Mat for sjela

Det har vore mykje fin mat for sjela i det siste då me mellom anna har hatt ekstra god tid og vinterferie. Her er eit lite utval:

  • Appelsiner i lange banar. Dei er i sesong og smakar himmelsk. Skjer dei skiver, drypp over litt kesam, hakka mandler og gjerne litt honning. Akkurat no finst det ikkje betre.
  • Tusvik og Tønne Skammer seg. Eg var på showet i Haugesund og eg lever på det fortsatt. Det var utruleg artig og eg forlenga truleg livet mitt både ein og to gonger den kvelden. At Sigrid Bonde Tusvik hadde blitt matforgifta,  var det ingen som fekk med seg. Proff dame!
  • Skitur i Etnefjella i helga. Kaldt men utruleg fint. Tenk at eg vart litt solbrend til og med!
  • Kommentaren How Donald Trump Made a Norwegian Playwright The Most Important Man of the Moment på The Daily Beast. Henrik Ibsens En folkefiende skal lesast så snart som råd.
  • Å ta kaffistopp på vegen hjå vener ein ser alt for sjeldan når ein er på langtur. Me fekk servert laurdagsgraut på Ålgård på veg til Kristiansand, og kaffi i Stavanger på vegen heim. Kort men likevel godt. Bilturen kjennes enda meir meiningsfull når ein samler opp fine stunder med folk langs vegen!
  • Å gle seg til kvinnedagen. Ein viktig dag står for døra i morgon, og eg gler meg over at Haugesund byr på eit tverrpolitisk arrangement i sjølvaste Festiviteten. Eg gler meg!

Favorittmatstaden i Kristiansand

Ein av mine favorittmatstader er Bønder i byen i Kristiansand. Det ligg i Rådhusgata 16. Dette er ein fantastisk stad med nydeleg mat både til lunch og middag. Alt er så friskt, spanande og velsmakande. Ein går der i frå med tonnevis av inspirasjon til eiga matlaging. Om du er innom for lunch, er salatane eit varmt tips. Her må me som oftast innom ein tur når me er på besøk hjå bestemor og bestefar som bur i byen.

Her er eit lite biletregn frå mobilen!

   
    
 

Med i bagasjen frå 2016

dsc_0001

Eg har aldri trent så lite, sove så lite og lest så få bøker som i fjor. Men det gjer ingenting. Eg fekk jo nokre andre fine vaner! Desse skal eg jaggu ta med meg vidare i 2017. Kanskje du også får nokre tips?

Podcast-lytting

Når ein ikkje får seg til å sette seg ned med ei bok fordi det alltid er noko som skulle vere gjort, er podcast ei heilt fantastisk oppfinning. Å lytte til lange intervju utan mikkmakkeri med kjende forfattarar, bli utfordra og røska litt i av Sigrid og Lisa og å få ein analyse av dei viktigaste politiske hendingane av Trine Eilertsen & co, er blitt definisjonen på luksuriøs eigentid. Samstundes får ein tømt oppvaskmaskina, bretta klede og rydda opp etter dagen. Det er gull.

ac

Tusvik&Tønne, Bra damer, En underbar Podd, Aftenpodden og BokPod er dei eg lytter til akkurat no. Eg tek gjerne i mot tips!

Bullet journal

For oss listeavhengige, er denne måten å føre kalender/dagbok på heilt avhengighetsskapande. Eg byrja i fjor, og der eg vanlegvis sluttar på eit tidspunkt, har eg berre fortsatt. Hjå meg er dei meir ein kalender og hugsliste over ting eg må å gjere. Det blir få dagboknotater, men det er det fine med boka. Den blir til undervegs og er heilt tilpassa deg!

Grove vaflar til laurdagsfrukosten

Her i huset startar dagen 05:30 same om det er måndag eller laurdag. Likevel har me fått eit skikkeleg koseleg rituale på laurdagen. Då lagar me grove vaflar og et dei med lønnesirup. Eg lagar vaffelrøra på slump av 2 egg, 3 ss smelta smør, havregryn og diverse grovt mjøl som eg har i skapa, før eg sper på med mjølk til den har ei grei konsistens. Det er  enkelt, himmelsk godt og den beste starten på helga.

Håpar du fekk litt inspirasjon! Fekk du nokre nye vaner i 2016?

 

Mat for sjela

dsc_0715

Her har omgangssjuka gjort sitt inntog, så då passar det ekstra godt med litt mat for sjela. Del gjerne di også!

  • Julekransar. Ein kan ikkje ha for mange av dei. Denne er laga av greiner får hekken vår. Eit fint resirkuleringsprosjekt om du har vintergrøne planter.
  • Dette lesarinnlegget til Si;D i Aftenposten. Skam er ein fin serie på så mange vis.
  • Juleroser. Juleheftet med Herborg Kråkevik i redaktørstolen. Eit like stort høgdepunkt i år som i fjor.
  • Juleplata It’s Snowing on My Piano av Bugge Wesseltoft. Sånt som ein får låg puls av i vekene før jul.
  • Rista brødskiver med smør og honning.
  • Den fantastiske reaksjonen til denne britiske åtteåringen på kjønnsdelte barneklede i ein butikk.
  • Serien Oppfinneren på Nrk. Riv deg laus frå Netflix og sjå denne dokumentarserien også. Interessant og veldig artig!

Mat for sjela

13403373_10157091484915145_4492542028174593638_o
Amming og familiebursdag under epletrea. Slike dagar sit lenge i.

Det har vore mykje fin mat for sjela i det siste. Eg byrja å jobbe igjen for nokre veker sidan og det var veldig kjekt. Første dagen sette eg meg ned med ein pc, drakk ein kopp kaffi i ro og mak medan eg las ein fagartikkel og tenkte: TENK at eg får betalt for dette!! Meir skal ikkje til for å lage luksuskjensle for meg om dagen.

No er det avspasering og somarferie, -og sjølv om eg ikkje kjenner at eg heilt har gjort meg fortent til avspaseringa dette året, skal det likevel nytast då heile familien har ein sjeldant lang ferie saman. Første stopp er Valdres, og me kom hit i kveld. Klokka er halv elleve men det er framleis ljost ute og heilt stilt. Heilt nydeleg!

Her er litt meir mat for sjela frå dei siste vekene:

  • Bags and Bites. Mi kjære sørlandske svigerinne og min kjære italienske svoger har starta opp ein blogg som kombinerer reisestoff med mat. Dei er stadig vekk på farten og er over gjennomsnittet interesserte i mat. Når eg då til tider får wanderlust og det ikkje heilt passar inn i timeplanen mellom barnehagehenting og fiskepinnemiddag, døyver dei reisesaknet med nydelege bilete og skildringar ein får vatn i munnen av.
  • å fylle 30. Det var reint stas å gå inn i treveåringane sine rekker og då dagen vart feira under epletrea på Rygg, kunne det ikkje vore meir idyllisk å bli eldre. Tredveåra altså. Eg likar dei!
  • ein baby som blir så begeistra når eg kjem heim frå jobb, at ho auser ut våte kyss (les: prøver å ete meg opp) og held så hardt ho kan med dei små fingrane i kinna mine.
  • norske jordbær. Så ofte som mogleg.
  • Eats, Shoots & Leaves: The Zero Tolerance Approach to Punctuation av Lynne Truss. -Ei sakprosabok om korrekt teiknsetting i engelsk. Høyres det frykteleg keisamt ut? Tru igjen! Denne boka fekk meg til å le så eg grynta.

/Inga