Grønkålsalat med pære og rista valnøtter

DSC_0487

Denne salaten vart føremiddagsmaten i dag. Saman med pære, litt ost, balsamicodressing og rista valnøtter vart det ein god kombo. Eg tilsette quinoa for å få litt meir fiber i salaten og gjere den meir mettande. Saman med litt brød eller knekkebrød på sida, er dette supert vomfyll som gjer kroppen (ihvertfall min) glad.

DSC_0469


Ingredienser

  • 1 boks grønkål
  • 1 kopp quinoa
  • 1 kopp valnøtter
  • 2 pærer
  • 5 cm purre
  • ost
  • 3 ss olivenolje
  • 2 ss balsamicoeddik
  • 1 ts agavesirup*

Skylle quinoagryna i kaldt vatn. Kok opp gryna saman med 2 koppar vatn. La det småkoke i 20 minutt. Sett kjelen til sides, dekk toppen med eit kjøkenhandklede og legg eit lok på toppen. La det dampe i 10 minutt medan du tilbereder resten av maten.

Riv av blada på grønkålen og legg stilkane til sides. Grovhakk blada. Skjer pæra og osten i stavar. Grovhakk purren.

Varm ei steikepanne på høg varme og rist valnøttene i 2-3 minutt. Hell ut valnøttene og skru ned varmen slik at den ligg på mellom middels og låg varme. Ha i grønkålen og la den surre medan du rører rundt i 5 minutt. Sett steikepanna til sides og legg eit lok over. La kålen dampe seg litt i 5 minutt til.

Fordel grønsaker, quinoa og ost på ein tallerken. Bland saman olivenolje, balsamicoeddik og litt agavesirup. Hell dressingen over salaten og nyt!

DSC_0489   DSC_0483

* her kan ein godt bruke flytande honning også.

Eg har blitt litt hekta på grønkål. Den har litt meir «buskete» konsistens enn anna kål og salat, men det blir ein vand til. 🙂

/Inga

 

Restemat: mjuke vårrullar

DSC_0391Ein fin måte å nytte restemat på er, å lage mjuke vårrullar! Har du rispapir kan du i bunn og grunn pakke inn det meste. Del ingrediensene i strimler med ynskja lengde og fyll vårrullane før du ruller dei saman. Eg nytta i all houdsak rå grønsaker og sylta ingefær i denne versjonen, men her kan ein nytte det meste. Steikt kjøt, fisk, steikt egg, kokte nudler og diverse sausar er godt saman med mykje grønsaker og krydder.

Kok opp vatn og dypp rispapiret i vatnet slik at det blir mjukt. Legg det på eit fuktig kjøkenhandklede slik at det får dryppe av seg. Her må ein passe på at det ligg flatt og ikkje klistrar seg for mykje saman. Legg fyll i ei stripe i midten, brett endane og rull det saman til ein rull. Kremt, her gjer øving meister. Eg er fortsatt i øvingsfasen. 😀

Server saman med sursøt saus eller soyasaus. Nyt!

DSC_0388

Kalde hjarter for å feire varme hjarter

DSC_0460   DSC_0459

Fastelaven og morsdag på same dagen! På dagar som denne skulle eg så inderleg ynskje eg budde nærare foreldre og besteforeldre. Det er så mykje meir koseleg å feire saman.

Planen i dag var å bake berlinerbollar i staden for fastelavensbollar, men då det prosjektet hamna i grøfta (notat til meg sjølv: slike prosjekt går av ein eller annan grunn aldri etter planen første gongen), måtte eg ty til ein plan B.

DSC_0452

Eg dro innom den søndagsopne butikken for å handle mjøl i føremiddag. Heldigvis var køen såpass lang at eg surfa innom Instagram medan eg sto og venta. Der kom eg over Susanne Kaluza sine geniale youghurthjarter. Eg raska med meg ein boks skogsbæryoughurt for å prøve heime.

