Klimarapporten – kva kan me gjere?

FN kom med ein dyster klimarapport i natt, som viser at me må gjere drastiske tiltak dei neste 12 åra for å bremse den globale oppvarminga. Konsekvensane om me ikkje gjer det, er fatale både for natur og menneske.

Det er lett å bli apatisk når ein slik rapport kjem, men det kan me ikkje bli. Her må det gjerast noko. I første rekke er det no opp til politikarane å gjere viktige tiltak. Det er dei som sit med makta og midlane til å gjere store endringar. Næringslivet er også særs viktig, men dei treng tilrettelegging av politikarane for å kunne komme opp med løysingar raskt nok. For oss enkeltmenneske må det blir enklare å ta miljøvenlege val. I ein travel kvardag der me skal vie store deler av tida vår på jobb og kor mange er råka av tidsklemma, er det utfordrande å heile tida ta dei rette vala. Reduserte prisar på frukt og grønt, kollektivtransport, reparasjonstenester og auka avgifter på kasting av matavfall, drivstoff og flyreiser, kan vere nokre grep å ta.

Eg håpar inderleg at politikarane har mot og vilje til å ta dei rette og store beslutningane. Å sjå oppslag om «redusert sukkeravgift» som ein av dei viktigaste lekkasjane frå statsbudsjettet i dagmorges, er heilt merkeleg på ein dag som denne. Eg håpar neste års statsbudsjett vert langt grønare og modigare.

I 2015 publiserte Forskning.no lista under, med punkt over kva du kunne gjere for å redusere ditt eige CO2-fotavtrykk. Då var det snakk om ein kjøttfri dag, ei flyreise, ein bilfri dag etc. Etter den nye rapporten, bør me nok prøve å auke antalet så mykje me kan.

  1. Erstatte kjøt med kjøtfrie alternativ så ofte som mogleg
  2. Redusere innetemperaturen
  3. Fly så sjeldan som mogleg
  4. Redusere bruk av bil med fossilt drivstoff så mykje du kan
  5. Redusere matavfall
  6. Redusere stand by-forbruk
  7. Dusje meir effektivt

Om du ynskjer å måle kor mykje du klarer å redusere CO2-avtrykket ditt med, kan du bruke appen Ducky. Der får du god oversikt over eige forbruk og den er særs motiverande. Les berre om korleis desse elevane reduserte forbruket sitt med heile 150 000 kg CO2 på kort tid!

Om du også tenkjer «kvifor eg»? «Kva med alle menneske i resten av verda?» «Kva med Kina som forureiner så mykje?» Det er sant, men dersom me ser på klimautslepp per innbyggar, ligg me nordmenn langt over gjennomsnittet i verda når det kjem til personlege utslepp. Det betyr at me bør vere dei første til å feie for eiga dør, -og det er jo eigentleg fint! Då kan me faktisk vere med å gjere ei endring og ikkje berre site hjelpelause og vente på at andre skal gjere jobben.

Kva tenkjer du om klimarapporten? Vert du skremt og apatisk, eller blir du berre meir motivert til å gjere endringar? Eg håpar på det siste! 

#klodenvår

Førstkomande onsdag arrangerer Aftenposten klimakonferansen #klodenvår. Det er på Folketeateret kl. 18.00 – 21.30. Det er framleis billettar igjen, så om du bur i Oslo-området, bør du vurdere det! Det er spekka med spanande foredrag og debattar. Hovudtemaet i år er mat, og nokre av spørsmåla som blir stilt, er:

  • Må me ete mindre kjøtt?
  • Kva er poenget med økologisk mat – redninga eller tull og tøys?
  • Korleis lage burger av gras?
  • Korleis klarer insekta jobben med å gi oss mat i klimaendringane si tid?

Haugesund ligg litt for langt unna til at ein kan få det med seg utan at det går utover arbeidsdagen. Det er no ein skulle ha budd i Lier igjen. -Uansett, gå om du kan!

Billettar til #klodenvår finn de her.

Spontan strandrydding på Hamresanden

Me gjekk tur på Hamresanden i går. Der var store delar av stranda dekka av søppel og anna som hadde rekt i land under uvêret forrige veke. Me tok ei lita spontan strandrydding og sjølv om me ikkje hadde tid til meir enn nokre tjue meter av strandlinja, vart både ein og to posar raskt fyllt opp. Litt er betre enn ingenting!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Miljøkveld og hatprat

img_0444
Eit lønnetre fullt med summande humler i helga. Ikkje la humla suse denne veka, -ta heller turen til Gamle slaktehuset eller Haugesund folkebibliotek!


