Kaffigrut som gjødning

Når eg går og legg meg om kvelden, ligg eg ofte og gler meg til kaffikoppen eg skal drikke morgonen etter. Kaffi er blitt heilt naudsynt, og aller helst skal den vere kolsvart og sterk. Av og til lurer eg på om den har tatt litt vel stor plass i livet mitt, men ein les jo stadig vekk at det er sunt, -så då støtter eg meg på det!

Av denne grunn produserer me ein heil del kaffigrut. Mesteparten går i matavfallet, men gjennom hagesesongen tek eg meg av og til ein impulsrunde i hagen og sprer litt rundt. Kaffigrut er fin-fin gjødning, då det er rikt på nitrogen, fosfor, mineral og kalium. -Ei skikkeleg kraftbombe for plantene! Likevel har eg til no brukt det litt på slump, men etter å ha sjekka litt på nettet, fann eg desse tommelfingerreglane.

  • Inneplanter bør berre ha kaffigrut som gjødning kvar sjette månad.
  • Uteplanter kan gjødslast med grut opp til fire gonger per år.

Om du vil at gruten skal vere lettare å spreie rundt, kan du først legge den til tørk utover ei gamal avis eller liknande. Så kan du anten strø eit tynt lag rundt planten, eller blande det inn i jorda når du til dømes skal potte om planter og blomar.

No skal eg gå litt meir systematisk til verks, og har byrja å samle opp kaffigruten etter kvar dag, og jobber meg bortover hekken. Den har klart seg bra i somar, men det kan vere fint med litt ekstra energi før hausten set inn.

Forsmak på vår

Våren banar seg sakte veg utanføre vindaugene våre etter ein lang vinter. Heldigvis starta me tidleg innandørs! Greinene eg samla i hagen i Etne, etter at mor mi beskjærte epletrea, blomstrar. I kjøkenvindauget veks sukkerertene som sonen min sådde for nokre veker sidan. Våren er eit lite eventyr kvart år!


Spring is slowly making its way outside our windows after a long winter. Luckily we started early indoors! The branches I gathered in the garden in Etne, after my mother trimmed the apple trees, are blossoming. In the kitchen window, the snap peas sown by my son a couple of weeks ago, are growing each day. Spring is a little adventure each year!


Ha ein fin dag! / Have a nice day!

/Inga

Heimelaga meisebollar

Å henge ut meisebollar og legge ut tørre brødskalkar har gjort noko med livet i hagen. Frå å sjå så og sei ingen fuglar, har me no besøk i hagen kvar dag. Det er veldig gøy! I byrjinga var det berre skjora som oppdaga meisebollane, men etter nokre dagar vart raudstrupe, kjøttmeis, svarttrost og gråtrost stamgjester på fuglebrettet også. Fleire fulgeartar vel no å overvintre i staden for  dra til sydlegare strok. Dette gjeld mellom anna raudstrupe og svarttrosten, -då vintrane i Noreg er mildare enn før. Då er det fint å hjelpe dei med litt ekstra mat gjennom vinteren.

 

Oppskrift meisebollar

500 g delfiafett / kokosfett

100 g grovhakka mandler

200 g havregryn

200 g grovmalt rugmjøl/kveitemjøl

100 g rosiner

100 g solsikkefrø

Smelt feittet og bland inn det tørre*. Rør godt til alt har blanda seg. Finn fram koppar og glas i passande størrelse (2 dl), klipp ein hyssingbit som du bretter i to. Legg enden i botn av glaset før du fyller det opp med blandinga. Sørg for at hyssingen ikkje flyt opp. Då vil meisebolla lett løsne når du heng den opp. Sett fylte glas og koppar i kjøleskapet til nedkjøling. Når det har stivna, kan du løsne meisebollane ved å sette koppane litt i varmt vatn. Det går fort om du set koppane til dømes i ei form eller ildfast fat og fyller i kokande vatn rundt dei. Heng meisebollane opp i trea rundt huset ditt eller smuldre dei opp på eit fuglebrett. Fuglane vert kjempeglade!

