20% på Änglamark

Desse flaskene vart kjøpt i januar (rett etter varetelling som de ser!) og er såleis særs drøye i bruk.

Eg må tips om ein veldig god avtale for alle som er interessert i økologisk mat og svanemerka produkt. Frå april 2017 fekk alle Coop-medlemmer 20% medlemsbonus på alt frå Änglamark hjå Coop Mega. Änglamark er den største «grøne» serien i Noreg med økologiske, allergivenlege og miljøvenlege produkt. Dei har eit rikt utval, -alt i frå mjølk til dekkbark til bed.

Eg er glad i mange av Änglamark sine produkt. Mellom anna barneprodukta deira som denne badesåpa og shampooen. Produkta er sertifiserte av astma- og allergiforbunda i Danmark og Sverige. I tillegg er dei svanemerka.

At hudpleieprodukt er skånsomme for miljøet frå dei vert produsert til dei kjem ut i avløpa våre, er minst like viktig som at dei er bra for huda vår!

No skal eg pakke til ein liten miniferie. Eg oppdaterer! Ha ein strålande kveld! 

LagreLagre

LagreLagre

Kolonihagen + Rema 1000 = sant

Rema 1000 har starta eit samarbeid med Kolonihagen, som er mest kjent for å levere matkassar med økologisk innhald. Det er litt uventa, men veldig flott at Kolonihagen vel å samarbeide med ein stor daglegvareaktør som Rema.

Eg har dei siste vekene smakt på nokre av produkta deira, og det er mykje lovande. Den økologiske iskremen deira, er den beste eg har smakt. Den kjem per no i fire smaksvariantar; vanilje, pistasj, jordbær og sjokolade. Sjokoladeisen har eit hint av kaffi og chili, og er allereie blitt ein stor favoritt her heime.

Kolonihagen byr også på ferdige brødblandingar. Eg laga eltefrie brød av brødblandingane. Eg fekk to brød per pose. Brøda vart bra, men som alle ferdige brødblandingar eg har prøvd, smakte brøda litt for salt. Det var litt nedtur, då eg hadde store forventningar! Det blir nok brødbaking med vanleg mjøl i staden for desse brødblandingane framover.

Trass i salte brød, gler eg meg til å smake på fleire Kolonihagen-produkt hjå Rema 1000. Per no får ein is, brødblandingar og appelsinjuice, -men fleire er på veg.

Har du smakt på nokre av produkta? Kva er di meining?

LagreLagre

Smarte teposar

På fredag kom eg over fleire nye og fine produkt på den lokale Rema 1000-butikken. Litt uventa, då Rema har fått mykje motbør for siling av produkt i det siste. Då er det flott å sjå fleire økologiske og (litt) grønare produkt i hyllene. -Mellom anna dei smarte teposane frå Clipper!

Vanlege teposar er litt tungvinte å kjeldesortere. Ein bør knipe av stiften med tråd og papirlapp, slik at metallet ikkje havnar i matavfallet. Teposane frå Clipper derimot, er nettopp berre ein tepose! Her kan du slenge heile i matavfallet når du har drukke teen. Det beste er sjølvsagt å bruke te i lausvekt, men dette er eit fint alternativ om ein berre vil ha ein kopp.

Då teen i tillegg er både økologisk, fairtrade og smakar nydeleg, er den eit supert kjøp. Den kjem både som svart te og grøn te, i ulike smaksvariantar.

Ha ein fin søndag!

Mail frå Synnøve Finden

For eit år sidan skreiv eg innlegget Skal det være litt gratis plastavfall?, etter å ha kjøpt den nye Kongsgård-osten til Synnøve Finden. Plastbrettet som kom med osten, framstod som heilt meiningslaust og enda rett i plastavfallet. I lys av kor mykje avfall norske hushaldningar produserer, mista eg lysten til å kjøpe osten igjen.

Eg sendte ein mail til Synnøve Finden om dette, og etter ei god stund fekk eg mail tilbake:

Takk for oversendte henvendelse og henvisning til ditt blogginnlegg om Kongsgård og vårt nyutviklede ostebrett. Vi beklager at det har tatt så lang tid å svare på din henvendelse.

