5 grunnar til at det framleis er behov for 8. mars i Noreg

Gratulerer med dagen alle menn og kvinner! 8. mars er diverre framleis ein viktig dag, både i verda generelt, men også i Noreg. Er me eit av verdas mest likestilte land? Absolutt, men det er framleis ein veg å gå.

8. mars bør også markerast i Noreg, fordi:

1. den offentlege debatten er ikkje like fri for kvinner som for menn.

Undersøkingar viser at kvinner som deltek i samfunnsdebatten i større grad enn menn mottar hets som er seksualisert og retta mot person og utsjånad. Fleire kvinner enn menn oppfatter også denne hetsen som problematisk, og vel oftare å la vere å ytre seg grunna dette.

Den norsk-somaliske poeten Sumaya Jirde Ali trakk seg nyleg frå 8. mars-markeringa i Bergen, grunna massiv hets. At dette skjer er hårreisande og viser heilt konkret at ytringsfridomen i det offentlege rom ikkje er like fri for kvinner som for menn i Noreg.

2. kampen for fri abort framleis ikkje er over.

Aust-Agder Frp meiner at kvinner bør sjølv betale for abort. Dette er kort og godt kvinnefiendtleg og bakstreversk.

3. tradisjonelle kjønnsroller hindrar framleis kvinner i å kombinere familie og karriere på lik linje med menn.

Andelen kvinner som vel å jobbe deltid er langt større enn den for menn. Kvinner vel i større grad lågtløna yrke i den offentlege sektoren, noko som fører til at menn har i snitt ei årleg bruttoinntekt på 522 900 kr og kvinner 359 000 kr.  Me veit at det å få born bremsar løns- og karriereutvikling hjå kvinner, me veit at kvinner tek meir ansvar for born og heim, -sjølv hjå likestilte par og me veit at kvinner er 67% meir sjukemeldt enn menn. Tilfeldig? Neppe. Samla sett indikerer dette at dei tradisjonelle kjønnsrollene framleis speler ei rolle.

4. kjønnslemlesting av norske og kvinner og jenter er framleis eit aktuelt problem.

Dei siste ti åra har 53 personar blitt anmeldt for ulovleg omskjæring av jenter og kvinner i Noreg. Mørketala er sannsynlegvis større.

5. #Metoo

Røyrsla har fått fram mykje grums i mange bransjar i Noreg. Skodespelarar, politikarar, helsepersonell og folk i akademia har stått fram med ubehagelege eksempel på korleis seksuell trakassering framleis vert nytta som eit maktmiddel av fleire menn.

Til slutt er dagen ei like viktig solidaritetsmarkering for alle kvinner i verda som lever i samfunn som ikkje har komt like langt som vårt.

Eg ynskjer alle ein flott dag!

/Inga

Den internasjonale jentedagen

Tenk om alle jenter i verda kunne vekse opp utan dei store bekymringane slik som ho her.

Tenk om dei kunne få det same helsetilbodet som ho her.

Tenk om dei kunne vekse opp med dei same rettane og moglegheitene til å delta i yrkesliv og samfunnsliv som ho her.

Tenk om dei kunne vekse opp i ein familie der dei vert like verdsett som ein bror, som ho her.

– Og tenk om det einaste blåmerket dei har på kroppen, er frå ei sparkesykkelulykke, som hjå ho her.

Det tenkjer eg på i dag.

LagreLagre

LagreLagre

Den rosa timen

dsc_0992

Forrige helg var me på hyttetur på Seljestad og eg måtte ut og knipse nokre bilete om kvelden. Fjella var bada i eit rosa ljos!

Med omsyn til at kvinner over heile verda marsjerte same dag, passa dette særs godt. Lat oss håpe at dei neste åra ikkje blir heilt mørklagde politisk sett  og at det rosa ljoset får skinne.

dsc_0999

No skal me snart ut i regnet for å kjøpe laurdagsgodt. I kveld ventar feiring av ein utruleg flott tredveåring. Med andre ord, ein laurdag med perler på ei snor. Eg ynskjer dykk ein flott laurdag! 

Kvinner i sentrum

Kvinner i sentrum

Torsdag i neste veke er det eit spanande arrangement i Haugesund, som eg anbefaler alle jenter og damer å ta turen til! Haugesund kommune inviterer kvinner i Haugesund til bystyresalen kor tema er «Kvinner i sentrum». Tema er byutvikling og Haugesund si framtid som regionssenter.

Ideen kom etter at ordføraren hadde ei byvandring i sentrum før jul, kor det var kun menn blant næringslivleiarane- og aktørane. No ynskjer Haugesund kommune å høyre kvinnene sine idear, meiningar og tankar om korleis ein kan utvikle byen vidare.

Nokre av føredragshaldarane er partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng, Gerd Kristiansen frå LO, CEO i Deep Ocean Well Martha Kold Bakkevig, gründer og klesdesignar Kristine Vikse og sentrumsleiar Camilla Klovning. Til slutt vil det vere ein panelsamtale leia av May Britt Vihovde.

Eg spår ein særs interessant kveld og eg gler meg veldig. Meld deg på du også!

kvinner i sentrum 2