Tidsklemme-coleslaw

DSC_0024 6Det kjekkaste er å lage mat frå botn av. Men. Alle veit at det er greitt å ha nokre (mange) kjappisløysingar i ermet. I hvertfall når det kjem til å snike inn litt grønt i maten! Eg er stor tilhengar av å snike inn frukt og grønsaker der ein kan i kvardagen.

No er grillsesongen godt i gong og ein vil berre ut ut ut når ein kjem heim frå jobb. Grillmat er best med godt tilbehør. -Men korleis løyse dette om ein har dårleg tid til førebuing?

Det er mange gode løysingar i butikkane om dagen. Ferdigblanda salatar, småboksar med oliven m.m. Det er blitt enklare å leve sunt i hurtigkvardagen og fint er det!

Her er ein kjappisversjon av coleslaw som eg har lese om fleire stader på nettet, for så å bruke i stor stil sjølv. Enkelt, godt og genialt.

Det einaste ein treng er ein gaffel (eller skei) og noko å blande i. Resten kjøper ein med seg på butikken.

Bland ut ein ynskja dipmiks i ein boks kesam. Hell ein pose ferdig råkostsalat i ei bolle og vend inn dip’en. Simsalabim så har du ein digg coleslaw til grillmaten!


DSC_0027 7

/Inga

Rask mat

Når blodsukkeret er på botn og middagen ikkje er planlagd, er gode råd dyre. Då har eg ein slagar som aldri slår feil. Ferdige fiskekaker med tilbehør! Godt både for smakslaukane og kroppen. Her er to variantar som er blitt husfavorittar.

20130417-201413.jpgFiskeburgar (2 personar)

  • 2 grove fiskeburgarar*
  • 4 skiver grovt brød
  • salat
  • tomatsalsa

Varm to store fiskekaker i ei steikepanne. Medan dei vert oppvarma skjer du nokre skiver godt brød og lagar ein kjapp tomatsalsa.

Tomatsalsa:

  • 2  tomater
  • 1 raudlauk
  • 2 kvitlauksfedd
  • 1 ts finhakka chili
  • 1-2 tsk olivenolje
  • salt och peppar
  • (en nypa socker)
  • (1/2 ss lime)

Del tomatene i to og skrap ut frø og saft (dette kan du gjerne fryse ned og bruke i ein tomatsaus seinare). Grovhakk tomater, raudlauk og kvitalauksfedd. Bland alle ingrediensene og køyr dei i ein blendar eller med stavmiksar til du har ynskja konsistens. Om du har ferske krydder som basilikum eller koriander er det genialt å putte i blandinga. Det kan vere godt å ha i litt limesaft og eventuelt litt agavesirup/sukker for å runde av smaken.

Server med nokre salatblad og eventuelle andre grønsaker du måtte finne i kjøleskapet. Nyt!

20130417-201646.jpgFiskekaker med søt salat (2 personar)

  • 4 fiskekaker*
  • 1/2 mango
  • 2 handfuller diverse salat
  • 1 gul paprika
  • 1/2 squash
  • 0,5 dl rosiner
  • 0,5 dl valnøtter

Varm fiskekakene i ei steikepanne. Lag ein kjapp salat av grovhakka mango, paprika, squash og salat. Rist valnøttene i ei tørr steikepanne og dryss over saman med ei handfull rosiner. Hell over litt olivenolje og avslutt med salt og pepar. Server salat og fiskekaker saman med godt flatbrød eller knekkebrød.

NB! Når ein kjøper ferdige fiskekaker bør ein finsjekke innhaldet av fisk. Desse med 80% fisk frå Lofoten er blitt ein av favorittane mine.  Elles er det trygt og godt å henvende seg i ferskvarediskane i butikkane.

/Inga

Grønkålsalat med pære og rista valnøtter

DSC_0487

Denne salaten vart føremiddagsmaten i dag. Saman med pære, litt ost, balsamicodressing og rista valnøtter vart det ein god kombo. Eg tilsette quinoa for å få litt meir fiber i salaten og gjere den meir mettande. Saman med litt brød eller knekkebrød på sida, er dette supert vomfyll som gjer kroppen (ihvertfall min) glad.

DSC_0469


Ingredienser

  • 1 boks grønkål
  • 1 kopp quinoa
  • 1 kopp valnøtter
  • 2 pærer
  • 5 cm purre
  • ost
  • 3 ss olivenolje
  • 2 ss balsamicoeddik
  • 1 ts agavesirup*

Skylle quinoagryna i kaldt vatn. Kok opp gryna saman med 2 koppar vatn. La det småkoke i 20 minutt. Sett kjelen til sides, dekk toppen med eit kjøkenhandklede og legg eit lok på toppen. La det dampe i 10 minutt medan du tilbereder resten av maten.

Riv av blada på grønkålen og legg stilkane til sides. Grovhakk blada. Skjer pæra og osten i stavar. Grovhakk purren.

