Mat for sjela / Veke 3

Det var ikkje berre genser levert på døra som gav mat for sjela i veka som gjekk. Her er eit knippe andre fine og interessante ting.

Jan Christian Vestre på NHO sin årskonferanse 2018

Jan Christian Vestre var ein av dei som fekk best tilbakemeldingar på talen sin under NHO sin årskonferanse. Det kan eg skjøne godt! Sjå, lytt og lær litt om norsk industrihistorie, korleis ei bedrift frå Haugesund enda opp med å møblere Times Square og kvifor Noreg har særs gode kort på hand for å oppleve ein ny industriell gullalder.

Snø i Haugesund

Me har hatt den flottaste vinteren sidan me flytta til Haugesund. No har snø og blå himmel vore her i nesten ei veke, og det er så flott at eg nesten blir rørt!

Hoff sine vegetarburgarar

Hoff sine vegetarburgarar er gode kjappismiddagar når tida er liten eller nøden er stor. -Eit godt alternativ når du ikkje har tid til å lage dine eigne. Dei er fine å ha på lur i frysaren, og ein steiker dei berre i 15-20 min frå frosen tilstand i ovnen. Dei smakar litt tørrare enn burgarar av kjøt, men med litt saftig tilbehør, er ikkje det noko problem. Eit stort pluss er at ungane (stort sett) likar dei også!

Amalie som sydde ballkjole av Ikea-posar

Dette var den finaste saka i nettavisene denne helga. Heia Amalie!

Kronikken Her er 8 enkle grep for å løse plastproblemet i havet

Nina Jensen har fått ny jobb, og den første kronikken hennar som leiar av forskingsskipet Rev, er verd å lese!

 

Ha ein fin kveld!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagreLagreLagreLagreLagre

Mat for sjela / Veke 2

Her kjem årets første Mat for sjela-post. Ei liste over saker som har vore fine, interessante eller gjort meg beint fram glad i veka som gjekk. Del gjerne dine i kommentarfeltet under!

26240209_1954538267919524_4280653888227913262_o
Foto: Pictures of Heidelberg

1.Dette biletet av Heidelberg

Det dukka opp i Facebook-feeden min i veka, og gav meg eit intenst sakn etter Tyskland og denne fine byen! Nokre små skritt frå denne plassen budde me i ein liten leilighet eit år. Med utsikt til slottet oppe i åsen, rådhusklokka og det fantastiske bakeriet Gundel rett rundt hjørnet kor me kjøpte frukost titt og ofte. Eg gler meg noko voldsomt til neste gong me skal på besøk. I mellomtida skal biletet får tene som skjermsparar på macen.

2. Skomakar to the rescue

Eg har hatt eit par boots ståande som har vore øydelagde lenge. Hælane var heilt skrapt opp på sidene, dei var blitt utruleg stygge og det var vanskeleg å sjå korleis dei kunne bli fine igjen. Som eit siste forsøk tok eg dei med til skomakar i Haugesund, og dei vart så gode som nye igjen! Det var over all forventning. Eg burde hatt eit før- og etter-bilete, men det tenkte eg ikkje på.

Per no er det tre skomakarar i Haugesund. Skomakerinnå, E skomaker og Skomaker’n i Haugesund. Eg har berre prøvd dei to siste, og det var E skomaker som gjorde jobben på desse skoa. Utruleg flott arbeid og eg betalte tohundre-og-eitt-eller-anna for reparasjonen. Sjå gjerne dette innslaget på TV Haugaland om E skomaker. Det er flott med folk som vender tilbake til skomakaryrket!

3. Denne kommentaren på baksida av Grannar

Eg gler meg alltid til torsdagane, når den gamle lokalavisa mi Grannar har stykket «På tampen» bakerst i avisa. Der skriv ulike skribentar om ting som opptek dei. Denne gongen var teksten ein liten augeopnar. Det er lett å tenkje på 2017 som eit mørkt år med uroleg politikk og menn med for mykje makt som kranglar om kven som har størst «knapp». Inga-Cecilie Sørheim sin gjennomgong av året, viser at det var flust av viktige lyspunkt, -og dei fleste handla om jenter som krevde endring. Året 2017 var altså like mykje eit år som handlar om framgong! Ein god tekst som gir mykje framtidsoptimisme.

4. Chilimajones

Me køyrer restemiddag 1-2 gonger i veka, og då er det kjekt med tilbehør som gjer det heile litt meir spanande. Akkurat no har eg oppheng på chilimasjones! Du treng berre 4 ss majones og 1 ss chilisaus (t.d. Sriracha) og blander saman. Det gir ein smakfull piff til både kjøt, fisk og vegetarmat. I dag vart den brukt til fredagstacoen som substitutt for manglande salsasaus. Det var like godt!

Foto: Karl Nordlund Filmlance/ Nimbus Film

5. Broen

Den beste serien er tilbake. Den skremmer vettet av meg og er samstundes heilt avhengighetsskapande.

6. Naboar som engasjerer seg i syprosjektet 2018

I veka tikka det brått inn ei Facebook melding frå ein nabo som lurte på om eg ville ha nokre skinn han hadde hatt liggande i tjue år. Kanskje kunne eg bruke det til eit gjenbruksprosjekt? Det var utruleg stas og så raust! No gler eg meg til å bruke dei til noko fint.

 

Ha ein flott fredagskveld! Me skal sjå på Norske talenter og heier på Tuva!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Mat for sjela

Det er innmari lenge sidan eg har posta litt mat for sjela, så her kjem fem høgdepunkt frå veka som gjekk.

