfull og meiningsfull 1. søndag i advent. No er eg berre spent på om det kjem folk. Viss ikkje kjem eg til å brenne inne med alvorlege mengder pinnebrøddeig. Hehe.

Ha ein fin fredag!

Smakfull mat for bærekraftig framtid

img_6418
Kule og inspirerande Margit Vea!

Som del av programmet til Økouka på Haugalandet, hadde kokebokforfattar, samfunnsdebattant, kurshaldar og skribent Margit Vea foredrag på Folkebiblioteket i kveld.

Eg tok turen med mi kusine og gode venninne Åsne, -og det vart ein toppen kveld!

Vea prata om mattrendar, bærekraftig mat og korleis me som forbrukarar kan ta val som ikkje berre er gode for vår eiga helse, -men også for dyra og kloden me lever på.

img_6419

Nokre av råda ho framheva var desse:

1. Lag mest mogleg mat frå grunnen av. 

2. Et heile råvarer. Vel bort lettprodukta. 

3. Et usprøyta mat. Vel økologisk når du kan. 

4. Et etter årstidene. Vel ferske råvarer og tradisjonskost. 

5. Et kortreist, lokalt og frå naturen sitt eige spiskammer. 

6. Et næringstett mat.

7. Et kjøt frå friske dyr, og et heile dyret. Dyrevelferda er viktig. 

8. Et meir av den nederste delen i næringspyramiden. 

9. Vel fisk frå bærekraftige bestandar – og etter sesong 

10. Ikkje kast mat. 

img_6420
Me fekk smake på Vea sin heimelaga kimchi, -som var supergod!

Margit Vea er ei imponerande dame som er utruleg inspirerande å lytte til. Eg fekk lyst til å gå heim og bake surdeigsbrød, koke kraft og starte med fermentering med ein gong! Eg trur eg må få med meg eit av kursa ho held om dette seinare i haust. -Bli med du også då!

/Inga

Opning av Matverket

Bilete lånt frå Haugesunds avis. / Foto: Alf Robert Sommerbakk
Bilete lånt frå Haugesunds avis. / Foto: Alf Robert Sommerbakk

I morgon opnar Matverket her i Haugesund. Det er ein nyetablert mathall som skal huse Bondens marknad, matkurs og kortreist restaurant med meir!

Målet er å skape ein stad kor lokalproduserte varer er meir tilgjengelege for folk flest og skape begeistring og kunnskap om lokal mat og matkultur.

10550008_1725246634356104_5511042671013284858_o
Lokale varer frå Haugalandet og andre stader i Rogaland / Bilete lånt frå Matverket.

Matmarknaden skal vere open ein laurdag i månaden og her kan ein gå og handle produkt frå lokale bønder og matprodusentar.

Du finn matverket i det gamle E-verket i Haugesund, mellom Strandgata og kaien. I morgon er det opningsdag og Matverket er ope frå 11-16.

Legg laurdagsturen din dit du også vel!

Pedalen sykkelverkstad

DSC_1111 2

Det er mange kvardagsheltar rundtom som kan forlenga levetida på det me har, men det er ikkje alle som veit om dei. Då må me spre det gode ord! Eg tenkte difor å dele nokre favorittar her i Haugesund!

Først ut er Pedalen sykkelverksted. Dette er ei fantastisk fin bedrift som kombinerer gjenbruk, butikk og sosialt entrepenørskap under eitt og same tak. Butikken ligg sentralt i Haugesund, rett nedanføre høgskulen. Her er eg støtt og stadig innom for å beundre dei fine syklane.

DSC_1101 2

Pedalen er dreven av Kirkens bymisjon og er eit tiltak for unge arbeidslause som har falt ut av skule og utdanning. Her tilbyr dei arbeidstrening og opplæring, med mål om at dei unge skal komme tilbake på skulebenken eller ut i ordinært arbeid.

DSC_1108 2
Hyggelege Monika Nerheim og Greg Sørby som leier Pedalen. Flinke folk!

Her kan ein få shina opp eigne syklar, donere brukte syklar til gjenbruk eller kjøpe brukte syklar som Pedalen har fiksa opp. I tillegg finn ein nye syklar som dei utruleg flotte Pilen-syklane og el-sykkelmerket North som kjem frå sjølvaste Karmøy! Kortreiste el-syklar. Betre kan det ikkje bli!

DSC_1105 2

DSC_1102 2 DSC_1100

DSC_1097 2
Eg har donert to gamle syklar til Pedalen. Der vert dei anten fiksa opp og selt vidare, eller brukt som delesyklar. Takk for alt Kynasten!

Pedalen sykkelverkstad finn ein ikkje berre i Haugesund, men også i mange andre byar rundtom i landet. Eit flott tiltak med skikkeleg Kinder egg-effekt! Denne staden anbefaler eg verkeleg å ta turen innom!