Mat i nauda

DSC_0001 7

Om eg skulle livnære meg av ein ting resten av livet, hadde nok valet falt på sjokoladeglaserte eple. Eller brødskiver med leverpostei. Leverpostei er grunnen til at eg ikkje kan bli vegetarianar. Men meir om det ein annan gong.

No skulle me snakke om dei sjokoladeglaserte epla. For det folkens, –det er verdt ei oppdaging.

Saftige, velsmakande eple dyppa i sjokolade. Det kan ikkje bli betre.

Sjokoladeglaserte eple er også ein ven i sukkernauden. Ein ender opp med å ete mykje eple og litt sjokolade.

Eg brukar helst Granny Smith-eple. Dei er syrlege, sprø og gode. Desse glaserer eg med sjokolade med 70% kakaoinnhald. Mørk sjokolade saman med syrlege eple. Oh helga natt. Det er godt!

Om du likar smakane meir balanserte og søtlege, kan du fint nytte søtare eplesortar (t.d. Pink Lady, Royal Gala, Golden Delicious) og lysare sjokolade. Godt blir det uansett!

Dette er (om ein legg godviljen til) ein oversized fruktversjon av cakepops.

DSC_0084 5

Framgongsmåte

– Smelt sjokoladen i vassbad. Sett sjokoladen til sides og la den kjølne litt. Det er enklast å glasere epla når sjokoladen ikkje er på sitt varmaste. Då vert den mindre rennanden og ein får eit tjukkare lag sjokolade på eplene.

– Sett eplene stødig på kjøkenbenken og stikk ein gaffel nedi, slik at dei framleis står stødig. Dekk ei lita kjøkenfjøl med matpapir, sett epla på brettet  og prøveset dei inn i kjøleskapet. Det er særs lurt å sjekke at det er stor nok plass både i høgda og breidda i kjøleskapet før ein glaserer epla. Ofte må ein til å ommøblere litt.

– Dypp eit og eit eple i sjokolade og beveg det med sirkulære bevegelsar i sjokoladen slik at heile eplet får eit fint lag. Lyft eplet litt opp og la det renne litt frå seg før du set eplet ned på kjøkenfjøla igjen. Gjenta med neste eple.

– Når du er ferdig med glaseringa, set du kjøkenfjøla med eplene inn i kjøleskapet til kjøling. Om du vil, kan du dekorere dei med kakestrø, hakka mandlar eller anna før sjokoladen stivner heilt. Det er lurt å gjere dette når dei har stått nokre minutt i kjøleskapet, slik at kakepynten ikkje renn av.

i) Det kan vere vanskeleg å ete sjokoladeglaserte eple på fint vis. Sjokoladeglasert munn høyrer med (og kven held på forfengeligheten når sjokolade er med i biletet?).

ii) Det er diverre vanskeleg å dele dei sjokoladeglaserte eplene i båtar etter at sjokoladen er stivna. Sjokoladen dett rett og slett av. Om ein vil ete eplene i mindre båtar, anbefaler eg heller å smelte sjokoladen og dyppe eplebåtane i den etterkvart som ein et. Det fungerar betre.

iii) Kva skal ein gjere med den smelta sjokoladen ein ikkje nyttar? -Hell i mjølk og kok opp kakao!

Ha ein strålande søndag!

/Inga

 DSC_0093 4

Kvardagsdessert frå Hamburg

DSC_0148 1

Å ete litt dessert i kvardagen er heilt lov spør du meg. Ein liten fruktsalat, litt youghurt, ein smoothie eller andre søte (men nyttige) avrundingar kan vere ein skikkeleg høydare etter ein middag!

Dette er ein rask kvardagsdessert som eg vart introdusert for i Tyskland. Den er god og mektig som berre det. Eg nyttar gjerne frosne bær då ein då får eit fint sø som blander seg ut i kesamen. Elles kan ein også nytte ferske bær og oppskjært frukt i lange banar.

Desserten vert best om du lagar den nokre timar i forkant og oppbevarer den i kjøleskapet til den skal etast.

