Grøn hummus

Ein veit aldri heilt kva ein sit igjen med av rester når matveka nærmar seg slutten, og av og til er det litt uvanlege saker. Forrige veke stod det brått ei stor bolle med soyabønner i kjøleskapet. Den hadde blitt forsøkt eten opp over to middagar, utan hell. Det minka lite, og det var lite freistande å trå til med nok ein middag. Då er kunsten å gjere det om til noko litt ugjenkjenneleg, og som helst kan etast på brødskiva! Brødmåltid er jo dei me har flest av, og om du gjer restene om til noko du kan ete i samband med det, er sjansen større for at restene forsvinn.

Eg laga noko av det beste eg kan få på brødskiva om dagen, nemleg hummus! Som oftast lagar eg det av kikerter, men andre bønner går også heilt fint. Det smakar nydeleg, held seg lenge i kjøleskapet og er eit flott vegetarpålegg på brødskiva.

Oppskrift på hummus av soyabønner

1 fedd kvitlauk

2 ss olivenolje

1,5-2 koppar ferdigkokte soyabønner*

2 ss tahini**

2 ss sitronsaft

1 neve persille

salt

Finhakk kvitlauken, og køyr kvitlauk, olivenolje, soyabønner, tahini og sitronsaft i ein blender, eller med stavmiksar. Smak til med salt, -og server med grovhakka persille på toppen.

*Eg hadde 2 koppar soyabønner, og brukte det. Då vart hummusen tjukk og god, men om du vil ha den meir kremete, kan du nøye deg med 1-1,5 kopp.

** Tahini er sesamfrøpesto. Dette finn du i dei fleste innvandrarbutikkar, men eg har også funne det i hylla på Coop Obs og i andre velassorterte butikkar.

-Så hugs; har du hatt det til middag to dagar på rad, gjer det om til pålegg så du kan ete det til brødmaten! Då forsvinn det mykje fortare.

Ha ein fin dag!

/Inga

Putt grønsakene i brøddeigen

DSC_0048

Søtpotetfries har for alvor flytta inn i kjøkenet vårt. Det.er.så.godt. Til fisk, til kjøt eller berre aleine med ein god dip. Det er heilt sjukt godt (som ein seier på godt norsk).

Likevel har me ein tendens til å lage alt for store porsjonar og sit alltid igjen med restar. Om dei ikkje forsvinn under kveldsmaten eller i ein matboks, har dei byrja å gå rett i brøddeigen. Resultatet er eit saftig og uendeleg godt brød med fin-fin farge. Potetstappe, andre grønsaker og stapper kan ein gjere akkurat det same med. Dette er og blir ein skikkeleg smakfull måte å bruke opp restane på!

DSC_0580 DSC_0582

Om du er lysten på skikkeleg gode pommes i somar, må du ta turen innom Fugl Fønix i Etne. Prøv klassisk Pommes Fønix, søtpotet pommes eller trøffel pommes saman med ein god dip. Eg lovar deg. Du blir ekte glad i kroppen av å ete det.

-Som Vilde i Skam seier: «kroppen din trenger potet».

DSC_0587
Nybakt søtpotetbrød med smør på er herleg, …men så var det dei dumme skorpene då.

Rabarbramuffins med kvit sjokolade

DSC_0505

Me driv og et oss ut av fryseboksen om dagen. Det er eit interessant prosjekt då det er mykje ein har gløymt at låg der. Som til dømes den einslege rypa som vart skoten for fire-fem år sidan og som har overlevd ei flytting (!). Det spørs om det vert noko av den…

-Men dei to einslege pakkane med rabarbra som låg der på botten, vart kokt opp til syrleg og deilig syltetøy her ein kveld då me hadde vener på kveldsmat. Å fryse ned rabarbrastenger er ingen dum idè om du ikkje vil bruke dei til noko med ein gong.

Rabarbrasyltetøy er ufatteleg godt, men me er ikkje nokre store syltetøyetarar til kvardags. Den store porsjonen med syltetøy har difor blitt ståande i kjøleskapet. Eg kunne naturlegvis ha fryst den ned igjen i mindre porsjonar, men det er enda kjekkare å bruke syltetøyet til noko som blir fortært her og no. Då er bakst alltid løysinga for søte restar som skal til pers.

DSC_0519

Ein kan putte dei fleste søte restar i ei muffinsrøre, pai eller i ein bolledeig. Kvifor ikkje hive smoothierestane eller syltetøyet i noko slik ein gong du vil rydde i kjøleskapet? Her vart løysinga rabarbramuffins, og då eg hadde ein rest kvit sjokolade i tillegg, fekk den også vere med i røra.

