To gode grunnar til å kjøpe gresskar denne veka

DSC_1247

På laurdag måtte me stoppe på Coop på Knapphus då me hadde ei smokk-krise i bilen. Smokkar er som sokkar, -dei forsvinn av seg sjølve og kvar gong er det eit stort mysterium. Eg skjønar det ikkje. Uansett, då eg sprang inn på Coop haldt eg på å snuble i ei kasse med økologiske Hokkaido-gresskar. Dei var så fine og haustlege at eg raska med meg to på veg til kassa.

Med Halloween rett rundt hjørnet og haust utanføre kjøkenglaset, kan ein slå to floger i ein smekk. Utskjæring av Halloween-gresskar som me kan sette ut til helga, og mykje godt å lage suppe av! Fleire grunnar treng ein ikkje.

Gresskarsuppe er fantastisk godt, og i dag fekk dette bli den kjøtfrie mandagsmiddagen. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Lise Finckenhagen, men tilpassa den litt etter innhaldet i kjøleskapet.

DSC_1255

Ingredienser

  • Maten frå eit mellomstort gresskar (ca. 800 g gresskarkjøt)
  • 2 store gulrøter
  • 1 lauk
  • 3 kvitlauksfedd
  • 1 chili
  • 1 ss finhakka fersk ingefær
  • 1 l grønsaksbuljong
  • 1 boks kokosmjølk
  • limesaft
  • salt og pepar

Skjær gresskarkjøtet og gulrøtene i terningar. Finhakk lauk, kvitlauk, chili og ingefær.

Varm ein kjele med ein god slump rapsolje og surr lauken nokre minutt til den blir mjuk og lettare gjennomsiktig. Tilsett kvitlauk, chili og ingefær og la det surre i nokre minutt til.

Tilsett gresskarkjøt og gulrøter og la det surre med det andre i nokre minutt, før du tilset grønsaksbuljongen. Kok opp og la det småkoke i 30 minutt, til grønsakene er møre.

Mos suppa med stavmiksar til den er jamn og fin. Tilsett kokosmjølka og la det koke opp igjen, før du set kjelen til sides. Smak til med limesaft, salt og pepar før du serverer.

Server gjerne med nokre gode krutongar, ein rømmeklatt og litt koriander på toppen.

DSC_1261

Nyt smaken av haust!

/Inga

Og så kom hausten

DSC_1236

I går tok me første turen til bruket for den minste. Her var det blitt haust etter ein dårleg vekstsesong. -Men epla, blåbæra og grønkålen svikta ikkje!

Trass regn og vind, må hausten vere ein av dei finaste sesongane. Forventningane til vêret er uansett låge, så ein risikerer ikkje å bli skuffa. Det som likevel er sikkert, er at dei dei fantastiske fargane kjem ute, lufta er frisk og skarp og det er mange gode grunnar til å sitte inne med bok og te. Når ein i tillegg blir overraska med litt Indian summer i oktober, veg det opp for det keisame somarvêret.

Ha ein haustfrisk og nydeleg laurdag!

/Inga

DSC_1227

DSC_1216 DSC_1218DSC_1210 DSC_1201

Årets varmaste bruktfunn

Til jul i fjor fekk eg pengar til ny vinterjakke, men sidan eg har fått litt varige mên etter shoppestoppåret mitt i 2013, har det tatt nesten eit år å kjøpe julegåva.  Eg er rett og slett blitt litt kravstor. Gleda vart difor enorm då eg endeleg fekk kjøpt meg jakke i forrige veke, -og kunne krysse av heile tre punkt på lista eg skreiv i ly av shoppestopp-året!

Nemleg at eg framover skulle:

– handle oftare brukt.

– støtte opp under produsentar som produserer klede på etisk vis.

– støtte opp om norske designarar og produsentar.

DSC_1068
Motebloggarane må ha tolmodige fotografar! Det har ikkje eg. Dette var det einaste biletet eg fann kor jakka var med. 😀

Jakka er frå norske Fleischer Couture som vart starta av Thea Eline Sundhell og Maja Mejlænder Fleischer. Norsk entrepenørskap er topp og når det i tillegg er damer, er det enda meir gøy!