Fordi vi lever av det som høstes fra naturen er vi bevisst vårt miljø- og samfunnsansvar. Vi etterstreber det å bruke kortreiste, norske råvarer og produsere våre produkter i Norge. Miljøhensynet tar vi med oss inn i alt fra organiseringen av produksjonen til vurderinger knyttet til emballeringen av produkter.

Hensynet til miljøet er også bakgrunnen for at vi lanserte Kongsgård med ostebrett.

Forskning viser at vi i gjennomsnitt kaster hver femte handlepose vi tar med oss hjem. Det tilsvarer hele 46,3 kilo per person i året (matvett.no). Som leverandører i dagligvarebransjen har vi et ansvar for å bidra til redusere omfanget matsvinnet. Mest å hente er det på å legge bedre til rette for mindre kasting av mat blant forbrukerne, som i dag er de som bidrar mest til det totale matsvinnet.

Ost er et produkt som er sårbart for håndtering av forbruker. Holdbarheten vil reduseres ved gjentatt berøring og dersom den settes på kjøkkenbenken eller bordplater. Med ostebrettet sikres en håndtering av osten som gir mindre berøring, og dermed sikrer holdbarheten til produktet på en bedre måte. Slik kan smart emballasje bidra til å redusere matsvinnet.

Vi registrerer at du er skeptisk til den ekstra emballasjen som følge av ostebrettet. Til det vil vi understreke at ostebrettet er tilpasset på en måte som gjør det kan anvendes på andre oster. I tillegg er materialet selvfølgelig av 100 prosent resirkulerbar plast.

Vi håper at vi med dette har bidratt til innsikt i vår totalvurdering bak av emballeringen av produktet.»

For min del gjorde ikkje dette meg noko klokare. Eg kan ikkje sjå for meg at eit Synnøve Finden-plastbrett har vore sårt sakna på norske kjøken for å halde osten fin. Av eiga erfaring vert den ofte oppeten før den er i nærleiken av å bli dårleg. I tillegg har me då eigna underlag til osten heime. Kva er vitsen då med å få eit nytt for kvar ost du kjøper?

Kva tenkjer de? Er Synnøve Finden sin argumentasjon overbevisande?

Forsøk på å handle emballasjefritt: forsøk 1

På måndag starta det. Mitt nye forsøk på å produsere mindre avfall. Mannen var skeptisk og såg nok for seg at me kom til å leve på kålrot og springvatn, -evt. at matbudsjettet kom til å bli firedobla ved at me måtte byrje å handle alt i spesialbutikkar.

Eit kompromiss vart at me byrja i det små og tok ein vanleg vekeshandel i den faste butikken, men skulle velje emballasjefritt der det var mogleg.

Handlelista innehaldt heilt ordinære ting for ein småbarnsfamilie. Ost, mjølk, havregryn, frukt og grønt, pasta med meir.

Handelen gjekk dårlegare enn venta. Til tross for at dette var ein velassortert matbutikk, vart berre 10 av 42 artiklar emballasjefri.

Emballasjefri produkt: appelsiner, dadler, eple, sitron, mango, kålrot, ingefær, purre, søtpotet og kaffibønner.

Alternativ til emballasje og plastposar: små vaskenett til frukt og grønt, papirpose til kaffibønner og handlenett til alle varene. Alt tok eg med heimefrå.

Det var i hovudsak frukt og grønt som gjekk av med sigeren, men også her var det alt for lite å få i lausvekt. Kvifor må ein til dømes pakke inn ein blomkål i plast? Eller ein agurk? Det er ei gåte for meg.

Då ein heller ikkje kunne få kaffi i lausvekt, slik eg hadde trudd på førehand, vart redningen å stikke innom kaffibaren til Amundsen på veg heim. Der fekk eg kjøpe deilige kaffibønner i lausvekt, og fekk dei med meg i ein tom papirpose eg hadde med heimefrå. Eg skal innrømme det var først litt rart å spørje om eg kunne få kaffien i medbragt pose. Då den strålande jenta bak disken viste seg å vere nysjerrig på prosjektet, vart det i staden berre hyggeleg! Kaffien var også heilt nydeleg, så så langt har det emballasjefrie prosjektet til og med vore litt luksus!

Då eg er i Tyskland heile neste veke, tek prosjektet ein liten pause før eg prøver igjen veka etter. Då skal kvitteringa innehalde fleire emballasjefri produkt!

/Inga