Ingredienser

  • 2 boksar kesam
  • 1-2 koppar frosne bringebær
  • (honning/agavesirup/ hakka sjokolade m.m.)

Vend dei frosne bæra i kesamen og la det stå i kjøleskapet nokre timar. Då tiner bæra men desserten held seg samstundes kald. Nyt desserten slik som den er, eller toppa med litt honning, agavesirup, sjokolade eller anna godt.

Enkelt og heilt nydeleg!

/Inga 🙂

DSC_0157 1

Luresnop for å narre sukkerhungrige kroppar

DSC_0128 2   DSC_0129 3

Eg har hatt eit sukkersug av ei anna verd den siste tida. No snakkar me ikkje om det vanlege sukkersuget som lar seg stogge av ein kopp te eller eit eple. Nei, dei siste vekene har kroppen vore storkrevjande. Då eg i tillegg måtte innsjå at det næraste eg hadde vore ei intervalltrening dei siste vekene, var då eg spurta etter isbilen (jodå), fann eg ut at her hadde ein nådd eit kritisk punkt.

Eg har difor rota fram nokre gamle slagarar som er i kategorien «hakket sunnare snacks». Oppskriftene er ikkje nødvendigvis ultrasunne, men dei er i det minste hakket betre enn godteri, is og brus  med sukker og e-stoff i lange banar. I tillegg til sunnifiserte snopeoppskrifter som allereie ligg på bloggen, kjem eg til å legge ut nokre til. Som til dømes desse supre kjeksa.

Raske havrekjeks

DSC_0108 4

Denne oppskrifta kom eg over hjå kule Idafrosk som har tatt Instagram med storm. Fylgjer du ho ikkje allereie, bør du gjere det! Eg er enormt imponert over kor kreativ ein kan bli med mat.

Desse kjeksa inneheld berre to ingredienser. To!!! Har du ei godt moden banan og nokre handfuller lettkokte havregryn, har du basisoppskrifta.

Mos banana med ca. 1 dl havregryn. Eg måtte bruke litt meir enn 1 dl, då røra skal henge godt saman, men ikkje vere alt for fuktig.

Dersom ein ynskjer å tilsetje litt ekstra smak, er kokos, mandler, kanel, sjokolade, rosiner med meir gode forslag. Eg hakka to ruter med særs mørk sjokolade som eg hadde i deigen. Den bitre sjokoladen var særs god saman med den søte banansmaken.

Så kan ein velje mellom to steg:

a) Fordel deigen utover eit ark med bakepapir og legg eit bakebapir over. Kjevle deigen til den er tynn. Stikk ut kjeks med ulike former og legg på eit nytt brett med bakepapir. Her kan det vere lurt å setje deigen litt i kjøleskapet først, før ein skal kjevle den ut. For at banana ikkje skal bli brun, kan ein ha litt sitronsaft på. Etter litt tid i kjøleskapet er deigen fastare og lettare å handtere.

eller b) Fordel ei og ei ts med deig på eit steikebrett dekka med bakepapir. Klapp deigklumpane ned slik at dei vert flate og omtrent like tjukke. Det var denne framgongsmåten eg nytta på kjeksa ovanfor.

Steik i 15-20 minutt på 175 grader. Eg måtte steike litt lengre enn 15 minutt då deigen min vart litt for fuktig. Kjeksa vert mjuke i konsistensen og bør etast nysteikte.

PS! Denne oppskrifta er lita, så det kan vere lurt å doble den om ein er fleire.

DSC_0131 1

Sunnifisert snop som eg har skreve om tidlegare:

Har de nokre lure grep når ein skal stogge sukkersuget? Eg tek gjerne i mot råd!

/Inga

Rask mat

Når blodsukkeret er på botn og middagen ikkje er planlagd, er gode råd dyre. Då har eg ein slagar som aldri slår feil. Ferdige fiskekaker med tilbehør! Godt både for smakslaukane og kroppen. Her er to variantar som er blitt husfavorittar.

20130417-201413.jpgFiskeburgar (2 personar)

  • 2 grove fiskeburgarar*
  • 4 skiver grovt brød
  • salat
  • tomatsalsa

Varm to store fiskekaker i ei steikepanne. Medan dei vert oppvarma skjer du nokre skiver godt brød og lagar ein kjapp tomatsalsa.

