Shoppestopp 2013 / Pippa-jakka

DSC_0048Eit shoppestopp-år fører til at ein må bruke det ein har, noko som har vist seg å vere overraskande lystbetont. Ein kan ikkje lenger konkludere med at «eg har ingenting å ha på meg» og springe ut døra til næraste butikk.

I staden vert ein tvinga til å ta to kik på innhaldet i skapet, kombinere plagg på nye måtar og gjerne også ta i bruk plagg du eigentleg har dømt nord og ned. Dette har vore ein morosam prosess og har ført til at eg set større pris på det eg har.

Eit godt eksempel er Pippa-jakka mi. Eit spontankjøp frå Zara som verka lurt der og då. Nokre dagar seinare oppdaga eg at Pippa Middleton var blitt fotografert i same jakka. Hurra! måtte det ihvertfall vere eit godt kjøp når til og med ho hadde vore på Zara og raska den ned frå stativet! Jakka vart sjølvaste Pippa-jakka.

Etter ei tid byrja likevel tvilen å melde seg. Den trauste vestlendingen i meg stussa på fargen. Var den ikkje litt vel fargesterk? Prangande? Kva med dei knappane? Såg ikkje det …litt voldsomt ut? Det gjekk som det måtte gå når tvil er med i biletet, jakka vart hengande i skapet og berre nytta ein sjeldan gong.

Pippa-jakka overlevde likevel med eit naudskrik kartleggingsrunden eg starta shoppestoppåret med. Og vart hengande. Og hengande.

Men. Så er det slik at ein som sagt vert tvinga til å ta i bruk innhaldet i klesskapet i langt større grad. Etter ein mental dytt frå Instagram-kontoen til Fargerike Dagny, byrja eg å leite etter meir fargar i klesskapet. Plutseleg smaug Pippa-jakka seg med til Ålesund, med på jobb, på byen og på seminar. Litt etter litt vart den nytta stadig vekk og no er den blitt eit av favorittplagga i skapet. Tenk det!

Eit shoppestopp-år kan altså vekke klesskapsspøkelse til live igjen.

/Inga

Shoppestopp 2013 / Draumen om Jenny og Maria, del 2

«Eg skal lære meg å strikke og sy» skreiv eg i slutten av april. Eg var som sagt betatt av desse damene sine handverksevner og hadde bestemt meg for at eit shoppestopp-år var ein gylden moglegheit til å bli ein resar på handarbeid.

Skappel

Eg skulle bli ein slik supermamma som strikka søte små lubbar, fjonge Skappel-genserar og kule Marius-luer fortare enn ein fekk sagt «rett og vrang». Fytti, så flink eg skulle bli!

Eg hadde ein entusiastisk kick-start. Eit døgn på ei hytte med flinke strikkevenninner skulle gi meg god instruks og dytt. Etter klok rådgjeving, fann me ut at eit lite babyteppe var rette staden å starte. Eg sat og knota noko fælt i byrjinga, men etterkvart byrja strikkinga å gå meir og meir automatisk. Masker som gjekk fløyten og kluring til tross, -det gjekk betre og betre. Eg kom til å bli skikkeleg flink!

Men så var det det å fortsette for seg sjølv.

Den største trusselen mot strikkinga viste seg å vere tolmodet mitt. Det vil seie mangelen på tolmod. Same kor mykje eg prøvde, klarte eg ikkje å konsentrere meg og det var stadig vekk andre kjekke saker som tok merksemda. Strikketøyet vart liggande ubrukt og har blitt liggande sidan.

Etter eit halvt år innser eg at produksjonen mest sannsynleg har stoppa for godt.

Skulle blitt babyteppe. Enda som ei holete, halv ullunderbukse.
Skulle blitt babyteppe. Enda som…jah… ei holete, halv ullunderbukse?

Men. Så har det seg slik at etterkvart som tida går, oppdagar ein at ein har særs mange strikkekyndige folk rundt seg. Som sit og strikkar til DEG!

Nokon gir til og med beskjed om at ein kan legge inn bestilling på saker ein kunne tenkt seg, -«fordi det er så enkelt og fort gjort». Eg fattar ikkje kor dei tek det i frå, men takkar og bukkar.