*I korte trekk treng du 500 g vegetabilsk feitt som kokosolje eller delfiafett, ca, 200-400 g mjøl/havregryn og 300-500 g frø og nøtter. Bruk det du har i kjøkenskapa. Ein kan også berre nytte mjøl, gryn og frø om ein ynskjer det. Om du nyttar nøtter, er det viktig at dei er usalta.

Her er fuglane me har telt så langt i hagen i år:
Kjøttmeis (Foto: Nature Gate)
Raudstrupe (Foto: Ottar’s fotoblogg)
Svarttrost (Foto: Rollag Daily Photo)
Gråtrost (Foto: Moseplassen)
Skjor (Foto: Wikimedia Commons)

Å ha fuglar i hagen er stor underhaldning og særs triveleg. Det er gøy når det er litt liv! Litt etter litt blir ein også klokare på fugleslaga. Eg har berre hatt kontroll på dei mest kjende til no, men eg byrjar å få augene opp for kor mange andre som også er rundt her. Det er også ekstra kjekt å bidra til trivselen til fugleartar, som dei seinaste åra har valt å bli heime grunna klimaendringane i Noreg.

Ha ein fin dag!

Inga

Ein somar med humlebed

Fleire har etterlyst korleis det gjekk med humlebedet eg laga i fjor haust. Korleis klarte det seg i somar? Kom det humler i det? Både ja og nei, og JA!

Humlebed med overlevande planter.

Eg grov som sagt opp eit bed og planta ulike stauder som humlene skulle like seinhaustes i fjor. Blomane eg gjekk for var ulike roser, hosta, storknebb, stormarikåpe, lavendel, allium og salvie. Resultatet av humleprosjektet? Ikkje heilt vellukka, då fleire av plantene rett og slett drukna!

«Erre her’re er party?» -sa brunsniglen.

Me har ein dårleg drenert plen, som gjer at plantene rett og slett står med beina i vatn. Nokre av plantene har tykt at det har vore heilt greit. Særskild storknebben og stormarikåpene har breia seg ut og er frodige og fine. Rosene ser også ut til å trivast. Til gjengjeld har mange andre planter takka for seg og me har også hatt besøk av den glupske brunsniglen.

Storknebben kom med fine lilla blomar på seinsomaren.

På den lyse sida har eg oppdaga fleire blomar som eg verkeleg vil ha meir av, som allium og salvie. Eg planta berre nokre få alliumlaukar i fjor, men dei lilla kulene som kom i vår vart det store høgdepunktet i hageåret! Eg må plante fleire laukar i haust.

Denne lavendelen var heldig og vart planta der det var best drenert i bedet. Det gjekk verre med slektningane lengre borte.

Det viktigaste er likevel at humla har vore meir å sjå i hagen vår enn tidlegare. Den har med jamne mellomrom vore på besøk og hygga seg i humlebedet. Alliumen, salvien, lavendelen og stormarikåpa har vore særskilt populære. Det er veldig stas og målet med prosjektet er slik sett nådd!

Ein avblomstra og vissen allium-blom kan framleis vere kul og vakker!
Bed med innlagt basseng

No ser bedet litt skrint ut etter at fleire daude planter har blitt fjerna eller har visna. Me må nok bygge det opp for å betre dreneringa om plantene skal trivast betre, eventuelt plante om i potter. Me må gruble litt på saka.

Kom gjerne med innspel om de har nokre tips. -Me må gjere ei god gjerning for humlene til neste år også!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Kjærleiksurt og andelslandbruk

Suppe-måndag!

Ny veke og ny vekeshandel. Ei oppdatering om den emballasjefrie handelen i forrige veke, kjem i morgon.

Sjølv om det er snøbyger og isande kald vind her i Haugesund, er det heldigvis nokre teikn på vår. Kjærleiksurten har byrja å vekse, og no har den blitt brukt i både salat og som topping på suppe dei siste dagane. Det er så godt!

Noko meir kjøkenhage blir det ikkje på oss i år her i Haugesund. Til gjengjeld har me meldt oss inn i eit andelslandbruk! Det gler eg meg noko voldsomt til å vere med på. Forhåpentlegvis kjem me til å lære mykje nytt og få hauste mykje godt til hausten. Er det nokon her som har erfaringar med andelsbruk? Eg kjem til å oppdatere dykk meir om dette etterkvart.

Ha ein strålande måndagskveld!