Er mikrofiber mest miljøvenleg?

Dei siste ti åra har eg berre vaska med mikrofiberklutar og vatn. Dette då det har blitt framstilt som det mest miljøvenlege alternativet. Det siste året har eg likevel blitt litt i tvil, etter at alle sakene om mikroplast har dukka opp i media. Mikroplast vert utskild mellom anna frå syntetiske klede og tekstil, noko som er eit miljøproblem. Etterkvart som tøyet vert vaska og slete, hamnar mikroplasten i vaskevatnet og til slutt ut i naturen.

Dei siste vekene har eg oppdaga fleire mikrofiberklutar som held på å gå i oppløysing. Det er ikkje så hyggeleg med tanke på kor mikroplasten forsvinn. Eg sendte difor ein mail til Framtiden i våre hender, for å spørje om mikrofiber framleis vart rekna som miljøvenleg.

Her er svaret eg fekk:

Vi mener fortsatt at mikrofiberkluter er et godt miljøvalg. Utslipp av mikroplast fra syntetiske fibre er absolutt et miljøproblem, men fibre fra kluter utgjør en forsvinnende liten andel av de totale mikroplastutslippene, og vi mener miljøgevinsten overgår miljøulempene.

Likevel er det viktig å stoppe de utslippskildene vi kan stoppe. Det fins hjelpemidler: Kid Interiør selger nå en egen vaskepose som er spesielt beregnet på å fange opp plastpartikler ved klesvask, før plasten havner i avløpet. Se https://www.kid.no/interioer/diverse-smaaartikler/guppyfriend-vaskepose/.

Den suverent største kilden til utslipp av mikroplast er slitasje fra bildekk. Andre viktige kilder er kunstgressbaner og maling. Klesvask står også for en betydelig andel, men det er langt fra den største kilden. Med tanke på at en del syntetiske fibre har noen klare miljøfordeler sammenlignet med en del av de naturlige, ser vi ikke på det å erstatte syntetiske fibre med naturfibre som en veldig god miljøløsning. Da er vaskeposer en bedre løsning. 

Les mer om utslippskilder hos Miljødirektoratet: http://www.miljostatus.no/tema/avfall/avfall-og-gjenvinning/mikroplast/ 

-Klima og miljøavdelingen, Framtiden i våre hender.

Heimestrikka klutar er gode som gull, -og miljøvenlege.

Ergo er mikrofiberklutar framleis eit godt alternativ til reingjering, – og enda betre er det om du brukar ein vaskepose som fangar opp mikroplast.

Om du likevel er skeptisk til å bruke mikrofiber, kan du til dømes strikke dine eigne klutar! Gå for eit bomullsgarn som toler 60 grader i vaskemaskina, og strikk i veg. Om du legg opp 50 masker, bruker tynne strikkepinnar (3 – 3,5 mm) og strikker eit kvadrat, får du ein fin størrelse.

Eit fint prosjekt, -også for oss som eigentleg er skikkeleg dårlege på strikking.

I morgon skal eg dele noko veldig artig med dykk. Det omhandlar klima, miljø, litt jul og kjem til å prege store deler av desember her på Notisboka. Eg gler meg noko voldsomt, så eg håpar du kikar innom!

Ha ein fin onsdagskveld!

Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Nedbrytbart servise

Minstemann har bursdag på torsdag og dei store heltane er dyra i Hakkebakkeskogen. Me var innom butikken ved inngongen til Dyreparken ein snartur på laurdag, og kom over dette fine serviset. Ikkje i plast, -men i biologisk nedbrytbart materiale. Så fint og så smart på ein gong!

Tommelen opp til Dyreparken for å selje slike saker i butikkane sine!

Om du er på jakt etter Hakkebakkeskogen-fritt servise som er plantebasert, har både Agent M, Christiania Glasmagasin og Kamelon fine alternativ.

Ha ein fin kveld!

LagreLagre

OrganiCup

Visste du at kvinnene i verda bruker i snitt 11 000 bind og tampongar i løpet av eit liv? Det er hinsides mykje avfall. Med omsyn til at produksjonen av desse varene også fører til store utslepp, hadde det vore fint å kunne kutte det heilt, ikkje sant?

