Gi noko brukt til jul

Finn.no har i desse dagar ein kampanje der dei oppfordrar folk til å gi meir brukt til jul. I ei brukarundersøking gjort av dei, seier 7 av 10 at dei vegrer seg for å gi  ei brukt gåve til jul. Det er synd, for brukt er jo ofte like bra som nytt og det er ikkje «mindre fint» å gi bort noko som er brukt.

Heia Finn.no som set fokus på dette! Gå gjerne inn og lik bileta deira på Facebook, for å spre bodskapen om du er enig.

 

Ha ein flott kveld! 

Følg Notisboka på Instagram og Facebook for å få nye innlegg rett i nyhendestraumen. 

Ei god nok jul

dsc_0679

Denne bloggen tok ein skikkeleg juleferie i år, -men no er den tilbake og klar for 2017! 2016 vart eit mørkt år på mange måtar og det er godt å starte på eit nytt.

Me feira julafta for fyrste gong heime, og det var veldig spanande og stas. Me kom ikkje i mål med alt. Huset var på ingen måte rundvaska, julebaksten vart i år ein porsjon steinharde biscotti og innkjøpt konfekt,-og eg gjekk i kyrkja på julafta med ein kjole som viste seg å ha gulpeflekker frå i fjor. Men. Me var enige om at det var heilt innafor og godt nok! Lutefisken på litlejulafta og pinnekjøtet på julafta vart vellukka, og store og små hadde det uendeleg koseleg i lag. Då gjer det ingenting om nokre hybelkaniner dansar vals under sofaen.

Ovanfor ser de nokre favorittar på kjøkenbenken akkurat no. Eit lite avokadotre som har grodd fram frå ein avokadostein og nokre av dei fine stettefata svigerfar min har dreid sjølv. Dei er så vakre, og står framme til ei kvar tid.

Håpar de også hadde ei «god nok-jul» og eg gler meg til å snakkast vidare i 2017!

Grøne julegåver under juletreet

lysbilde11 / 2 / 3 / 4 / 5 / 6 / 7 / 8 / 9 / 10 / 11

Har du lyst til å gi grøne julegåver under treet, kjem her fleire tips. Dette er julegåvene du bruker opp, som reparerer det du allereie har, eller som ein kan gjere gode kjøp på i bruktbutikkar!

For dykk som bur på Haugalandet har eg lagt inn tips til kor ein kan få tak i nokre av sakene.

  1. Messinglysestakar. Det er ingenting som er så fint som desse i førjulstida. Dei er eigentleg like stemningsfulle uansett kva årstid ein er i. Bruktbutikkane bugnar over med rimelege messinglysestakar om dagen, -så kvifor ikkje kjøpe nokre til nokon du er glad i?
  2. Donasjonskort frå Sabima. Gi naturen ei julegåve!
  3. Gåvekort på reparasjon av mobiltelefon, nettbrett, pc eller liknande. Dette er den perfekte gåva for slike som meg. Hadde det vore eit Norsk Slepphendtforbund, hadde eg vore heidersmedlem. Eg mister mobilen min ofte i golvet, og har knust skjermen mange gonger. Det er den mest keisame utgifta eg veit om. Å få gåvekort på ein slik reparasjon eller anna service på tekniske duppedittar, -er gull! EasyFiks tilbyr gåvekort for dei som vil gi ei nyttig gåve til jul.
  4. Stearinlys. Me er inne i mørketida og det å tenne lys blir like vanleg som å pusse tennene. Om du bur på Haugalandet, må eg anbefale Litledalen lys i Etne. Dei dypper eigne kunstferdige lys med både ein, tre, fire, åtte og tretten(!) armar. Lysa deira er noko av det vakraste eg veit om.
  5. Gåvekort på kino, teater, konsert eller ei anna oppleving. Tid i lag og opplevingar saman er noko dei fleste treng meir av. Hjå Edda kino og Festiviteten finn ein slike gåvekort.
  6. Bondens julekasse. Gi ein kasse med lokalprodusert mat frå Haugalandet!
  7. Juleroser. Julemagasinet med tekstar frå norske forfattarar, med Herborg Kråkevik i redaktørstolen. Stemningsfullt og rein sakthygge (om det er eit ord).
  8. Jerngryte. Er det ein ting eg bruker mykje, så er det jerngryta mi. Eg bakar brød i den, lagar pasta, supper og koker kraft. Den er nesten dagleg i bruk. Jerngryter kan ein fint gjere kupp på i brukthandlar.
  9. Te. Denne økologiske teen frå Anassa Organics får ein kjøpt på Ølen Møbel.
  10. Gåvekort på klipp eller andre behandlingar. Kvifor ikkje gå for gåvekort hjå ein grøn frisørsalong? Her på Haugalandet kan PUR Grønn anbefalast.
  11. Kaffi. Noko mange ikkje kan leve utan, inkludert meg sjølv. Ein pakke bønner eller malt Amundsen spesialkaffi, blir alle glade for!

