Shoppestopp 2013 / Utviding av bukser utan nål og tråd

DSC_0004 11 3-001

Buksene mine er av dei plagga eg nyttar mest i kvardagen. -Men kva om buksa er litt trang ein dag? Her er eit tips til korleis ein kan forlenge brukstida til krympande bukser.

Bukser med stretch er gull verdt

Eg har brukt eigne bukser i tillegg til lånte gravidbukser under graviditeten. Fleire av buksene mine er låge på livet og inneheld elastikk. Dette har ført til at dei kunne tilpassast ein veksande mage og «dyttast» under magen etterkvart som den vart stor.

Bukser som inneheld stretch er gull verdt i ein basisgarderobe, -uansett gravidkropp eller ei!

Utviding utan nål og tråd

Men.

Nokre dagar «heng» gravidmagen meir enn andre, og då har eg nytta ekstraløysingar for å utvide buksene mine utan å ty til nål og tråd.

Den beste løysinga har vore å tre ein hårstrikk gjennom knappehullet, tre eine enden tilbake gjennom den andre delen slik at ein lagar ei løkke, for så å feste løkka i knappen i buksa. Då utvider ein livet på buksa med mange cm og ein får ein behageleg strikk i livet.

Ribbon belt

For å dekke over strikken passar eg anten på å ha ein lengre overdel på meg, eller så har eg gått i mannen sitt skap og lånt meg eit sløyfebelte (ribbon belt). Dette er slike tekstilbelter utan hol som ein tilpassar sjølv.

Desse belta er kort og godt geniale. Dei er behagelege  som dekke for strikken, men også fordi det ikkje er heilt fastlåste i livet. Dette er noko å tenkje på dersom ein ikkje har shoppestopp. Beltet passar alltid, -uansett dagsform og dagskropp!

DSC_0036 11

Belte av sjal og skjerf

Eg har også nytta mykje skjerf og sjal som eg brettar til ein trekant for så å rulle dei saman. Ved å tre dei gjennom bukselinninga og knyte på sida, får ein fargerike og fine belte som ein tilpassar etter dagsform og størrelsen på magen.

Dette har vore ein favoritt i mange år, då det er ein morosam, fargerik og fin måte å nytte sjala ein har hengande på.

DSC_0047 12

NB: beklagar tåkete bilete! Kameraet var nok litt trøytt i dagmorges. 🙂

/Inga

Shoppestopp 2013 / Juli

Framleis meir moro med neglelakk enn til vanleg!
Framleis meir moro med neglelakk enn til vanleg!

Juli-månad vart som juni. Enklare å gjennomføre grunna ein slakk feriestil. Likevel lærte eg litt nytt om shoppestopp denne månaden også!

  • Eit shoppestoppår handlar like mykje om å finne ut kva ein brukar som kva ein ikkje brukar. Det er det fine! Ein oppdagar stadig vekk saker i garderoben som ein er uendeleg glad for at ein har, og som såleis etter dette året for alltid vil vere del av basisgarderoben. Eg tenkte difor eg kanskje skulle byrje å tipse om småsaker som definitivt er komne for å bli, og som eg gler meg over stadig vekk. Først ut:
    • Ullundertrøyer. Mine er gull! Eg plar å bu i ullundertrøyene mine frå september til april (ull i alle månadar med r i, folkens!). Eg har nokre slike tynne, ermelause, som ein fint kan ha under t-skjorter, skjorter og tynne genserar. På småkjølige somarkveldar denne månaden har ullundertrøyene blitt tatt fram stadig vekk. Dei er lange, elsatiske og rommar slik gravidmagar også. Dei held deg lun, varm og gir komfort til tusen. Mine er frå Pierre Robert og er kort og godt kjøpt på den lokale matbutikken. Sjå i hyllene med sokkar, strømpebukser etc. Ein finn dei over alt. Ullundertrøye folkens, -det er eit must i basisgarderoben!
  • Etter åtte månadar har eg byrja å sjå slitasje på nokre av plagga i klesskapet. Det er t-skjortene som får hardast medfart, men det er også dei eg brukar oftast. Eg brukar t-skjortene mine til både kvardags og trening. Dei er fleirbruksplagg og lever i eit evig kretsløp mellom ytterst i skapet, kropp, skittentøykorg og vaskemaskin. Eg hugsar likevel ikkje sist eg sleit ut ei t-skjorte. Som oftast kjøper eg stadig vekk nye då eg brukar dei hyppig og gir heller bort t-skjorter som etterkvart vert misfarga eller krymper i vask. No har dei evig liv, -heilt til dei ender opp som pussefille etter lang og tru teneste. Dette er ein betre bruk av ressursar og dermed meir miljøvenleg.