Tomatsalsa:

  • 2  tomater
  • 1 raudlauk
  • 2 kvitlauksfedd
  • 1 ts finhakka chili
  • 1-2 tsk olivenolje
  • salt och peppar
  • (en nypa socker)
  • (1/2 ss lime)

Del tomatene i to og skrap ut frø og saft (dette kan du gjerne fryse ned og bruke i ein tomatsaus seinare). Grovhakk tomater, raudlauk og kvitalauksfedd. Bland alle ingrediensene og køyr dei i ein blendar eller med stavmiksar til du har ynskja konsistens. Om du har ferske krydder som basilikum eller koriander er det genialt å putte i blandinga. Det kan vere godt å ha i litt limesaft og eventuelt litt agavesirup/sukker for å runde av smaken.

Server med nokre salatblad og eventuelle andre grønsaker du måtte finne i kjøleskapet. Nyt!

20130417-201646.jpgFiskekaker med søt salat (2 personar)

  • 4 fiskekaker*
  • 1/2 mango
  • 2 handfuller diverse salat
  • 1 gul paprika
  • 1/2 squash
  • 0,5 dl rosiner
  • 0,5 dl valnøtter

Varm fiskekakene i ei steikepanne. Lag ein kjapp salat av grovhakka mango, paprika, squash og salat. Rist valnøttene i ei tørr steikepanne og dryss over saman med ei handfull rosiner. Hell over litt olivenolje og avslutt med salt og pepar. Server salat og fiskekaker saman med godt flatbrød eller knekkebrød.

NB! Når ein kjøper ferdige fiskekaker bør ein finsjekke innhaldet av fisk. Desse med 80% fisk frå Lofoten er blitt ein av favorittane mine.  Elles er det trygt og godt å henvende seg i ferskvarediskane i butikkane.

/Inga

Heimelaga knekkebrød

DSC_0546– Knekkebrød med camembert, pære og balsamicokrem, -det er godt det!-

Heimelaga knekkebrød er noko eg passar på å ha i kjøkenskapa. Det er enkelt å lage, rimeleg og ikkje minst heidundrande godt! Bruk til frukost, matpakka eller til dømes når du skal ha ost- og vinkveld! Desse knekkebrøda er eit hakket sunnare alternativ enn vanlege kjeks.

Med denne røra lagar ein tre-fire brett i slengen. Gang den gjerne med to slik at du verkeleg får bunkra opp. Desse knekkebrød forsvinn fort!

Ingredienser

  • 4 dl havregryn
  • 4 dl sammalt grovt rugmjøl / mandelmjøl*
  • 2 dl solsikkerkjerner
  • 1 dl linfrø
  • 1 dl sesamfrø
  • Litt salt ( ca. 1/2 ts.)
  • Litt honning ( ca 1 ss.)
  • 7 dl vatn

Bland alt det tørre og tilsett vatn. Rør godt. La røra svelle i ein halvtime.

Forvarm omnen til 150 grader.

Fordel røra på 3-4 ark med bakepapir. Mange brukar ein sleikepott til å fordele røra utover, men eg likar å legge eit bakepapir over, for så å kjevle røra utover. Då får ein jamne og tynne knekkebrød.

Steik to og to brett i omnen samstundes. Bruk varmluft. Etter ti minutt, tek du bretta ut og deler dei i passande rektangel med pizzahjul eller kniv. Eg veit mange stikk ut hjerter, stjerner og liknande med pepperkakeformer, -så det er óg ein idé! Sett bretta inn i omnen igjen og steik vidare i 30 minutt. Halvvegs passar du på å byte plassen til bretta.

Knekkebrøda eg steikte her ein dagen, trengte ikkje meir enn dei 40 minutta i omnen. Men. Om dei ikkje er heilt tørka, kan ein steike ti minutt til, eventuelt med open omnsdør.

*Eg brukar anten mandelmjøl eller rug, -alt etter kva eg har i kjøkenskapa.

DSC_0542

/Inga