Mat for sjela og vinnar av utlottinga

IMG_5306
Å ta med kveldsmaten til Eivindsvatnet ein heilt vanleg tysdagskveld, er ekte mat for sjela. 

Pinsa og 17. mai er kryssa av og eg er på tampen av permisjonslivet. Vekene flyg fort og snart er det jobb igjen! Permisjon er ei fantastisk oppfinning, men no gler eg meg til å overlevere stafettpinnen og komme tilbake på jobb. Det er ei tid for alt og pappaen sin permisjon er like viktig. Minst!

Her er litt Mat for sjela frå den siste veka:

  • det vesle kirsebærtreet i hagen vår har blomstra. Det.var.så.fint.
  • å kike innom på jobben og få somarfuglar i magen fordi ein gler seg slik til å komme tilbake.
  • varme vårdagar med ungar i shorts, skrubbsår på knea, sveitte panneluggar og grønske på kleda.
  • å tilbringe pinseafta frå morgon til kveld med femten fine frøkner der ei skulle bli fru. For ein gjeng og for ein dag!
  • denne lemonaden.

Eg har trukke ein vinnar av dykk som la igjen litt mat for sjela i kommentarfeltet her! Anne Marit var den heldige som får tilsendt drikkeflaske og kaffikopp. Hurra!!! Berre send meg adressa di på notisboka@gmail.com, så skal eg sende det i posten til deg. 🙂

Mat for sjela

IMG_0214
Tjena grabben!

Det er måndag og det høljer ned som om det skulle vere ein grå novemberdag. Då treng me litt mat for sjela!

I det siste har eg gledd meg over..

  • ei veke på Austlandet hjå familie med mykje tid til å kaffidrikking, prating og saktegåande tid.
  • avokadokrem. Så utruleg godt! Gjerne på eit stykke knekkebrød med rosèpepar på toppen. Eg har Tysklands-lengsel og då døyver vertsmora mi sin spesialitet saknet. Oppskrift kjem!
  • at hybrid-bil er i boks. Dieseldroget skal bytast ut med ein meir miljøvenleg variant til somaren. Me gler oss!
  • nye vårjoggesko, -eit ekte Finn-kupp!
  • å prøvesykle ein Riese& Müller-elsykkel. Herrejemini så artig det var! Det var litt som å køyre eit hangarskip i byrjinga, men etterkvart gløymde ein lengda på sykkelen og det var som å sykle på ein vanleg sykkel. Denne sykkelen står ikkje mindre høgt på ynskjelista no.
IMG_0215
Heiter denne skulpturen «småbarnsfasen»?
IMG_0216
Kloke ord på kjøleskapet til slekta.

Ha ein strålande dag!

Mat for sjela

DSC_0832

Det er på tide igjen med litt mat for sjela!

  • Hjartesmil sine bilete frå Paris. Dei gir meg akutt lyst til å reise til ein europeisk storby og gå rundt på måfå, -berre avbroten av små kaffikoppar med mjølkeskum på toppen og lange måltid.
  • Å lage store salatar til lunch medan ein drøymer om salaten på Bønder i byen i Kristiansand. Det var det kulinariske høgdepunktet i påska! Er du i Kristiansand, anbefalar eg på det sterkaste å ta turen innom der.
  • For oss som er avhengige av å skrive lister over alt, var denne dagbokmåten djupt fascinerande.
  • Dette Rushprint-intervjuet med Julie Andem. Regissøren og manusforfattaren i Skam gir eit innblikk i korleis dei tenkjer når dei lagar episodar som skal treffe sekstenåringane her og no. Utruleg interessant. Sjølv om eg tvilar på at eg er i målgruppa til serien, har den truffe (lærar)hjarta mitt veldig.
  • At Haugesund kommune har kjøpt inn el-syklar som kommunen sine tilsette kan bruke i arbeidstida. Kult!

Ha ein flott dag!

Psst! knekkebrødoppskrifta kjem så snart som råd. 🙂

Mat for sjela

DSC_0756

Påskeferien er over og det er offiselt vår! Det feirar eg med fem fine ting som er mat for sjela akkurat no.

  • å strekke påskestemninga pittelitt lenger med ei syster som er på besøk. Drikke kaffi med H-mjølk frå store koppar, lese aviser som har hopa seg opp i postkassa og ha gule tulipanar på bordet.
  • Nettsida IfItWereMyHome.com. Ei side med statistikk kor du kan sjå korleis det ville ha vore å vekse opp i til dømes Niger, samanlikna med Noreg. Visste du til dømes at du i snitt ville ha tjent 98,56% mindre pengar, brukt 99,8% mindre elektrisitet eller fått 3,8 fleire born? Veldig interessant (og urovekkande). På eine sida vert ein takksam for at ein lever på ein fredeleg plett. På andre sida vert det tydeleg kor skeivt ressursane er fordelt i verda.
  • Denne kronikken til psykolog og professor Arnstein Mykletun som er god å lese i desse dagar. Når det kjennes som at verda rasar saman, er det fint med folk som beroligar med bruk av statistikk og historiske fakta.
  • Knekkebrøda mine. Etter ei påske som minnar om juleferien i matvegen, var det godt å komme heim til verdas beste knekkebrød. Oppskrift kjem seinare i veka!
  • New York Times sine 36 Questions on the Way to Love. Me tok like godt og køyrte gjennom spørsmåla i bilen på veg heim i går. Det førte til morosame og interessante samtalar med to personar eg i utgangspunktet kjenner veldig godt. NB! Kan like gjerne brukast saman med vener som med kjærasten.

Ha ein flott dag!

Mat for sjela

Det har vore mykje fin mat for sjela i det siste. Her er nokre høgdepunkt!

DSC_1194

  • den friske haustlufta!
  • Bjørnar Moxnes si Facebook-oppdatering etter at MDG-Lan tok taxi heim frå Nrk.
  • blomar og bukettar som brått er kome i hus frå fine menneske dei siste vekene. Den ovanfor kjem frå favorittblomebutikken Søstrene Lye, som lagar dei finaste bukettane ein kan tenkje seg.
  • pepperkaker med blåmuggost. Sesongen har starta!

 

M

DSC_1199