Den finaste adventspynten

dsc_0694

Den finaste adventspynten eg veit om, er vintergrøne greiner og laukar. Granbar luktar nydeleg og laukane si sakte blomstring er stemningsfull no før jul.

Eg klypte ned mange greiner med granbar i byrjinga av november, og har hatt eit lite lager liggande utandørs. Då held dei seg like fine, og eg har tatt inn litt etter litt til bukettar og anna. Likevel var det tomt då eg skulle binde ein julekrans i helga. Etter eit Instagram-tips frå ein kreativ nabo i Etne (hei Eline!), vart det ei spontan beskjering av buksbomhekken ute. Den er vintergrøn og veldig fin å binde ein lodden krans av. Det eg hadde igjen sette eg i ein vase inne. Visstnok kan buksbom lukte litt, men eg har ikkje merka noko enda. Den får stå inne enn så lenge.

Den sjuarma lysestaken ein skimtar på biletet, fann eg på Bruktbua i Etne i fjor. Den har fått små kvite lys, og er no blitt eit adventsteikn den også.

Grøne julegåver i år?

15310408_10153858407112315_1011794912_n

Mange nordmenn har dei siste åra fått ei geit til jul eller reint vatn. Ikkje nødvendigvis i bokstaveleg forstand (sjølv om det kan hende det er nokre av dei også!), men som ei veldedig gåve i deira namn. Etiske gåver har blitt eit veletablert konsept, -og fint er det!

I år håpar eg at grøne julegåver kan bli ein trend, og den vil eg gjerne bidra til. Eg har blitt kontakta av Innsamlingskontrollen og spurt om eg vil vere med i deira julekampanje. Dette inneber at eg skal velje ein organisasjon på deira liste, som eg kan oppfordre folk til å støtte. Vilkåret er at eg vel ein organisasjon som eg verkeleg kan tenkje meg å støtte sjølv, og som har saker som eg brenn for. Det vil eg veldig gjerne.

15310523_10153858308012315_551608146_n-png

Innsamlingkontrollen bidrar til at det vert enklare å få oversikt over seriøse organisasjonar og innsamlingsaksjonar. Organisasjonane søker sjølv om å stå på Innsamlingskontrollen si godkjent-liste. For å få stå på lista, forpliktar organisasjonane seg til å bruke minst 65% av innsamla midler på godkjende formål, og vere opne om alle økonomiske og administrative formål. Dei må også fylgje etiske retningslinjer for innsamling i Noreg. Dette gir tryggleik for den som ynskjer å gi stønad.

Så kva organisasjon landa eg på? Valet var enkelt då eg såg gjennom lista til Innsamlingskontrollen. -Men det fortener eit eige innlegg!

Følg med! 😀

Jula varer heilt til påske

Ok, julepynten er ikkje framleis til stades, -men det tok laaang tid før den vart rydda bort i år. Medan eg tidlegare har vore klar for å rydde bort jula 1. nyttårsdag, har eg dei seinaste åra rydda den bort med litt vemod. Då ein før i tida hadde juletrefestar langt ut i januar, har jula no forskjøve seg til førjulstida og desember. Eg slår eit slag for at me held på den litt lenger!

DSC_0329

Eg skreiv i desember om julekalenderen til eldstemann som innehaldt aktivitetar i førjulstida. Det var ganske enkelt genialt då det fekk oss til å gjere mykje rart som eg tippar ikkje hadde kome lenger enn til idèstadiet viss ikkje. -Mellom anna laga me eigenprodusert julepynt.

Ein skulle gjerne tru at det er litt begrensa kva ein toåring kan lage, men med nokre ferdigutklippa sirklar, litt lim og glitter, var det i boks. Det var artig å «dusse» glitter på sirklane og grise litt (glittergriseri kan bli ganske så fint!). Etterpå laga eg hol i dei med holemaskin og tredde litt hyssing gjennom. Voila! Ekte heimelaga julepynt av ein glad barnearbeidar.  Enklare og finare blir det ikkje.

DSC_0325

Ynskjer dykk ei flott påske, -med eller utan julepynt!

/Inga

Bærekraftig juletre

DSC_0313

Me har aldri hatt eit eige juletre før, då me ofte har vore bortreist i jula. Denne jula skulle me ikkje så langt og me kunne endeleg dra på med ekte julestemning i heimen!

Ein laurdag i desember bar det til skogs for å finne juletre hjå foreldra mine. Eg var heime med vesla, men dei utsendte fekk kjenne på julestemninga då det var komt eit melisdryss nedetter liane. Me har aldri hogd juletre i eigen skog før, men dette var så koseleg at dette må me gjenta til neste år også. Ein ny tradisjon er komen for å bli!

DSC_0311

Juletreet vart pynta av toåringen (med litt hjelp) og endte opp med eit samansurium av gamalt, nytt og barnehageprodusert. Då me ikkje hadde stjerne, vart Brannmann Sam surra fast i toppen av treet. Det var det finaste toåringen kunne finne. Resultatet vart litt kaotisk, men veldig veldig koseleg. Akkurat slik me likar å ha det.

-Og viktigast av alt; juletreet vart ganske så miljøvenleg! Kortreist, økologisk og hogd ned av etisk arbeidskraft (les: ein far på dugnad). Betre kan det ikkje bli.

IMG_5398
Ute på førjulstokt

Det er omdiskutert kva som er mest miljøvenleg av ekte juletre og plastjuletre. Det er fordeler og ulemper med begge deler. Likevel er dei ekte juletrea pittelitt meir miljøvenlege enn plast, ifylgje Framtiden i våre hender. Det kan du lese meir om her

/Inga