Så då dukkar det plutseleg opp slike gåver som den under. Sirleg strikka babyteppe, med tilhøyrande lue, sokkar og jakke. Strikka med ein stor porsjon tolmod og kjærleik av to vanvittig fine damer eg har i livet mitt. Eg har ikkje ord!

I rest my case.
I rest my case.

Eg vel difor andre sine strikkeeigenskaper foran mine eigne når som helst. Det trur eg forøvrig babyen gjer også. Han held nok betre varmen på det viset.

Konklusjonen er at eg nok aldri kjem til å bli strikkemamma. Og det er heilt alright. Eg blir nok ei god mor likevel.

Det er forøvrig fint at me er gode på ulike saker, så kan me utfylle kvarandre. Dersom eg skulle trenge eit par sokkar eller ei lue til poden,kan eg heller bidra med noko anna i motyting. Som å fortelle ein vits, bake eit brød eller halde eit miniforedrag om kampen mellom dei tyske dativ- og genitivspreposisjonane. Det siste tippar eg mange saknar i livet sitt!

Denne delen av shoppestopp-prosjektet gjekk difor offisielt fløyten, -men til gjengjeld startar eg foreldrerolla med lågare skuldre og konklusjonen om at det er ok å ikkje fikse alt.

Det trur eg var like greitt.

/Inga

Shoppestopp 2013 / August og september

Trass i at det har blitt få innkjøp til den komande poden, har likevel nokre klesplagg komt over døra. Sukk!
Trass i at det har blitt få innkjøp til den komande poden, har likevel nokre klesplagg komt over døra. Sukk så fin!

Shoppestopp-prosjektet går kort og godt strålande. Verre er det med oppdateringane! Eg rakk aldri å skrive eit innlegg for august, så her kjem ei oppdatering for dei to siste månadane.

Fylgjande observasjonar og erfaringar vart gjort:

  • Komfort sigrar alltid over pris og merke. Alltid.
    Eg har fem bukser. Fire brukar eg konstant og er av yndlingsplagga i klesskapet. Dei er av same modell og same merke. Den femte buksa er langt dyrare og av meir fancy merke, men har blitt brukt omtrent tre gonger på halvtanna år. Kort og godt fordi buksa er ukomfortabel å gå med. Det kallar me bomkjøp de lux. Finst ikkje noko meir irriterande skapfyll enn det.Lærdomen er: Tenk over kva plagg du brukar mest og er mest glad i. Still deg spørsmålet; «kvifor likar eg akkurat dette plagget så godt»? Dersom du er bevisst på kva du brukar mykje og kvifor, er det stor sjans for at du gjer gode og gjennomtenkte kjøp neste gong du treng eit nytt plagg.Som eg nemnte forrige månad så skulle eg tipse om innhald i klesskapet som er kome for å bli. Denne månaden vil eg difor tipse meir spesifikt om:

    • Bukser med mykje bomull og minst 2% elastan. Då får ein behagelege bukser med litt stretch, samstundes som dei er faste nok til at dei ikkje er tights. Her likevel smaken som baken, så det luraste er at du les vaskelappen på yndlingsbuksene dine. Sjekk kva materiale dei inneheld og kor mykje av kvar. Gå så etter vaskelappen ved neste kjøp!
  • Plagga ein brukar ofte, er dei plagga ein bør kjøpe i best kvalitet.
    Eg brukar bomullstrøyene mine særs ofte. Langerma, kortarma, grå og kvite. Dei har vore fast inventar i klesskapet i alle år og blir nytta like mykje til å ha under dressjakke på jobb som til trening. Dei fleste av dei er no tynnsletne og fulle av hol. Ingen av dei vart kjøpt 31. desember i fjor, men eg lurar likevel på om eg bør gå til innkjøp av tjukkare bomullskvalitet neste gong då dette er bruksplagg. Eg tek gjerne i mot tips!

    Bærre lækkert!
    Bærre lækkert!
  • Renseri er stas og bør ikkje nyttast berre på dei mest kostbare plagga.
    Om ein tek godt vare på kleda ein har, -uansett pris og kvalitet, varar dei mykje lengre.