Her finn du ei liste over fine bruktbutikkar på Haugalandet.

Ha ein fin kveld!

Lenkene er ikkje eit resultat av sponsa samarbeid. Berre frivillig heiing på lokale krefter. 😀

Bevar norsk natur- og dyreliv til jul

Visste du at myr er naturtypen på jorda som lagrar mest karbon? Visste du at gamalskogen i Noreg er bustad for truga artar som lavskrika, bredøren og huldrestry? Visste du at biene våre er ein viktig del av matsikkerheten?

lundgjokhumla-2

Alt dette er truga. Vegutbygging, hyttefelt og ikkje minst uthenting av torv som ein sel i hagesentera, er med på å fjerne norske myrar litt etter litt. Dette er dårleg nytt for klima.

Gamalskogen er truga grunna flatehogst. Dei siste 60 åra har me flatehogd tre fjerdedeler av norsk skog, om omvandla den til skogsplantasjar. Dette trugar det biologiske mangfaldet.

sabima

I dag er ein tredel av villbiene i landet utrydningstruga. Grunnen er forvitring av kulturlandskapet. Gjengroing og eit intensiviert landbruk, fører til mindre slått og beite i naturen. Dette reduserer matfatet til biene. Biene er avgjerande for pollineringa i naturen, og om dei er truga, vert  automatisk matsikkerheten vår truga.

mockup-1

Heldigvis er det ein organisasjon som kjempar for desse sakene.

Sabima er ein norsk paraplyorganisasjon som jobbar for å bevare naturmangfaldet i Noreg. Organisasjonen representerer alle biologiske foreningar i Noreg.

lavskrike-2

Det er lett å tenke på regnskogen når ein skal tenkje på naturvern og klima. Likevel er norsk natur like viktig å bevare! Karbonlagring i skog og myrar og eit biologisk mangfald av dyr, fuglar og planteartar er med på å gjere jorda robust og ikkje minst redusere klimatiske endringar. Både i verda og her lokalt.

Dette er uendeleg viktig for dei neste generasjonane. Og det er no me må gjere noko.

damfrosk-5

Du kan støtte Sabima sitt arbeid ved å donere eit eingongsbeløp eller eit beløp i månaden. I tillegg har dei mange fine produkt ein kan kjøpe i gåve til seg sjølv eller andre!

damfrosk-origamiill-enkelt-bilde
Saman med alle kort, kjem eit origamiark!

Kva med eit donasjonskort som støtter trygging av heimen til dei utrydningstruga artene? Eller eit handlenett med fine bier? I nettbutikken deira finn ein mange gode julegåver.

Dette er ikkje berre julegåver til folk du set pris på, men også ei julegåve som reddar naturen. Det er fint det!

hubro-2

multebutton_turkis

Sabima står på godkjentlista til Innsamlingskontrollen. Det kan de lese meir om her

Den finaste adventspynten

dsc_0694

Den finaste adventspynten eg veit om, er vintergrøne greiner og laukar. Granbar luktar nydeleg og laukane si sakte blomstring er stemningsfull no før jul.

Eg klypte ned mange greiner med granbar i byrjinga av november, og har hatt eit lite lager liggande utandørs. Då held dei seg like fine, og eg har tatt inn litt etter litt til bukettar og anna. Likevel var det tomt då eg skulle binde ein julekrans i helga. Etter eit Instagram-tips frå ein kreativ nabo i Etne (hei Eline!), vart det ei spontan beskjering av buksbomhekken ute. Den er vintergrøn og veldig fin å binde ein lodden krans av. Det eg hadde igjen sette eg i ein vase inne. Visstnok kan buksbom lukte litt, men eg har ikkje merka noko enda. Den får stå inne enn så lenge.

Den sjuarma lysestaken ein skimtar på biletet, fann eg på Bruktbua i Etne i fjor. Den har fått små kvite lys, og er no blitt eit adventsteikn den også.