Smoothie med bringebær og grapefrukt

DSC_0018 9

Viss ein likar grapefrukt, likar ein denne smoothien. Den smakar hakket meit bittert enn andre smoothiar, men det tykkjer eg er friskt og godt! Saman med mango, bringebær og spissa med ingefær, er den ein skikkeleg oppkvikkar!

Ingredienser for to glas

  • 1/2 grapefrukt
  • 1 kopp frosne bringebær
  • 1/2 mango skjært i betar
  • 1 tomme grovhakka ingefær
  • 1 kopp appelsinjuice

Bland saman alle ingrediensene i ein blender eller med stavmiksar. Spe på med meir appelsinjuice om du tykkjer den blir for tjukk.

Asvlutt med å nyte den ute i sola, -gjerne med Panama-hatten på!

/Inga

DSC_0019 9

Kjølande knask til varme dagar

DSC_0007 9   DSC_0011 7

Frosne druer er nydeleg no om våren og somaren. Heilt sidan eg kom over det gode tipset, har eg stadig vekk hatt ein klase frosne druer liggande i fryseboksen. Grunna mykje sødme, får druene ein sorbet-aktig konsistens og blir ikkje harde.

Druene er kjølande, søte og supre å knaske på på varme somardagar.

Skyll druene og klapp dei tørre med eit kjøkenhandklede. Legg dei i ein pose eller tilbake i emballasjen før du plasserer dei i fryseboksen. Etter nokre timar er dei frosne.

Frosne druer er óg genialt å nytte i smoothies, så det er lurt å ha eit lite lager. Eg likar best dei raude, steinfrie druene då dei har mest sødme, men her må ein smake seg fram.

God 1. mai!

/Inga

Heimelaga sjokolade med pistasjnøtter og honning

DSC_0518

For lenge sidan kjøpte eg kakaosmør og råkakao i ein helsekostbutikk. Pakkane har blitt ståande men denne helga fekk en anden over meg. Resultatet vart sjokolade med pistasjnøtter og honning. Godt som berre det til ein kopp med te (oi, rim!).

Eg nytta agavesirup og honning som søtningsmiddel. Ein kan også bruke sukrin om ein ikkje vil bruke farin. Sukrin tykkjer eg ofte gir ein «kald» smak, men her bør ein altså smake seg fram sjølv. Både med omsyn til søtningsmiddel og mengde.

Basisoppskrift:

  • 100 g råkakao
  • 50 g kakaosmør
  • 1/2 ts vaniljepulver
  • agavesirup/honning/sukrin/farin

Smakstilsetjing:

  • honning
  • ei handfull pistasjnøtter

Smelt kakao og kakaosmør i vassbad. Smak til med søtningsstoff og vaniljepulver. Hell over i ynskja form(er) og topp sjokoladen med grovhakka pistasjnøtter. Sett kaldt i kjøleskapet.

Eg nytta eit rektangulært fat og brakk opp betar då sjokoladen var stivna. Neste gong skal konfektformene prøvast ut, då dei er meir anvendelege.

Med basisoppskrifta kan ein eksperimentere i det vide og det breie. Sjokolade med salt og sjokolade med chili står på lista over kva som skal prøvast ut neste gong!

DSC_0519   DSC_0506

/Inga

Kalde hjarter for å feire varme hjarter

DSC_0460   DSC_0459

Fastelaven og morsdag på same dagen! På dagar som denne skulle eg så inderleg ynskje eg budde nærare foreldre og besteforeldre. Det er så mykje meir koseleg å feire saman.

Planen i dag var å bake berlinerbollar i staden for fastelavensbollar, men då det prosjektet hamna i grøfta (notat til meg sjølv: slike prosjekt går av ein eller annan grunn aldri etter planen første gongen), måtte eg ty til ein plan B.

DSC_0452

Eg dro innom den søndagsopne butikken for å handle mjøl i føremiddag. Heldigvis var køen såpass lang at eg surfa innom Instagram medan eg sto og venta. Der kom eg over Susanne Kaluza sine geniale youghurthjarter. Eg raska med meg ein boks skogsbæryoughurt for å prøve heime.

Youghurt med smak tykkjer eg ofte er alt for søtt til å brukast til frukost. Det passar langt betre som dessert. Difor er desse små ishjartene geniale som snop eller som minidessert. Samstundes som dei inneheld sukker, vil eg tru dei er hakket sunnare enn anna godis. Fyll små former med youghurt og sett dei i fryseboksen i ein time. Eg brukar desse formene.

Nyt youghurthjartene som dei er, eller smelt litt sjokolade og lag sjokoladetrekk. Enkelt, friskt og godt!

DSC_0444

Kjære mamma og alle andre fine mødre der ute; gratulerer med dagen! Ikkje bekymre dykk så mykje, -de gjer allereie ein storslagen jobb! Hugs det.

/Inga

Grove vaflar

DSC_0233 1

Etter eg fekk vaffeljern til jul, er søndag blitt den store vaffeldagen. Vaflar er fabelaktig søndagskos. Om ein lagar ein grovare variant, passar dei også fint med anna pålegg.

Denne grove oppskrifta er veldig god. Eg fann den her og i fylgje ernæringsfysiolog Camilla Andersen, er denne oppskrifta såpass grov at vaflane også kvalifiserer som matpakkemat! Lag difor dobbel røre, så har du til morgondagen også. Nyt saman med brunost eller som her; med rømme og blåbær.

Ingredienser (6 plater)

  • 1 ½ dl kveitemjøl
  • 1 ½ dl sammalt kveite, fin
  • 1 dl havregryn
  • ½ ts salt
  • ½ ts bakepulver
  • 4 dl mjølk
  • 2 stk egg
  • 2 ss smør

Bland saman dei tørre ingrediensene, og tilsett avkjølt, smelta smør, mjølk og egg. Rør godt. La røra svelle i 15-20 minutt før du steiker vaflane.

/Inga