Varm ei steikepanne på høg varme og rist valnøttene i 2-3 minutt. Hell ut valnøttene og skru ned varmen slik at den ligg på mellom middels og låg varme. Ha i grønkålen og la den surre medan du rører rundt i 5 minutt. Sett steikepanna til sides og legg eit lok over. La kålen dampe seg litt i 5 minutt til.

Fordel grønsaker, quinoa og ost på ein tallerken. Bland saman olivenolje, balsamicoeddik og litt agavesirup. Hell dressingen over salaten og nyt!

DSC_0489   DSC_0483

* her kan ein godt bruke flytande honning også.

Eg har blitt litt hekta på grønkål. Den har litt meir «buskete» konsistens enn anna kål og salat, men det blir ein vand til. 🙂

/Inga

 

Vintersalat med grønkål og mandler

DSC_0241 2

Eg lagar mykje mat og mykje hamnar på bloggen. Langt fleire matprosjekt gjer det ikkje. Anten vert ikkje smak og konsistens slik eg har tenkt meg. Eller så blir ikkje bileta gode nok då eg ofte kokkelerer på kveldstid. Mørke vintermånadar er ei utfordring når ein skal fotografere mat.

Men. Kva om ein gjer nokre brølarar, men maten likevel smakar særs godt? Skal ein likevel legge det ut på matbloggen?

Eg kom over grønkål på ein innhaldsrik matbutikk og vart begeistra. Etter det las eg meg opp på grønsaken og er no kjempebegeistra. Grønkål er sesongmat no i januar. Blada er velsmakande og særs sunne. Diverre finn ein ikkje grønkål ofte i butikkane (eg må ta ein prat med den lokale kjøpmannen), noko som er synd. Proppfulle av vitaminer, velsmakande og ferske, -dette burde me ete langt meir av!

Eg enda opp med å lage ein enkel grønkålsalat til lunch forrige helg og den vart veldig god. Men. Eg gjorde ein brølar. I hyrten og styrten gløymde eg å fjerne stilken. Når ein nyttar grønkål i mat, bør ein rive eller skjære bort stilken. Den er hard og smakar ikkje like godt.

Då salaten (til tross for dette) smaka verkeleg bra, legg eg ut oppskrifta men understreker berre enda meir; fjern stilken og frots i grønkål!

DSC_0227 1

Ingredienser

  • 5-6 blader grønkål
  • 1/2 kopp skiva mandler
  • 1 fedd kvitlauk
  • 0,5 dl rapsolje/olivenolje
  • 1-2 ts dijonsennep
  • 1-2 ts flytande honning / agavesirup*
  • salt og pepar

Varm ei steikepanne på middels varme. Rist mandelskivene i 2 minutt og legg dei så tilsides. Dra blada av stilken på grønkålen. Grovhakk blada. Ha litt rapsolje i panna og surr grønkålen på middels til middels-låg varme i nokre minutt. Kålen skal bli litt skinande men framleis ha litt spenst. Press kvitlauksfeddet og bland det saman med olje, sennep og honning/agavesirup. Smak til med salt og pepar. Vend grønkålen i dressingen og dryss over mandelskiver.

*på biletet av ingrediensene hadde eg tatt fram vanleg honning. Dette er feil. Ein må nytte anten flytande honning eller agavesirup. Eg nytta agave då eg ikkje hadde honning, og det var ei super løysing.

/Inga, – no grønkålfan.

Lun januarsalat med erter, quinoa og ingefær

DSC_0017 6

Januar er ein fin månad å prøve ut nye oppskrifter som er proppfulle av god energi. Då det i tillegg er kulderekordar utanføre døra om dagen, kan ein til dømes prøve ein lun vintersalat som samstundes smakar litt somar. Eg elskar erter, lime og ingefær. Saman vart det heller ingen dum kombo. Når ein i tillegg tilset quinoa, blir salaten meir fiberrik og mettande. Super til lunch eller som siderett til middagen.

  • 1 raudlauk
  • 1 stort kvitaluksfedd evt. 1/2 kinesisk kvitlauk
  • 5 vårlauk
  • 2 ss fersk ingefær
  • 1 ss sesamfrø
  • 2 ss soyasaus (anten med lågt saltinnhald eller søt soyasaus)
  • 1 kopp* ukokt quinoa
  • 2 koppar vatn
  • 1 pose frosne erter
  • lime
  • rapsolje
  • pepar

Skyll quinoagryna og sett dei til sides. Grovhakk lauk og finhakk kvitlauk. Varm rapsolje i ein kjele og surr lauken i to minutt. Ha i vatn, ferskreven ingefær og soyasaus. La det koke opp. Ha i quionagryn og skru ned varmen. La det småkoke i 15 minutt. Etterpå set ein kjelen til sides og lar det trekke i fem minutt til. Visp inn luft i quinoan med ein gaffel før du heller i frosne erter og grovhakka vårlauk. La det trekke i fem minutt til. Rist sesamfrø i ei tørr steikepanne og vend inn i salaten. Server med litt nypressa limesaft og nykverna pepar på toppen.

*  1 kopp = 2,4 dl


DSC_0058 6