Damene er opptekne av etisk produksjon og materialbruk. Jakkene inneheld difor berre sertifisert, dyrevenleg dun som anten er resirkulert, eller som kjem frå daude fuglar som allereie er nytta i matproduksjon. Pelsen dei nyttar på enkelte jakkemodellar, er økologisk, som betyr at den kjem frå dyr som har døyd av naturlege årsakar. I tillegg fører dei jamnlege kontrollar av tilhøva ved fabrikkane, for å sikre gode arbeidsvilkår for arbeidarane. Med desse jakkene held ein seg difor varm med godt samvit.

Eg hadde fulgt med på Finn.no lenge, men ingen jakker i min størrelse dukka opp. Eg hadde difor tenkt å investere i ei ny, då rett jakke i rett størrelse brått vart lagt ut for sal her i Haugesund! Pent brukt og til halvparten av nypris. Det var ein skikkeleg høgdare og eit av årets beste bruktkjøp! No er eg klar for lange trilleturar i vintervêr, sandkassehenging og etterkvart tidlege morgonturar til jobben. Det blir fint!

/Inga aka. lukkeleg frostpinne

P.S. Ein kan hevde at at sidan eg kjøpte jakka brukt, gagna det ikkje produsenten direkte. Difor tykte eg det var viktig å spre det gode ord om merket, då eg tykkjer det er særs bra at dei held ein høg etisk standard, fokuserer på gode arbeidsvilkår og dyrevelferd. Slike gründerar fortener ekstra blest. 

Ei bittelita feiring av ei bittelita hausting

DSC_1085

Etter å ha frøse ned mesteparten av løpstikken, fekk siste rest bli med inn på kjøkenet og bli omgjort til ein pesto. Har ein hausta, så må ein jo feire! Størrelsen på avlinga, har heldigvis ingenting å sei.

Pesto er noko av det beste eg veit. Ruccolapesto, basilikumpesto, ramslaukpesto, -det er mange favorittar! Dei gjer seg på brødskiva, til ost, salat eller å ganske enkelt vende litt nykokt pasta i den. Enklare og betre blir det ikkje!

DSC_1094

Ingredienser

  • 0,5-1 kopp rapsolje eller olivenolje
  • nokre gode handfuller løpstikkeblad
  • 1 pose pinjekjerner

Rist pinjekjernene i ei tørr steikepanne til dei byrjar å «svette» litt og det luktar nøtteaktig. Ha pinjekjernene, løpstikkeblad og litt og litt olje i ein blender. Køyr blenderen til du har ynskja konsistens. Spe på olja etterkvart ut i frå kor mykje blad du har. Om du ynskjer litt ekstra sting i pestoen, kan du tilsette eit fedd kvitlauk.

Nyt!

/Inga

Å smake på somaren langt utpå vinteren

DSC_1052
Rufsete hagepotter klare for haust

Når frosten stod for døra, var det på tide å klippe ned krydderurtene som framleis stod ute. Dersom ein frys dei ned, kan ein smake på somaren langt utpå vinteren! Det er kort og godt stas å ha slikt i bakhand når ein skal lage suppe eller ein god risotto på ein kald dag.

Her i Haugesund har me hatt persille, basilikum, ananasmynte, graslauk og løpstikke i potter i hagen. Løpstikke er ikkje like kjent for alle, og går også under namnet «kjærleiksurt». Mormor sine grønsakssupper smaka alltid ekstra godt i barndomen, då ho alltid hadde litt løpstikke i suppa. Utanfor kjøkenveggen hennar veks ein stor løpstikkebusk som eg alltid må bort å lukte på når eg er heime. Den både luktar og smakar uforklarleg godt! Om du ikkje har prøvd løpstikke før, er det eit gulltips om du vil så noko ekstra fint til våren!

DSC_1063
Det er godt å ha ein dreng med seg.

/Inga