    Skikkeleg nais.
    Skikkeleg nais. Neste funksjon: pussefille.
  • Det er mange triks ein kan ty til for å forlenge bruken av kleda i eit svangerskap. Har du høyrt om hårstrikktrikset? Veit du eigentleg kor genialt eit justerbart belte utan hol er? Eller kva med dei mange funksjonane til skjerf og sjal? Eige innlegg om dette kjem!
  • Dette vart den store bryllaupsmånaden kor eg byrja å drodle med nokre venninner om ein «kjolepark». Idéen kom etter ulike byttelån av kjolar før den store bryllaupssesongen. Kjolar og andre antrekk til ekstra fine anledningar vert sjeldan brukt, men det er likevel då me ofte gjer dei største bomkjøpa og brukar mest pengar, -i frustrasjon over å «ikkje ha noko å ha på seg». Kva om ein kunne ha byttelånt i større grad? Slik hamna ein av mine kjolar i bryllaup i Roma og Beirut denne somaren i staden for å keie seg i skapet. Eg sjølv skal lufte ein fin-fin kjole for kusina mi i bryllaup denne helga. Eige innlegg om kjoleparken kjem!
Plass til pupper, mage og masse kake!!! HURRA!!
Plass til svangerskapspupper, mage OG masse kake! HURRA!!
  • Dette shoppestoppåret handlar mellom anna om å bli mindre materialistisk, å klare seg med færre ting og setje pris på det ein har. Merkeleg nok (eller kanskje ikkje) har dette som tidlegare nemnt resultert i enorm glede dei få gongene eg då får noko, anten til låns eller i bursdagsgåve frå andre. Den barnslege gleda boblar opp i meg og eg vert ekstremt glad for å få låne og/eller få merksemda. Ein vil nok alltid ha ein materialist i seg, men det er meir stas å oppleve den materielle gleda i konsentrert form enn som eit svakt, flyktig pust slik eg gjorde tidlegare då eg kjøpte saker stadig vekk. Denne månaden var det eit par fine, bortgløymde shorts i eit skap i  barndomsheimen og lån av ei fargebombe av ein kjole som fekk fram min indre  Amy Farrah Fowler.

/Inga (som lurar på om det berre er ho som har ein indre Amy Farrah Fowler).

Ein grüner Tag in Grünerløkka

Blått er flått flott. Ups. Litt tabloid-skada etter somaren.
Blått er flått flott. Ups. Litt tabloid-skada etter somaren.

I dag gjorde eg noko eg sat og drøymde om under eksamensinnspurten i vår. Eg via ein heil dag til trasking, kiking, eting, drikking og heng med fine folk i tigerstaden. For å gjere ein morosam tvist på det, laga eg meg ei grøn rute for dagen, inspirert av ulike Oslo-guidar og tips frå andre.

Her er ein liten, grøn guide for ein dag i Oslo, -nærare bestemt Grünerløkka, då området rundt Olaf Ryes plass har flust med flotte øko-stader ein bør besøke.

Eg fekk ein heidundrande fin dag på Løkka. Kanskje får du også lyst til å ta turen?

Godt brød, Thorvald Meyers gate 49.

Då eg var student i Bergen forelska eg meg i Godt Brød. Konseptet og maten er heilstøypt og velsmakande. Dei får stort pluss i boka då ein kan sjølv velje pålegg, ost, pestoar, grønsaker med meir og få nybakst påsmurt der og då. I tillegg har dei eit rikt utval av andre bakervarer, kortreiste, økologiske produkt og god kaffi.

Dette vart eit naturleg stopp for frukosten i dag. Her hadde dei også ein koseleg bakgård med søte fuglar, gløtt frå morgonsola og god stemning.
20130731-210256.jpg20130731-210319.jpg

Balanzera, Sofienberggata 2b.