Minidokumentaren Divided Island: How Haiti and the DR became two worlds

Denne dokumentaren er produsert av Vox Borders, og er å finne på YouTube. Den prøver å gi ei forklaring på kvifor dei to nabolanda Haiti og den Dominikanske rebublikken (som deler den same øya) har fått to veldig ulike skjebner. Veldig spanande og interessant om korleis tidlegare kolonimakter sine val, framleis har stor påverknad på livet i dei to landa i dag.

Rosa sløyfe-løpet i Haugesund

Tenk at heile 1018 deltakarar stilte opp for å springe løypa på ein onsdagskveld i Vangen! Det var fantastisk god stemning og nydeleg haustvêr. Det var kjekt å springe løp igjen, og særleg når det er for ei så god sak. Eg håpar dette løpet er kome for å bli.

Jesus Christ Superstar av Haugesund teater

Akkurat her veit eg ikkje heilt kva eg skal skrive. Eg er nesten litt tom for ord. Det vart den største kulturopplevinga eg har hatt på lenge. Fantastiske skodespelarar med sterke vokalprestasjonar, spanande kulisser og ein regi utan dødpunkt, gjorde det til ein kveld eg seint vil gløyme. Gå før det vert tatt av programmet!

Morgenbladet i postkassa

Kvar gong eg takkar ja til eit trevekers prøveabonnement, slår det meg kor mykje eg saknar å lese det kvar fredag. Eg føler meg rett og slett litt meir intelligent kvar gong eg har lest avisa. Den er eit nydeleg avbrekk frå tabloide overskrifter og kjappis-lesinga mi på nettavisene.

Rosenkål

Rosenkålen byrjar endeleg å kike fram på Rygg. Dei er små, men skal få stå lengre i håp om at dei vert større. Små nydelege underverk som er fascinerande å sjå på, -og som smakar nydeleg dampa saman med litt språsteikt bacon.

Ha ein nydeleg kveld! Her er spysjuka i hus. Eg kryssar fingrar for at den ikkje vandrar vidare til resten av familien!

Inga 🙂

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Mat for sjela

Se min kjole, den er grønn som …Borgøy i juni?

Det er laurdag og det er lenge sidan forrige Mat for sjela-post. Her er ein bukett med det som gjer meg ekstra glad akkurat no!

  • Veep. Det er ny sesong på HBO og eg kosar meg like mykje. Washington D.C., amerikansk politikk og Selena Meyer sin drøye humor, gir deg akkurat det rette avbrekket frå den politiske røynda, -som ikkje er like enkel å le av.
  • Ny kjole. Ein ny-ny kjole (butikkjøpt!) som eg har sikla på i over eit halvt år. På toppen av det heile er den grønn! Eg trur eg må lage ein eigen bloggpost på den, for den gir meg ekte materialistisk glede. Sånn post-shoppestopp-glede.
  • Å vere ferdige med to intense månadar fylt med jobbing seint og tidleg. Å kjenne først på tomheten, men så roen som senker seg. Det er fint.
  • Borgøy. Eg har aldri vore der før, men besøkte øya i går kveld på blåtur med jobben. Deilig mat, gode kollegaer, gamle sveitserhus, minibibliotek på brygga, smale grusstiar og grønt så langt auget kunne sjå. Eg skulle gjerne ha gått meg ein runde for å kike meir, men det må bli neste gong.
  • Markblomar. Eg plukkar med meg ein neve smørblomar, hundekjeks og kløver langs vegen, så ofte eg kan. Finare bukett skal ein leite lenge etter!
  • Bloggen Bragelius.  Eg går med fleire syom-prosjekt i hovudet, og denne bloggen er kjempe interessant og inspirerande!
  • Hakkebakkeskogen-soundtracket. Den nye filmatiseringa av Habbebakkeskogen er ein kjempe-hit i heimen. Musikken som er framført av Katzenjammer, er bakgrunn for dei daglege dansefestane på kjøkengolvet. Like fengane for eittåringen som 31-åringen!

 

Kva er mat for sjela for deg akkurat no? 🙂

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Mat for sjela

Det har vore mykje fin mat for sjela i det siste då me mellom anna har hatt ekstra god tid og vinterferie. Her er eit lite utval:

  • Appelsiner i lange banar. Dei er i sesong og smakar himmelsk. Skjer dei skiver, drypp over litt kesam, hakka mandler og gjerne litt honning. Akkurat no finst det ikkje betre.
  • Tusvik og Tønne Skammer seg. Eg var på showet i Haugesund og eg lever på det fortsatt. Det var utruleg artig og eg forlenga truleg livet mitt både ein og to gonger den kvelden. At Sigrid Bonde Tusvik hadde blitt matforgifta,  var det ingen som fekk med seg. Proff dame!
  • Skitur i Etnefjella i helga. Kaldt men utruleg fint. Tenk at eg vart litt solbrend til og med!
  • Kommentaren How Donald Trump Made a Norwegian Playwright The Most Important Man of the Moment på The Daily Beast. Henrik Ibsens En folkefiende skal lesast så snart som råd.
  • Å ta kaffistopp på vegen hjå vener ein ser alt for sjeldan når ein er på langtur. Me fekk servert laurdagsgraut på Ålgård på veg til Kristiansand, og kaffi i Stavanger på vegen heim. Kort men likevel godt. Bilturen kjennes enda meir meiningsfull når ein samler opp fine stunder med folk langs vegen!
  • Å gle seg til kvinnedagen. Ein viktig dag står for døra i morgon, og eg gler meg over at Haugesund byr på eit tverrpolitisk arrangement i sjølvaste Festiviteten. Eg gler meg!