Eg har det siste halvåret prøvd OrganiCup, ein såkalla menskopp. Eg har visst om menskopp i fleire år, men har vegra meg litt for å bruke det. Ikkje veit eg heilt kvifor, -og ihvertfall ikkje etter å ha prøvd det i praksis.

Å bruke Organicup føles tryggare, meir hygienisk og er langt meir komfortabelt enn å bruke bind eller tampong. Koppen er enkel å bruke og det einaste «aberet», er at du kan gløyme ut at du har den i. Set du den inn på rett vis, kjenner du ikkje at den er der. Koppen er laga av allergivenleg silikon og varer i opp til fem år.

Ein kan ha koppen i i 8-12 timar om gongen. Det mjuke materialet gjer at koppen former seg etter kroppen og du kan drive yoga, springe, hoppe, svømme og danse utan at det er eit problem. Koppen kjem i to størrelsar, ein for dei som ikkje har født vaginalt (str. A) og ein for dei som har født vaginalt (str. B). Det einaste du må passe på, er å kvar periode sterilisere den i kokande vatn før du tek den i bruk. Under perioden, skyller du den berre godt under springen når du har tømt den, før du set den inn igjen.

Når du skal bruke den, folder du den saman som på biletet under, og set den inn. Når du skal ta den ut igjen, trekk du berre i enden. Fleire tips til korleis du skal sette den rett på plass og andre ting det er nyttig å vete om, finn du her.

Menskopp er kort og godt enklare, meir økonomisk og betre for miljøet enn tampongar og bind.

Det er elles ikkje berre OrganiCup som produserer menskopp. Også Mooncup, Divacup og Lunette fører det same konseptet. Eg kjenner fleire som er nøgde brukarar av dei andre merka, men eg har så langt berre testa ut OrganiCup. Eg er utruleg nøgd og kjem til å fortsette med den.

Dette er ikkje spons, men produkt kjøpt for eigne kronasjer. Dette er forresten eit fint gåvetips til dei som har alt! Eg har kjøpt fleire som eg kan gi bort. 

 

Har du nokre erfaringar med menskopp? Har du ikkje prøvd, men lurer på å byrje med det? Fyr laus i kommentarfeltet om du har spørsmål, så skal eg svare så sant eg kan. 😀

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Tante (miljøvenleg) Pose

Dei siste vekene har eg fått heim nokre fine saker som gjer hushaldet pittelitt grønare.

Først ut er det fine og nye handlenettet! Til no har me brukt nokre handlenett frå den tidlegare jobben til mannen. Me fekk ei stor budde då han jobba der. Dei har vore hyppig i bruk, som handlenett, til treningstøy, til papiravfall, som alternativ oppbevaring av alt og ingenting når me er på bilferie etc. Dei har blitt brukt til alt, -og no har dei byrja å gå i oppløysing ein etter ein.

Det var difor på tide å kike etter nye handlenett. Eg tenkte først eg skulle sy nokre sjølve i kanvas, for å få dei så robuste som eg ville. Dei skal gjerne brukast til å bære mjølkekartongar, flasker og liknande i, så då bør dei tåle litt. Eg fann ikkje eigna stoff nokon stad (men gi gjerne beskjed om du veit kor eg kan finne!). I staden kom eg over desse fine handlenetta i voksa kanvas på Etsy! Eg bestilte eit heim, og det tåler enormt mykje. Eg treng fleire!

Bakdelen med å bruke handlenett, er at ein titt og ofte går tom for plastposar til restavfallet. Desse posane frå Maistic er like store som vanlege handleposar, tåler ein del vekt og er fri for plast! Dei er rett og slett laga av mais og er ikkje farlege for miljøet når dei går i oppløysing. Rett nok vert restavfallet i Noreg brent og det hamnar ikkje i jorda, men eg tenkjer at dess færre plastpartiklar og avgassar me sprer, dess betre er det for miljøet. Avfallsposane fann eg hjå Agent M.

Ha ein fin kveld!

Zero Air Miles

Då me var på ferie kjøpte me ei flaske ketchup hjå Provianten i Mandal. Her heime går det mykje ketchup, og det er kjekt å prøve noko nytt!

Då eg kika nærare på etikketten, oppdaga eg at her har produsenten tenkt lengre enn smaken. Ketchup-flaska er rett og slett ikkje transportert med fly, for å gjere CO2-utsleppet per flaske mindre. Så smart!

Ha ein fin tysdag!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre