Finalist i Nescafè-konkurransen


Hurra! Oppskrifta på enkel bærkake vart jommen ein av ti finalistar i Matbloggsentralen sin kaffikakekonkurranse! Konkurransen er i samarbeid med Nescafè Dolce Gusto og deltakarane skulle bidra med oppskrifter på tradisjonelle, gode kaker som passar til kaffien. Mitt bidrag var bærkaka som eg blogga om for ei tid tilbake.

Det er finale neste onsdag i Kulinarisk Akademi sine lokaler i Mathallen i Oslo. Kvar deltakar skal troppe opp med kvar si kake så juryen (mellom anna Pascal Dupuy!) får smake. Stas!

/Inga

 

Raudbetbrownies

Me har byrja med ei ny greie. Dei to siste dagane av ein vekeshandel planlegg me ikkje noko middagsmeny. I staden er utfordringa å bruke opp det som er i kjøleskap og frys. Spesielt det som er i kjøleskapet og som er i kategorien frukt og grønt.

Noko av det mest keisame eg veit, er å kaste mat som er blitt dårleg. Det gir dårleg samvit herifrå til månen. Ved å tvinge seg sjølv til å lage mat av det som ligg igjen etter ei veke med kokkelering, får ein betre sirkulasjon i kjøleskapet og ein må tenkje litt kreativt. Det kan by på mange morosame matopplevingar. Tidlegare i veka låg nokre triste grønsaker igjen i kjøleskapet. Blomkål, persillerot, gulrot, squash, lauk og bønner blei til ei varmande haustsuppe og raudbetar vart til brownies. Sistnemnde var første gong eg prøvde ut og det vart ein suksess! Saman med sjokolade vart dei saftige i konsistensen og smaken var heilt topp. Browniesen vart tatt med på kollokvie på torsdag og falt veldig i smak. Oppskrifta fann eg her.

Ingredienser

  • 500 g raudbetar (3-4 medium størrelse)
  • 100 g usalta smør
  • 200 g mørk sjokolade (70% eller meir)
  • 0,5 ts vaniljepulver
  • 200 g sukker*
  • 3 egg
  • 100 g sikta mjøl
  • 25 g kakao

Sett omnen på 180 grader.

Kok opp vatn og ha i skrelte raudbetar i terningar. Kok dei møre. Hell av vatnet og ha i hakka sjokolade og smør. Mos alt med ein stavmiksar. Sjokoladen og smøret smeltar då raudbetane er varme.

Pisk egg og sukker kvitt. Vend inn raudbetblandinga. Sikt og bland inn mjøl, vaniljepulver og kakao.

Smør ei medium, avlang form med smør og vend litt mjøl i forma slik at det klistrer seg til smøret. Hell i røra og steik midt i omnen i 25 minutt. Sikt over litt melis eller lag sjokoladeganache til å ha på toppen.

Nyt!

* I den opprinnelege oppskrifta stod det 250 g sukker. Eg kuttar alltid litt i mengden sukker og browniesen vart meir enn søt nok med berre 200 g. Neste gong kutter eg gjerne enda meir, eller byter ut litt av sukkeret med anna søtning som agavesirup.

   

P.S. Eg er med i Matbloggsentralen si pastautfordring denne veka. Om du tykkjer at pastasausen min fortener ei stemme, gå inn her og gi eit klikk for den heimelage pastasausen.

Ynskjer alle ein fin laurdag!

/ Inga, som ser fram til rakfisklag i kveld!

Glasurgenerasjonen vol. 2

Eg er ikkje heilt dreven på kakepynting. I tillegg tykkjer eg ofte at muffins utan glasur er det beste. Mest sannsynleg er det for å legitimere eit langt større inntak av glasurlause muffins ved å innbille meg at dei er hakket sunnare… kremt.

Då eg skulle ha konditorar på besøk måtte eg difor innom Traktøren på førehand for å hamstre litt saker. Eg vart overvelda over kor mykje rart ein kan få tak i. Mellom anna glittergelè (!). Eg kom heim med nokre i ulike fargar og dei slo veldig an. Glitter gjer jo det meste enda meir festleg!

/Inga

Enkel bærkake

Dette er ei svinten kakeoppskrift som kan varierast på mange måtar og som er perfekt til ettermiddagskaffien. Den er enkel, men veldig god!

Ingredienser

  • 6 ss smør
  • 3,5 dl sikta kveitemjøl*
  • 1/2 ts salt
  • 1,5 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljepulver
  • 2 dl sukker**
  • 1 egg
  • 1 dl mjølk
  • 500 g frosne / reinsa ferske jordbær***

Sett omnen på 175 grader.

Del jordbæra i to.

Smør ei kakeform med smør og dryss over litt mjøl. Rist på kakeforma slik at alt mjølet dekker smøret og hell ut det som er til overs.

Sikt mjøl, bakepulver, vaniljepulver og salt i ei bakebolle og bland godt.

Bland temperert smør og sukker med handmiksar i ei anna bolle. Bruk høg hastighet. Bland til røra er lys og luftig (rundt tre minutt). Reduser hastigheten og bland inn egg og mjølk.

Sett handmiksaren på låg hastighet og bland inn det tørre. Hell kakerøra i forma og legg bæra på toppen med utsida opp.

Steik kaka i ti minutt. Reduser temperaturen til 160 grader og steik vidare i 40-50 minutt. Her må ein passe litt på og tilpasse etter eigen steikeomn. Kaka er ferdig når den er gyldenbrun og ein kan stikke ein tannpirkar i kaka utan at det fylgjer med deig. La kaka kjølne på rist før du drysser over melis.

* bruk gjerne fibramjøl for å gjere den litt sunnare.

** eg har bakt denne kaka med ulike søtningsmiddel. Vanleg farin, sukrin, kokosblomstmelis og agavesirup. Dei fleste søtningsmidla fungerer fint (agavesirupen bør ein blande med kokosblomstmelis eller sukker), men sukrin kan gjerne føre til litt «kald» smak på kaka.

*** her kan ein bruke alle typar bær, reinsa frukt eller sjokolade m.m.

/Inga

Ladurée

          

Trass i særs låg sjølvdisiplin (me snakkar fråverande) med omsyn til søtsaker, har eg klart å spare på denne vesle boksen eg fekk frå svigerinne og svoger som var på lynvisitt for litt sidan. Makronane frå Ladurèe har forsvunne litt etter litt men det er framleis nokre igjen. Salt karamell er per no favoritten. Sprø, søte og rett og slett litt matglam i kvardagen!

/Inga