Youghurt med smak tykkjer eg ofte er alt for søtt til å brukast til frukost. Det passar langt betre som dessert. Difor er desse små ishjartene geniale som snop eller som minidessert. Samstundes som dei inneheld sukker, vil eg tru dei er hakket sunnare enn anna godis. Fyll små former med youghurt og sett dei i fryseboksen i ein time. Eg brukar desse formene.

Nyt youghurthjartene som dei er, eller smelt litt sjokolade og lag sjokoladetrekk. Enkelt, friskt og godt!

DSC_0444

Kjære mamma og alle andre fine mødre der ute; gratulerer med dagen! Ikkje bekymre dykk så mykje, -de gjer allereie ein storslagen jobb! Hugs det.

/Inga

Thaisuppe med sitrongras og kokosmjølk / Tom Yam Kung

DSC_0409

Seinhaustes og i førjulstida var det norsk tradisjonsmat eg var sugen på. Potetsuppe, kokt svineknoke, finnbiff og julemat i lange banar. Det skulle vere rykande varmt, salt og næringsrikt. No etter nyttår byrjar smakslaukane mine automatisk å lengte etter somar. Lime! Koriander! Ingefær! Tunge middagar blir byta ut med wok, supper og salatar. Det skal vere lett og ha mange spanande smakar.

Her er ei fin thaisuppe. Den inneheld mange gode smakar, er sterk og god. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Andreas Viestad si bok, Smak av krydder. Eg gjorde nokre endringar for å tilpasse kjøleskapsinnhald og det eg fann i vanleg daglegvarebutikk. Obs! Sitrongras, tørka kaffirlimeblad og fiskesaus finn ein i meir velassorterte butikkar som Meny og Ultra.

Ingredienser

  • 7 dl kokosmjølk
  • 12 tynne skiver ingefær
  • 2 stilkar sitrongras, lett knust
  • 3 ts tørka kaffirlimeblad
  • 2 sjalottlauk, finhakka
  • 2 dl grønsakskraft/grønsaksbuljong
  • 1 boks reker i lake
  • 1 chili, hakka
  • 2 vårlauk, hakka
  • 1 paprika, delt i stavar
  • 2-3 ss fiskesaus
  • 2 tomater, delt i 8 båtar kvar
  • 1 ts sukker
  • 3-4 ss ferskpressa limesaft
  • fersk koriander, grovhakka

Bland kokosmjølk, ingefær, sitrongras, limeblad og sjalottlauk i ei wokpanne. Kok opp og la koke i 3-5 minutt. Ha i grønsakskraft og la det koke opp igjen. Tilsett reker, paprika, chili, vårlauk, fiskesaus og sukker og kok i 2 minutt. Ha i tomater og kok opp ein siste gong før du fjerner suppa frå plata. Smak til med limesaft og server med koriander på toppen. Nyt!

DSC_0413   DSC_0292

/Inga

Grove vaflar

DSC_0233 1

Etter eg fekk vaffeljern til jul, er søndag blitt den store vaffeldagen. Vaflar er fabelaktig søndagskos. Om ein lagar ein grovare variant, passar dei også fint med anna pålegg.

Denne grove oppskrifta er veldig god. Eg fann den her og i fylgje ernæringsfysiolog Camilla Andersen, er denne oppskrifta såpass grov at vaflane også kvalifiserer som matpakkemat! Lag difor dobbel røre, så har du til morgondagen også. Nyt saman med brunost eller som her; med rømme og blåbær.

Ingredienser (6 plater)

  • 1 ½ dl kveitemjøl
  • 1 ½ dl sammalt kveite, fin
  • 1 dl havregryn
  • ½ ts salt
  • ½ ts bakepulver
  • 4 dl mjølk
  • 2 stk egg
  • 2 ss smør

Bland saman dei tørre ingrediensene, og tilsett avkjølt, smelta smør, mjølk og egg. Rør godt. La røra svelle i 15-20 minutt før du steiker vaflane.

/Inga