Håret mitt er ikkje så godt vedlikehaldt. Eg hugsar ikkje sist eg var hjå frisøren. Som oftast er det mannen som stussar det litt, men det har eg også gløymt ut å be han om det siste året. No såg det ut som eit kosteskaft på endane og i den anledning bestilte eg time hjå den økologiske frisørsalongen Balanzera. Eg har høyrt gjetord om denne salongen så forventningane var skyhøge.

Forventningane vart innfridd. Så til dei grader. Eg fekk verdens hyggelegaste frisør som forstod med ein gong korleis eg ville ha det (det er ikkje eg vand med!) og som gav meg den finaste klyppen eg har hatt nokon gong. Ho brukte berre økologiske hårprodukt. I staden for å lukte kjemikalier lukta produkta berre himmelsk godt og gjorde håret mitt silkemjukt og fint.

Kombinert med søvndyssande hovudmassasje, servering av kaffi/te og gode råd med omsyn til økologiske hårprodukt (utan at noko vart pressa på deg), svevde eg særs nøgd ut døra. Eg kjem tilbake!
20130731-210349.jpg20130731-210339.jpg

Frelse, Markveien 51.

Frelse er ein liten hudpleiebutikk som berre sel økologiske merke. Her finn ein kjende merke som Weleda og John Masters Organics, men også mindre og meir ukjende merke. Her kan ein finne mykje spanande og ikkje minst få gode råd av den engasjerte og enormt hyggelege dama som jobbar der. Eg vart reint glad av å kike innom!
20130731-210357.jpg20130731-210436.jpg

Fretex, Sofienberggata 8.

Som sagt kan eg kjøpe brukt dette shoppestopp-året. Eg har ikkje kjøpt noko enda, men tok turen innom Fretex i dag. Eg er ikkje bevandra i second hand-verda og vart overraska over kor fresh butikken var. Der eg hadde forestilt meg eit hav av bruktklede hulter til bulter, var det her fargekoordinert og kult presentert. Der var mykje fint og eg må tilbake!!

Planen var også å stikke innom Frøken Dianas salonger og Velouria Vintage, men tida strakk diverre ikkje til. Eg har høyrt mykje skryt om desse to stadene. Eg planlegg ny vintage-ekspedisjon til Løkka, for her er det tydelegvis noko eg går glipp av.
20130731-210409.jpg

Food Story, Thorvald Meyers gate 61.

Food Story er ein bistro med fokus på kortreiste, nordiske råvarer. Dei tilbereder maten utan kunstige tilsetjingsstoff og med flest mogleg økologiske råvarer. Eg åt lunch her i godt lag og gjekk for dagens lunchrett som var røykt røye med skagensalat og nypoteter. Det var heilt nydeleg!! Med økologisk rabarbrasaft til, var smakslaukane meir enn nøgde og eg trilla ut att.

Dette er ein særs anbefalt lunsjstad og eg må tilbake for å prøve middagsmenyen også. Dei har store porsjonar og ein hyggeleg bakgård som ein kan sitje ute og ete i.

20130731-210448.jpg

Mathallen, Maridalsveien 17.

Eit sjølvsagt grønt stopp i Oslo er Mathallen. Her finn ein eit rikt utval råvarer (mellom anna mykje økologisk) og etemoglegheiter. Å tusle rundt og smake, lukte og gjerne kjøpe med seg fine saker til å ta med heim, er kort og godt definisjonen på god stemning!

(Om du er skeptisk til prisnivået i Mathallen, anbefaler eg å lese Joacim Lund sin kommentar Er Mathallen et kaksefenomen?. Oppklarande og viktig lesnad.)
20130731-210540.jpg20130731-210515.jpg20130731-210528.jpg

Akerselva

Når ein er mett etter å ha smakt seg gjennom Mathallen og er metta på butikkinntrykk elles, er det fint å slentre ein tur langs Akerselva. Små fine lunger langs vegen, fine fordums industribygningar og ei klukkande elv gir sjelero.
20130731-210552.jpg20130731-210601.jpg

Om du er nysjerrig på økologiske utsalsstader og restaurantar i Oslo, anbefalar eg Ren Mat sin økoguide. Den byr på mykje interessant lesnad.

Har du nokre fine økotips i Oslo-området eller stader elles i landet? Kom med dei!

/Inga

Shoppestopp 2013 / Juni

Dagens outfit somaren 2013.
Dagens outfit somaren 2013.

