Man-tager-hva-man-haver-vegetarburger

DSC_1339-001    DSC_1334

På måndag var det ekko i kjøleskap og skuffer etter helga. Då eg ikkje kom meg på butikken før middag, vart det man-tager-hva-man-haver-middag. Resultatet vart ein super vegetarmiddag!

Linser/kikerter, nokre egg, nokre potetrestar, ein lauk og litt krydder er alt som skal til for å trylle fram gode vegetarburgarar. Dette er super restemat då ein kan bruke kokte poteter, grønsaker og rester av  stapper i deigen. Linser, bønner og kikerter er enormt sunt og godt, og det er noko eg alltid må ha i kjøkenskuffa. Dei kan nyttast til det meste, -og gjerne som substitutt for kjøt.

Servert saman med litt godt brød, ein god salat og gjerne litt aïoli, er du i mål på ein kjøtfri måndag. Her hadde me favoritten broccolislaw, aïoli og litt raud pesto til burgarane. Grepa godt!

10 vegetarburgarar

  • 1 boks ferdigkokte kikerter
  • 1 boks ferdigkokte raude linser
  • 1 lauk
  • 2 egg
  • 2-3 kokte poteter / 1 pose potetstappepulver*
  • 1 ts timian
  • 1 ts paprikapulver
  • salt og pepar

*eg nytta ein pose potetstappepulver eg fann i kjøkenskapet, då eg ikkje hadde kokte poteter. Dersom du nyttar pulver, bør du tilsette 0,5 dl vatn, då deigen treng litt ekstra væske.

Finhakk lauken og bland alle ingrediensene med ein stavmiksar eller i ein kjøkenmaskin. Form 10 boller som du trykker flate med handa. Steik i ei steikepanne på middels-over middels varme, og bruk godt med olje. Steik burgarane gyldebrune på begge sider (ca. 3-4 min. per side). Dei blir sprø og fine i overflaten og rykande varme inni.

God appetitt!

/Inga

P.S. Vegetarburgarar kan du variere opp og ned i mente. Kva med litt tomatpurè i deigen, eller kanskje litt tacokrydder? Kva med ein indisk vri med garam masala, raita og nanbrød? Nam!

Basisoppskrift for smuldrepai

DSC_0745

Det er fortsatt somar sjølv om me har vendt nasa tilbake til kvardagen. Då må ein passe på å snike inn litt somarferie der ein kan, -som noko godt og søtt på ein heilt vanleg kvardag!

I dag skulle eg få nokre fine naboar på besøk og var i beit for kaffimat. Då laga eg den beste restematen eg veit, -nemleg smuldrepai. Smuldrepai fylgjer «man tager hva man haver-prinsippet», har få ingredienser og er uhyre enkelt å lage. På toppen av det heile smakar det så innmari godt!

Eg tømte fruktskåla for to aprikos, to eple og tre fersken. Toppa med smuldrelok, -rykande varmt, var det ein høydare!

DSC_0749

Smuldrepai (basisoppskrift)

  • frukt og/eller bær (nok til å fylle halvparten av den ildfaste forma du skal bruke)
  • 1 ss maizena
  • safta av 1/2 sitron
  • 1 ts vaniljesukker
  • 100 g kveitemjøl
  • 100 g havregryn
  • 50 g brunt sukker
  • 100 g kaldt smør i terningar

Sett omnen på 180 grader.

Skjær frukten i små terningar og legg i ei ildfastform. Skvis over sitronsaft og dryss over vaniljesukker. Bland frukten før du vender den til slutt i maizenamjøl.

Bland saman kveitemjøl, havregryn og brunt sukker. Smuldre inn smørterningane i mjølblandinga før du fordeler den over fruktblandinga.

Steik i omnen i omtrent 30 minutt.

DSC_0751

      Server med ein klatt rømme, kesam eller enda betre, -is!

DSC_0754

/Inga

Frå triste brødskalkar til lekker somartopping

Har du som meg ofte tørre brødskalkar liggande i brødskuffa?  Då er det gull verdt at ein kan bruke det tørre brødet på noko skikkeleg fint og velsmakande.  Sprø, krydra krutongar er utruleg godt som topping på suppa og i salaten. Dette er gjenbruk av restemat som set sølvkant på eit vanleg middagsmåltid.

DSC_0124

Brødkrutongar

  • tørt brød. Man tager hva man haver. Tøm brødskuffa for brød og rundstykke, -grovt som fint!
  • olivenolje
  • salt, pepar og eventuelle andre krydder (eg nyttar gjerne oregano som er ei nøytralt og fint krydder som passar til mykje).

Skjer opp brødet i terningar. Fordel terningane i ei langpanne og ha rikeleg med olivenolje over. Kvar terning bør ha litt olivenolje på seg for godt resultat, så vend gjerne blandinga litt med ei skei før du set det inn i omnen. Ein får best resultat om krutongane ikkje ligg i fleire lag. Har du mykje, er det betre å steike i fleire omgongar. Då sikrar du at krutongane får nok varme og blir sprø og fine.

