Miljømote

lysbilde1

1.Jakke frå Komodo / 2. Ullgenser frå Komodo / 3. Veske i ku- og lakseskinn frå Eben.  / 4. Jeans frå MUD Jeans / 5. Boots frå Amorina&Mia / 6. Handlaga armband frå People Tree.

Om eg kunne ha valt heilt kva eg skulle hatt på meg i dag, skulle det blitt dette! Alt kjem frå merker og nettbutikkar med eit særskilt fokus på miljø, bærekraft og fair trade. Det er kjekt å sjå at utvalet berre blir betre og betre, og ikkje minst at produkta blir meir tilgjengelege.

På ynskjelista: Familiesykkel

Ein el-familiesykkel står høgt på ynskjelista her i huset. Etter å ha høyrt (og lest) gjetord om desse fantastiske oppfinningane og 1/2 av hushaldninga har prøvekøyrt ein, har det blitt ein liten draum.

Med ein el-sykkel får ein brått ein større radius i kvardagssyklinga. I utgangspunktet tenkte eg at el-sykling var «juksesykling», men ifylgje slekta i Oslo som er blitt ekte el-entusiastar, fører el-sykling snarare til meir sykling, meir utetid og mindre bilbruk. Dørstokkmila for å ta i bruk sykkelen i kvardagen, vert betrakteleg mindre.

Familiesyklar er «lastesyklar» som du kan bruke til å transportere både saker og born. Det finst eit hav av løysingar og tilleggsutstyr. Ved første augekast er dei veldig dyre, men om det er eit alternativ til ein bil nr. 2 (eller bil i det heile!), vert det brått ei rimeleg løysing.

Under er eit knippe utruleg fine familiesyklar.

riise2

riise3

riise
Load II nuvinci frå Riese&Müller
BBMK1E-NUV.HVIT_-800x800
Butchers & Bicycles MK1-E SRAM
urban arrow
Urban Arrow Family

Eg har på mi side lansert ideen om å utsette ny leasingavtale på bilen, for å prøve å vere bilfrie eit år. Det vart jaggu automatisk nedstemt i hushaldningen. Eg (som er ei sart sjel når det kjem til katastrofefilmar og framleis ber preg etter å ha sett Bølgen) har komt fram til kun eit tilfelle kor det hadde vore greitt med bil. Om Haugesund vert truga av ei monsterbølge og alle må rømme innover i landet. Då er det kjipt å vere dei som berre har el-sykkel. -Diverre var ikkje mangelen på andre argument overbevisande. Hehe.

Ha ein strålande fredag!

/Inga

Alle bilete er lånt frå heimesida til Evo Elsykler. Dersom du klikker på bileta, kjem du til dei aktuelle syklane.