Juni vart månaden kor humpen byrja å vokse, kor eg hadde bursdag og kor eg fekk somarferie. Dette førte til fylgjande shoppestopp-observasjonar:

  • Sjølv om magen ikkje kjem så raskt når ein har lang rygg, vert t-skjortene likevel farleg korte. Eg har difor måtte legge bort flesteparten av t-skjortene mine allereie då eg fekk ein heil del uønska cropping-situasjonar. Magetopp er for alle uansett kva Signy Fardal måtte meine, men frostpinnar som meg trivst helst utan trekk på magen.
  • Bursdag er ein fin ting når ein har shoppestopp. Plutseleg kom det fleire nye gravidvennlege plagg i klesskapet frå snille folk som tykkjer det er alt for gale at ein ikkje har noko å vekse i. Kjekt!

20130709-120151.jpg

  • Det vert så uendeleg mykje meir stas å pynte seg når ein har shoppestopp.  Eg veit ikkje heilt kvifor. Kanskje fordi ein nyttar klede og sko ein ikkje brukar i kvardagen? Høghæla sko, reine klede, nyvaska hår(!) og litt parfyme, er alt som skal til for at eg kjenner meg hakket meir pynta. Det enkle er ofte det beste og godt er det.

20130709-120533.jpg

  • Somarferie er genialt for oss shoppestopparar. Det er varmare i veret og ein treng mindre klede. I tillegg kan ein byte ut stryking av skjorter og matching, med treningsklede, klogger og jordete jeans heile dagen. Det har vore min uniform dei siste vekene og har ført til at shoppestopprosjketet heilt har gått i gløymeboka. Kva ein har på seg hamnar kort og godt langt ned på prioriteringslista når ein har slakk somarferiestil!

20130709-120525.jpg

  • Det er litt nedtur når ein finn eit fin-fint skjørt bakerst i skapet som ein tek på seg til somarfesten, og ender opp med å søle diesel over heile skjørtet på vegen dit. Eg gjekk rundt og lukta bilverkstad heile kvelden, men pytt pytt. Ein hadde det moro lell! Det er tross alt berre eit skjørt! (Skjørtet fekk overnatte i ei bøtte med vatn og Zalo. Eg satsar på at det gjorde susen).

/Inga som er i somarferiemodus og som difor ikkje heilt heng med i kalenderen.

Shoppestopp 2013 / Om humpar i vegen

20130630-184757.jpg
– Tittel på biletet: hump og dokost.  –

Hugsar de eg nemnte at eg synte nokre humpar i vegen i dette shoppestopp-prosjektet? Humpane, eller snarare humpen nærmar seg fortare enn fortast. Dette shoppestopp-prosjektet gjekk forsåvidt så alt for greitt, så kvifor ikkje legge ein graviditet? -tenkte eg. Neida. Joda. Neida.

Dette er ein veldig hyggeleg (og etterlengta) hump. Per no er den i veke 21 (for de som er like lite oppdaterte på slikt som meg før eg vart gravid, så betyr det at eg er rett over halvvegs). Grunna den tidlegare nemnte lange overkroppen, har ikkje humpen byrja å komme til syne før no. Men no kjem den stormande, og byr snart på nye utfordringar i shoppestopp-prosjektet.

Enn så lenge passar dei vanlege kleda mine. Eg har heldigvis mange lause overdelar og anna som eg kan vekse i. I tillegg har eg fått arve litt klede frå venninner og familie som tykkjer det er synd i ein gravid shoppestoppar. Eg på mi side er stornøgd med det. Ei sak er at eg ikkje skal kjøpe nye klede, men å måtte krype til korset for å kjøpe klede som eg berre kan nytte i nokre månadar før dei hamnar langt bak i skapet, fortonar seg akkurat no som litt småkjipt.

Mest sannsynleg er dette ein alt for breial og eplekjekk holdning til svangerskap og shoppestopp-prosjekt. Mest sannsynleg må eg på eit eller anna tidspunkt bite i det sure eplet for å unngå å gå i badekåpe på jobben. -Men, aller mest sannsynleg, kjem eg til å gjere mitt ytterste for å oppretthalde shoppestopp-året. For det er jo det som er målet, med eller utan super size me-prosjekt.

Fylg med vidare!

/Inga