Er du på Haugalandet denne veka, har eg to fine tips til deg:

Miljøkveld på Gamle slaktehuset

Onsdag kl 19.00, Gamle slaktehuset

Onsdag inviterer Tysvær, Karmøy og Haugesund kommune til miljøkveld med inspirasjon. Me får høyre om kvifor me må bry oss om miljøet, og tips om korleis me kan leve litt meir miljøvenleg. Føredragshaldar for kvelden er Mona Nilsen. Ho har jobba med miljø- og klimakommunikasjon i over 20 år. I tillegg er målet at kvelden skal vere ein møtestad for andre miljøinteresserte.

«Står miljøproblematikk i veien for oss mennesker i søken etter det gode liv? I havet er det om få mer plast enn fisk. Vi flyr som aldri før, og en weekendtur til New York er mulig for alle. Når rask nytelse forherliger det langsiktige målet er det lett å lukke øynene. Ski er kultur og en udiskutabel helligdom i Norge. Skal vi tro våre forskere og FN’s klimapanel, så er mangelen på snø menneskeskapt. Vil vi bry oss?» – Henta frå invitasjonen på Facebooksida.

Hatprat – Bernt Hagtvedt, Nancy Herz og Geir Inge Davidsen

Torsdag, kl. 19.30, Haugesund Folkebibliotek

Haugesund folkebibliotek inviterer stadig vekk til interessante samtalar. På torsdag skal professor Bernt Hagtvedt innleie med ein gjennomgong av folkemord og masseforfølging i det 20. århundret. Etterpå vil Hagtvedt delta i ein samtale med samfunnsdebattant Nancy Herz  og Geir Inge Davidsen frå PST. Tema vil vere hatprat i vår eiga samtid. Alexander Urrang Hauge vil leie samtalen.

Somarkveldstemning i eplehagen på fredag

Eg håpar på at eg får med meg minst to av kveldane, då det er særs spanande tema med flinke folk. Hiv deg med du også om du har tid! Ikkje la humla suse (denne gongen).

Oppdatering: Miljøkvelden vart diverre avlyst, men blir gjennomført på eit seinare tidspunkt.

Ha ein fin måndagskveld!

Cut the Crap

Utklipp frå Aftenposten.no. Klikk på bilete for å komme til artikkelen.

Det er på tide å redusere antal turar til søppeldunken. 

Eg vart skikkeleg inspirert av Aftenposten si sak om Kristine Ulleland og ZeroWaste-røyrsla i helga. Eg har fulgt ZeroWaste-røyrsla med stor interesse dei seinaste åra, då det er fascinerande kor lite avfall desse menneska klarar å produsere. Samstundes har ZeroWaste blitt kritisert for å vere eit sidespor, då resirkulering og forbrenning av avfall ikkje er den største miljøfienden. Ein reduserer eige miljøavtrykk i mykje større grad om ein til dømes kutter ned på flyreiser, bilkøyring og kjøtkonsum.

Likevel er eg, -som mange andre, bekymra over kor mykje avfall ein familie produserer i løpet av ei veke. Det er enormt mykje når eg ser på antal søppelposar me ber ut døra. Då me dei siste månadane også har gjentatt gonger blitt påminna om all plasten som hamnar i naturen, kjennes det heilt feil å fortsette å produsere så mykje avfall som me gjer. At avfallsbrenninga ikkje fører til så store klimautslepp som ein trur, er eit fattig argument når ein les om kval som døyr etter å ha fått i seg 30 plastposar, og mikropartiklar i toalettsakene våre som blir skylt ut i naturen.

Forskar ved NTNU, Kjartan Steen-Olsen uttalar i Aftenposten-artikkelen: «– Fokus på kildesortering og reduksjon av emballasje vil i seg selv ikke gi veldig store bidrag til klimagassreduksjon, sammenlignet med en del andre tiltak. Men i den grad det er snakk om å redusere materielt forbruk totalt sett, så er det i høyeste grad viktig». Altså vil ein reduksjon av avfall føre noko med seg likevel.

Eg er motivert for å kutte ned på avfallet, og første punkt på programmet er å kutte ned på produkt med emballasje når me tek vekeshandelen. Eg er spent. Mannen er skeptisk. Er du med?