Ein grüner Tag in Grünerløkka

Blått er flått flott. Ups. Litt tabloid-skada etter somaren.
Blått er flått flott. Ups. Litt tabloid-skada etter somaren.

I dag gjorde eg noko eg sat og drøymde om under eksamensinnspurten i vår. Eg via ein heil dag til trasking, kiking, eting, drikking og heng med fine folk i tigerstaden. For å gjere ein morosam tvist på det, laga eg meg ei grøn rute for dagen, inspirert av ulike Oslo-guidar og tips frå andre.

Her er ein liten, grøn guide for ein dag i Oslo, -nærare bestemt Grünerløkka, då området rundt Olaf Ryes plass har flust med flotte øko-stader ein bør besøke.

Eg fekk ein heidundrande fin dag på Løkka. Kanskje får du også lyst til å ta turen?

Godt brød, Thorvald Meyers gate 49.

Då eg var student i Bergen forelska eg meg i Godt Brød. Konseptet og maten er heilstøypt og velsmakande. Dei får stort pluss i boka då ein kan sjølv velje pålegg, ost, pestoar, grønsaker med meir og få nybakst påsmurt der og då. I tillegg har dei eit rikt utval av andre bakervarer, kortreiste, økologiske produkt og god kaffi.

Dette vart eit naturleg stopp for frukosten i dag. Her hadde dei også ein koseleg bakgård med søte fuglar, gløtt frå morgonsola og god stemning.
20130731-210256.jpg20130731-210319.jpg

Balanzera, Sofienberggata 2b.

Håret mitt er ikkje så godt vedlikehaldt. Eg hugsar ikkje sist eg var hjå frisøren. Som oftast er det mannen som stussar det litt, men det har eg også gløymt ut å be han om det siste året. No såg det ut som eit kosteskaft på endane og i den anledning bestilte eg time hjå den økologiske frisørsalongen Balanzera. Eg har høyrt gjetord om denne salongen så forventningane var skyhøge.

Forventningane vart innfridd. Så til dei grader. Eg fekk verdens hyggelegaste frisør som forstod med ein gong korleis eg ville ha det (det er ikkje eg vand med!) og som gav meg den finaste klyppen eg har hatt nokon gong. Ho brukte berre økologiske hårprodukt. I staden for å lukte kjemikalier lukta produkta berre himmelsk godt og gjorde håret mitt silkemjukt og fint.

Kombinert med søvndyssande hovudmassasje, servering av kaffi/te og gode råd med omsyn til økologiske hårprodukt (utan at noko vart pressa på deg), svevde eg særs nøgd ut døra. Eg kjem tilbake!
20130731-210349.jpg20130731-210339.jpg

Frelse, Markveien 51.

Frelse er ein liten hudpleiebutikk som berre sel økologiske merke. Her finn ein kjende merke som Weleda og John Masters Organics, men også mindre og meir ukjende merke. Her kan ein finne mykje spanande og ikkje minst få gode råd av den engasjerte og enormt hyggelege dama som jobbar der. Eg vart reint glad av å kike innom!
20130731-210357.jpg20130731-210436.jpg

Fretex, Sofienberggata 8.

Som sagt kan eg kjøpe brukt dette shoppestopp-året. Eg har ikkje kjøpt noko enda, men tok turen innom Fretex i dag. Eg er ikkje bevandra i second hand-verda og vart overraska over kor fresh butikken var. Der eg hadde forestilt meg eit hav av bruktklede hulter til bulter, var det her fargekoordinert og kult presentert. Der var mykje fint og eg må tilbake!!

Planen var også å stikke innom Frøken Dianas salonger og Velouria Vintage, men tida strakk diverre ikkje til. Eg har høyrt mykje skryt om desse to stadene. Eg planlegg ny vintage-ekspedisjon til Løkka, for her er det tydelegvis noko eg går glipp av.
20130731-210409.jpg

Food Story, Thorvald Meyers gate 61.

Food Story er ein bistro med fokus på kortreiste, nordiske råvarer. Dei tilbereder maten utan kunstige tilsetjingsstoff og med flest mogleg økologiske råvarer. Eg åt lunch her i godt lag og gjekk for dagens lunchrett som var røykt røye med skagensalat og nypoteter. Det var heilt nydeleg!! Med økologisk rabarbrasaft til, var smakslaukane meir enn nøgde og eg trilla ut att.

Dette er ein særs anbefalt lunsjstad og eg må tilbake for å prøve middagsmenyen også. Dei har store porsjonar og ein hyggeleg bakgård som ein kan sitje ute og ete i.

20130731-210448.jpg

Mathallen, Maridalsveien 17.

Eit sjølvsagt grønt stopp i Oslo er Mathallen. Her finn ein eit rikt utval råvarer (mellom anna mykje økologisk) og etemoglegheiter. Å tusle rundt og smake, lukte og gjerne kjøpe med seg fine saker til å ta med heim, er kort og godt definisjonen på god stemning!