DSC_0521

Ingredienser*

Til 30 små muffins treng du:

  • 400g kveitemjøl
  • 200g havregryn
  • 4ts bakepulver
  • 1ts natron
  • (1/2ts salt)
  • 2 egg
  • 4dl mjølk
  • 100g smør
  • 1ts vaniljesukker
  • 500g rabarbrasyltetøy
  • 100-150 g kvit sjokolade

Sett ovnen på 180 grader.

Grovhakk den kvite sjokoladen. Smelt og avkjøl smøret.

Bland alt det tørre i ei bolle. Bland alt det våte i ei anna bolle. Vend det tørre inn i det våte saman med den grovhakka sjokoladen.

Fyll i muffinsformer dekka med papir og steik på 180 grader i ca. 20 minutt**.

Nyt saman med ein kopp te og del ut til dei du er glad. Det er lite sannsynleg at det vert restar igjen!

* då syltetøyet inneheld nok sukker, treng ein ikkje ekstra i muffinsrøra.
** denne røra er kompakt og muffinsane hever ikkje mykje. Ein kan difor fint fylle formene nesten heilt opp.

DSC_0540

 

Kjøper du varer utgått på dato?

DSC_0644

I går då eg var og handla, kom eg over denne fine lappen på ein boks youghurt. Så fint at dei understreker at varen er like god, -for det er den som oftast!

Me nordmenn er blant dei i Europa som brukar minst av inntekta vår på mat. Samstundes er me på toppen når det kjem til kasting av mat. Me og matbutikkane kastar heile 25% av maten som vert produsert. Tidsklemme, låge matvareprisar og mindre kunnskap om mat og haldbarheit er nok nokre av grunnane.

DSC_0647
Youghurten går ut i dag, men smakar like nydeleg.

Det meste held lengre enn ein trur, og så lenge ein brukar sansane sine er ein på god veg. Kva mat ein ikkje treng sjekke datostemplinga på, kan ein lese meir om i denne artikkelen her.

Eg tykkjer det likevel til tider er vanskeleg å kjøpe varer som er utgått på dato, -då dei ofte er vanskelege å få auge på. Dei er som oftast merka der dei står til vanleg og slik druknar dei fort i dei andre varene rundt. Kva om butikkane hadde hatt eit eige hjørne i lokala til nettopp desse varene! Då hadde det vore langt enklare å få auge på dei og fleire hadde forhåpentlegvis kjøpt varene. Matvarer til reduserte prisar, mindre kasting av mat for butikkane og eit godt miljøtiltak som gir godkjensle for både butikkeigarane og kundane. Det hadde vore bra det!

Kjøper du mat utgått på dato?

/Inga

Man-tager-hva-man-haver-vegetarburger

DSC_1339-001    DSC_1334

På måndag var det ekko i kjøleskap og skuffer etter helga. Då eg ikkje kom meg på butikken før middag, vart det man-tager-hva-man-haver-middag. Resultatet vart ein super vegetarmiddag!

Linser/kikerter, nokre egg, nokre potetrestar, ein lauk og litt krydder er alt som skal til for å trylle fram gode vegetarburgarar. Dette er super restemat då ein kan bruke kokte poteter, grønsaker og rester av  stapper i deigen. Linser, bønner og kikerter er enormt sunt og godt, og det er noko eg alltid må ha i kjøkenskuffa. Dei kan nyttast til det meste, -og gjerne som substitutt for kjøt.

Servert saman med litt godt brød, ein god salat og gjerne litt aïoli, er du i mål på ein kjøtfri måndag. Her hadde me favoritten broccolislaw, aïoli og litt raud pesto til burgarane. Grepa godt!

10 vegetarburgarar

  • 1 boks ferdigkokte kikerter
  • 1 boks ferdigkokte raude linser
  • 1 lauk
  • 2 egg
  • 2-3 kokte poteter / 1 pose potetstappepulver*
  • 1 ts timian
  • 1 ts paprikapulver
  • salt og pepar

*eg nytta ein pose potetstappepulver eg fann i kjøkenskapet, då eg ikkje hadde kokte poteter. Dersom du nyttar pulver, bør du tilsette 0,5 dl vatn, då deigen treng litt ekstra væske.

Finhakk lauken og bland alle ingrediensene med ein stavmiksar eller i ein kjøkenmaskin. Form 10 boller som du trykker flate med handa. Steik i ei steikepanne på middels-over middels varme, og bruk godt med olje. Steik burgarane gyldebrune på begge sider (ca. 3-4 min. per side). Dei blir sprø og fine i overflaten og rykande varme inni.

God appetitt!

/Inga

P.S. Vegetarburgarar kan du variere opp og ned i mente. Kva med litt tomatpurè i deigen, eller kanskje litt tacokrydder? Kva med ein indisk vri med garam masala, raita og nanbrød? Nam!