Vitaminer mot haustbasseluskar

DSC_1153

Skarlagensfeber, munn- og handsjuke, luftvegsvirus med meir. Har ein barnehageborn, blir ein introdusert for mykje rart av basseluskar. Kven har til dømes høyrt om munn- og handsjuke før? Ihvertfall ikkje eg. Det næraste eg kom var kugalskap…! Det var det heldigvis ikkje.

Eg krysser fingrar og tær for at basseluskane held seg på ei armlengdes avstand framover. I mens køyrer eg på med alt eg trur kan halde kroppen frisk og rask. Som til dømes denne vitamininnsprøytinga av ein smoothie. -Og om den ikkje skulle funke for kroppen, smakar den uansett veldig godt!

Ingredienser

  • 1 godt moden pære
  • to handfuller spinat
  • 1 «tommel» fersk, finhakka ingefær
  • 1 dl eplejuice
  • litt sitronsaft / limesaft
  • 2-3 isbetar
  • 1 ss chiafrø

Køyr alt saman i blender til du har ein jamn smoothie. Evt. ha chiafrøa i til slutt og rør rundt.

Ha ein strålande og basseluskfri kveld!

/Inga

Smoothie med raudbete, ingefær og bringebær

DSC_0092 2 DSC_0100 3

Eg kikar ut vindauget og det høljar ned. Kor vart det av maiveret? 17. mai skal feirast i Bergen i år. Trass i venta meldingar om regn i regnbyen, gler eg meg uhorveleg til fine vener, buekorps, bunad og alt som høyrer til. 17. mai er ein staseleg dag!

Om det regnar eller ikkje regnar; her er ei lita vitaminbombe som hever dagar med kvardagsgruff.

Ingredienser (1 stort glas)

  • 1 lite glas mjølk
  • 1 kopp frosne bringebær
  • 1/2 banan
  • 1 raudbete
  • 1 ts finhakka ingefær

Skrell banana og raudbeten og del opp i grove betar. Køyr alle ingrediensene i ein blender eller med stavmiksar. Voila!

/Inga

Smoothie med bringebær og grapefrukt

DSC_0018 9

Viss ein likar grapefrukt, likar ein denne smoothien. Den smakar hakket meit bittert enn andre smoothiar, men det tykkjer eg er friskt og godt! Saman med mango, bringebær og spissa med ingefær, er den ein skikkeleg oppkvikkar!

Ingredienser for to glas

  • 1/2 grapefrukt
  • 1 kopp frosne bringebær
  • 1/2 mango skjært i betar
  • 1 tomme grovhakka ingefær
  • 1 kopp appelsinjuice

Bland saman alle ingrediensene i ein blender eller med stavmiksar. Spe på med meir appelsinjuice om du tykkjer den blir for tjukk.

Asvlutt med å nyte den ute i sola, -gjerne med Panama-hatten på!

/Inga

DSC_0019 9