Steik på 200 grader i 10-15 minutt. Vend brødblandinga med ei skei eller tresleiv kvart femte minutt for at terningane skal få jamn steiking.

La det kjølne før du heller på eit glas eller i boks for vidare oppbevaring.

DSC_0144 DSC_0157

/Inga

Torsk, jordskokk og spekepølse frå Etne

DSC_0110
Resultatet etter skattejakt i kjøleskap og frys. Persillebuketten låg nederst i skuffa men vart gløymt med ein gong den var tatt fram, og kom ikkje lenger enn til skjærefjøla.

Rett før me sette oss i bilen i Etne for å køyre heim etter ferien, grov mannen opp jordskokk i åkeren. Der har den vore og kost seg over vinteren. Jordskokk er noko av det beste eg veit. Skjær det i bitar og bak i omnen med andre rotgrønsaker eller bruk det i stappe saman med til dømes potet. Jordskokken set ein heilt fantastisk, nøtteaktig smak på maten! Har du ikkje smakt det før, bør du legge det i handlekorga neste gong du kjem over ein knoll på butikken.

Litt av rota skal plantast her i hagen i Haugesund (uuups! Stryk det. Moderen ringte og sa at det var lite lurt i eit tett bustadområde då den veks som ugras. Det er altså betre å plante den i ein avskjerma hage om du ikkje vil spre jordskokk over heile nabolaget), men resten skal fortærast til middag. Første knollane hamna i gryta allereie på tysdag då det var skrint i kjøleskapet etter ei veke borte. Med pappa sin torskefilet frå frysen, jordskokk blanda med potet i ein purè, ein litt småtrist broccoli og siste stump av pestopølsa til den lokale spekeprodusenten Lundal, vart det reine festmiddagen. -Og definitivt den mest kortreiste så langt i 2015!

Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Trines matblogg som eg har brukt gjentatte gonger. Ofte med litt ulike ingredienser, men målet er alltid den same smakskombinasjonen: salt kjøt, mild torsk, og smøraktig stappe av noko slag. Om ein i tillegg har noko søtt, er det toppen av kransekaka. Eg har prøvd ut varianten med granateple, men om ein ikkje har det, kan ein nytte fantasien. -Som til dømes betar av eple, pære eller kanskje til og med jordbær! Denne gongen hadde eg ingen av delene, men toppa heller med litt chiliolivenolje.

Kortreist og godt som berre det!

/Inga

DSC_0134

Quinoabetar med eple og sjokolade

DSC_0039 5Barseltid har ikkje vore gullperioden innan matlaging. Hadde det stått på meg, kunne me meir enn gjerne hatt brødskiver med makrell i tomat til middag kvar dag den første månaden (eg driv periodevis tungt (mis)bruk av makrell i tomat). Heldigvis kjem ein inn i ein viss tralt igjen etterkvart og eg har no byrja å lengte etter matlaginga att. Godt er jammen meg det.

Då er det fint at det er så mange inspirerande sjeler der ute. -Som Trine, som skriv Oliven&Sjokolade! Ho møtte eg under opninga av D/S Louise i juni. Ho er ei skikkeleg bra dame som skriv ein kjempefin blogg! Eg anbefalar på det sterkaste å ta turen innom.

Denne gongen var det quinoa-betane hennar som freista. Etter ein tur utandørs i iskaldt regn og sludd, freista det med noko søtt og varmande då eg kom inn igjen. Quinoa brukar eg gjerne til middagar, så dette kan vere ei fin resteoppskrift om ein har litt til overs ein dag.

DSC_0050 3Eg tilpassa oppskrifta eige kjøkenskap og måtte erstatte litt av havregryna (hadde berre pittelitt igjen) med mandelmjøl og lønnesirup med agavesirup. Istadenfor lakrispulver, tilsette eg 50 g grovhakka, mørk sjokolade. Lakris er forsåvidt ein god nr.2, så det må definitivt prøvast ut ein gong det også.

Då eg mangla muffinsformer i papir, klipte eg opp små kvadrat av bakepapir som eg hadde i formene. Eg hadde også litt meir røre i muffinsformene for å lage større betar.

Det smakte ganske enkelt himmelsk! Eplet gjorde betane litt friske, medan mandelmjølet gav ein liten smak av marsipan. I tillegg er dei fiberrike då dei inneheld mykje quinoa. Det er rett og slett eit nyttig mellommåltid og eg elska det.

Det kan vere verdt å merke seg at betane ikkje har same konsistens som muffins. Dei er langt meir porøse og er difor best å ete med skei. Saman med eit glas iskald mjølk og litt avislesing, vart det ein real søndagshøgdare.

/Inga