    Jakke frå H&M på rens? Er ikkje det litt råflott? Nei!
    Jakke frå H&M på rens? Er ikkje det litt råflott? Nei!
  • Det som var meint som shoppestopp på klede og sko, har hatt påverknad på andre innkjøp.
    Shoppestopp-prosjektet har ført til auka bevisstgjering rundt forbruk i seg sjølv. Dette gjeld særskild innkjøp av mat, møblar og ikkje minst utstyr til baby. Ein gjer færre innkjøp, grublar meir og sonderer marknaden i større grad enn tidlegare.Dette har merkbar innverknad på forbruk, skapfyll, avfall, lommebok og ikkje minst tid. På toppen av det heile vert ein mykje meir nøgd med dei kjøpa ein gjer! Eige innlegg om dette kjem.

    Kjem du over stort eller smått som du lurar på om du skulle hatt? Ta eit bilete med mobilen, gå heim og sov på det. I 9 av 10 tilfelle er ikkje behovet der dagen etter. Om det er der, ja då er det godt mogleg det er eit god kjøp!
    Kjem du over stort eller smått som du lurar på om du skulle hatt? Ta eit bilete med mobilen, gå heim og sov på det. I 9 av 10 tilfelle er ikkje behovet der dagen etter. Om det er der, ja då er det godt mogleg det er eit god kjøp!

Ha ein strålande laurdag!

/Inga

Shoppestopp 2013 / Shoppa smart!

Uten navn
Nei, dette er ikkje ein hybrid engelsk-nynorsk tittel på eit innlegg. Det er snarare tittelen på eit av spora til svenske En economistas podcast, utgjeven og laga av Isabella Löwengrip og Pingus Hadenius. Dei fleste kjenner nok Löwengrip som bloggaren «Blondinbella«, medan Hadenius er svensk journalist og siviløkonom.

Dei har saman skreve boka Economista og denne podcastan byr på smakebetar frå den. Hovudmålet i boka er kort og godt å gi kvinner meir kunnskap om smart privatøkonomi. Fordommane var mange i forkant av dette bokprosjektet, då særskild Löwengrip ikkje har blitt assosiert med økonomisk måtehald. Resultatet har difor overraska kritikarane.

Eg har berre høyrt podcasten og er begeistra. Den er informativ, inspirerande og motiverande. Spesielt aktuelt var sporet om korleis shoppe smart, som inneheld mange gode tips som er litt i gata til dette shoppestopp-prosjektet mitt.

Nokre av dei personlege råda til Löwengrip og Hadenius er: Bruk meir pengar på færre ting. Kjøp saker som du veit passar deg, din kropp og din kvardag. Tenk kvalitet og haldbarheit, -og ikkje minst: sov på alle potensielle kjøp over 500 kr.

Podcasten er gratis og absolutt verdt lyttetida. Lag deg ein kopp kaffi og rigg deg til i sofaen, eventuelt snør på deg joggeskoa og gå deg ein tur med øyreproppar i øyrene!

/Inga

Shoppestopp 2013 / Tilståing

DSC_0231 2

Eg har ei tilståing å komme med. Eg har sprukke. Eg har kjøpt eit produkt. Type tekstil. Type klede. Sukk.

Men. Før me kallar dette ei falitterklæring, må eg meddele at dette var av helsemessige årsaker.

Dette svangerskapet har forsåvidt gått fin-fint og eg har ikkje sett noko til verken sug etter murpuss og sylteagurkar, grinebyger eller tidleg bekkenløysing. Men. Den siste tida har eg stadig vekk fått kramper i leggane på nettene. Leggane kjenst som om eg har sprunge halvmaraton. Etter råd frå jordmor gjekk eg difor til innkjøp av støttestrømper for å betre blodsirkulasjonen.

Mitt eige shoppstoppråd som består av meg sjølv og …meg sjølv, har bestemt at denne passerer (dog under tvil) då det aldri var tenkt at dette prosjektet skulle vere smertefullt. I hvertfall ikkje smertefullt fysisk sett. Då det er den einaste sprekken fram til no, er dette også formildande omstende.

Kva seier dykk?

/Inga (aka frikjend syndar)