Green Sunday

dreamstime_xl_36751590

Eg let denne Black Fridayen segle forbi. I staden arrangerer eg Green Sunday i nabolaget på søndag. Me skal kombinere søndagstur med godt gamaldags miljøvern!

Sjølv om det er dei færraste som kastar søppel i naturen i 2016, er det likevel urovekkande mykje søppel langs vegane. Dette forureiner miljø, dyreliv, og gjer det lite triveleg for andre som ferdast i nabolaget. Me skal plukke søppel medan me går tur, og etter ein halv time-time, skal me samlast igjen for å steike pinnebrød på bål og drikke gløgg.

Eg håpar dette kan bli ein stemningsfull og meiningsfull 1. søndag i advent. No er eg berre spent på om det kjem folk. Viss ikkje kjem eg til å brenne inne med alvorlege mengder pinnebrøddeig. Hehe.

Ha ein fin fredag!

Medan me ventar på Godot..

img_20160927_202900

… eller ein blomstrande hage i Haugesund, er det stas å plukke med seg noko fint i hagen i Etne. Denne buketten har stått og lyst opp kjøkenbordet vårt sidan søndag. Det vart rett og slett ein bukett med alt som var fint i hagen akkurat no.

Å plukke blomar i hagen i Etne er som å ..tja, gå langs smågodthylla og forsyne seg av alt som er godt. Til slutt sit du igjen med langt meir enn du hadde tenkt og mykje godt og blanda. Einaste er at med blomane ender eg ikkje opp kjempekvalm (som eg har ein tendens til å gjere når eg set kål på smågodtposen). Det kan me like!

/Inga

Kjølige haustsøndagar ein varmar seg på

dsc_0229

Nokre søndagar vert akkurat slik ein ynskjer at søndagar skal vere i september. Varme i sola, kalde i skuggen, haustfargar utandørs og saktegåande timar fulle av gode stunder.

Denne fine søndagen innehaldt helgevaflar til frukost, tur til Olalia med rast i lyngen, middag hjå mormor med eplekake til dessert og hausting av eple, grønnkål og raudbetar i åkeren før me bila heim igjen til byen. -Så uendeleg godt det er å ha slike dagar å varme seg på, når vestlandsregnet kjem att.

dsc_0228 dsc_0238

Morgonane me hugsar

DSC_0332

Når regnet høljar ned utanføre kjøkenglaset og gradestokken stadig kryp nedover, er det fint å scrolle gjennom bilete frå somaren. Allereie er mangelen på badetemperaturar og varme gløymd. Det er snarare dei skikkeleg fine dagane som blir hugsa! -Som denne tidlege morgonen i eplehagen. Her laga me humlepark i år. Gras, kløver og andre blomar fekk vekse fritt i staden for at me slo graset som vanleg. Humlene kom og summa rundt under epletrea.

Likevel vart konklusjonen at det ikkje er behov for ein ekstra humlehage i det som allereie er ein humlehage. Mykje blomar, frukttre og åker gir allereie humlene det dei treng, og humlene er der uansett humlepark eller ei. I staden blir eplehagen tilgjengeleg for hengekøyer og slumring under trea igjen.

-Vinn-vinn for både menneske og humler!

/Inga

Gresskarsnacks

DSC_1373
Reinsa og tørka gresskarkjerner etter nokre dagar på kjøkenbenken.

Det vart ikkje berre eit gresskar i oktober. Me måtte ha fleire i hus, -både for kokkeleringa sin del og for Halloween! Eg som har vore ein Halloween-skeptikar i fleire år, tok meg sjølv i å syns at det var rett koseleg! Med ein bråte blide og sprudlande ungar utkledd som spøkelse, superheltar og prinsesser på døra og eit nabolag opplyst av gresskarlamper og andre dekorasjonar, vart det ein skikkeleg stemningsfull kveld. Ikkje dumt med ei lita feiring i ei elles lang og mørk årstid blotta for dei store hendingane. Halloween får hermed  tommel opp!

Eg har denne gongen laga supper og bakt pai på gresskarkjøtet. Suppa finn de her. -Men kva med gresskarkjernene? Eg tenkte først å tørke dei au naturel og bruke dei bakst og müsli. I siste liten droppa eg det og gjekk for snacksversjonen. Tørka i omnen og med mykje godt krydder, var det heilt himmelsk!

DSC_1375

Rista gresskarkjerner

  • ynskja mengde gresskarkjerner.*
  • 1-2 ss rapsolje
  • salt, pepar og anna krydder**

Skyll gresskarkjernene godt og reins dei for gresskarkjøt. La dei lufttørke nokre netter på eit steikebrett i romtemperatur.

Sett steikeomnen på 125 grader. Ha dei tørre gresskarkjernene i ein liten plastpose, tilsett rapsolje og ynskja krydder. Blås opp posen og rist den godt slik at gresskarkjernene blir jamnt dekka med olje og krydder.

Fordel gresskarkjernene utover eit steikebrett og steik i omnen i 1,5 time. Rør i blandinga kvart 15 minutt slik at kjernene vert jamnt steikte. Fylg med på  steiketida slik at kjernene ikkje brenner seg.

*porsjonen som er avbilda er frå eit stort gresskar.
** eg nytta salt, pepar, cayennepepar og spisskumin.

DSC_1377

Nyt dei saman med noko godt i glaset eller som topping i ein god salat. Denne porsjonen forsvann raskt, så lag gjerne mykje når du først er i gong!

Denne sesongen sådde me ikkje gresskar og eg angrar! Gresskar pleier alltid å bli vellukka, så no er det notert til våren. Gresskarfrø skal i jorda, -så kan me verkeleg gle oss til mengder gresskarsuppe og nye Halloween-feiringar!

/Inga