(Om du er skeptisk til prisnivået i Mathallen, anbefaler eg å lese Joacim Lund sin kommentar Er Mathallen et kaksefenomen?. Oppklarande og viktig lesnad.)
20130731-210540.jpg20130731-210515.jpg20130731-210528.jpg

Akerselva

Når ein er mett etter å ha smakt seg gjennom Mathallen og er metta på butikkinntrykk elles, er det fint å slentre ein tur langs Akerselva. Små fine lunger langs vegen, fine fordums industribygningar og ei klukkande elv gir sjelero.
20130731-210552.jpg20130731-210601.jpg

Om du er nysjerrig på økologiske utsalsstader og restaurantar i Oslo, anbefalar eg Ren Mat sin økoguide. Den byr på mykje interessant lesnad.

Har du nokre fine økotips i Oslo-området eller stader elles i landet? Kom med dei!

/Inga

Somarkaka

DSC_0172

Somaren er på hell, og eg er tilbake på Austlandet. No ventar eit bryllaup til helga og syttiårsdag helga etter, -SÅ er me klare for å ta fatt på den verkelege kvardagen igjen!

Det er noko med det å få tid til å berre pusle i heimen litt i somarferien også. Nokre maleprosjekt og ryddeprosjekt er allereie i gong. Det vart mykje me måtte utsetje grunna ein hektisk vår på jobb og studier. Med nok kaffi/te, oppbretta ermer og litt sjokolade håpar eg på å få unnagjort mange av punkta på lista, -og eg må sei er gler meg! Det er ingenting som er så fint som å få litt orden i sysakene og starte hausten med nokonlunde blanke ark!

I mellomtida legg eg ut denne kakeoppskrifta som eg må lage minst ein gong kvar somar. Den er frisk, himmelsk god og smakar skikkeleg av somar. I tillegg kombinerer den noko av det beste eg veit, nemleg smaken av sjokolade, frukt og bær!

Denne kaka inneheld både cottage cheese og havregryn. Slik sett er den også litt matnyttig. Kremt. Om ein vil, kan ein gjere somarkaka sukkerfri ved å velje sukkerfri gelé og youghurt. Eg brukte vanleg jordbærgelé men Yoplait sin bringebær- og jordbæryoughurt utan sukker. Det er lurt å bruke same smakane i gelé og youghurt.

Ingredienser

  • 100 g mørk sjokolade (gjerne med 70% kakaoinnhald!)
  • 5 dl havregryn
  • 1 pk gelé
  • 500 g youghurt (1 stor boks eller 4 små)
  • 1 boks cottage cheese

Smelt sjokoladen i vassbad. Rist havregryna i ei tørr panne. Bland saman havregryn og sjokolade. Trykk ned i kakeforma slik at du har ein jamn botn. Sett i kjøleskapet til kjøling slik at botn hardnar.

Kok opp pakken med gelé med halvparten av vatnet som er angitt på pakken. Medan det står til kjøling moser du youghurt og cottage cheese med stavmiksar. Dette for å finmale cottage cheesen. Bland det godt saman. Hell i den avkjølte geléen (behøver ikkje vere kald) medan du blandar godt. Hell blandinga over sjokoladebotn og sett kakeforma på eit fat i kjøleskapet. Då unngår du søl om den ikkje er heilt tett. La kaka kjølne i kjøleskapet i 2-3 timar til den er stivna.

Pynt med bær eller blomar, -så er den somarleg og fin!

DSC_0174   DSC_0176

DSC_0187  DSC_0190

Kort og godt, -ei somarkake som er lettvint å lage og som ein blir rett og slett glad av å ete!

/Inga

Nedtrapping etter lappesesongen

DSC_0348Lappar er somarmat for meg. Ingenting er som å lage ei lapperøre, ta takka ut og steike etterkvart som ein et. Nydeleg og avhengighetsskapande. For å sei det slik; eg har ete min del denne somaren.. Jeez Louise..

No er ferien litt på tampen og det er på tide å byrje å vende seg mot kvardagen. Ein brå overgong kan vere brutalt for dei fleste, så her må ein til med ei nedtrapping. Eg laga difor frukostlappar til helgefrukost i dagmorges. Desse er likevel ein litt meir nyttig versjon for kroppen. Dersom ein legg ingrediensane inn i brødskalakalkulatoren vert dei kategorisert som ekstra grove! I tillegg inneheld dei ikkje sukker.

Å ete dei varme saman med salt pålegg eller ost er ein super start på dagen. -For ikkje å snakke om du rundar av måltidet med eit par lappar til og noko søtt! Då kan ikkje dagen bli anna enn bra.

DSC_0357

Byggrynslappar

  • 1 dl byggryn
  • 2 dl vatn
  • 100 g sammalt rugmjøl
  • 60 g sikta kveitemjøl (gjerne Fibra)
  • 1 ts natron
  • 2 egg
  • 2 – 3 dl mjølk

La byggryna småkoke med vatnet i 25-30 minutt. La byggryna kjølne litt før du blandar dei saman med resten av ingrediensene. (Byggryna kan ein godt koke kvelden før.)

Bland saman alle ingrediensene og steik lappar på middels/litt over middels varme på takke eller i steikepanne. Server medan dei er nysteikte.

/Inga

Kryddersmør frå hagen

DSC_0120 1   DSC_0127 1

Me har vore ei veke på Vestlandet no etter endt ferie på Sørlandet. Eg krampeheld på hageidyllen før me bilar vidare til Valdres. Det er så uendeleg fint å ha tilgong til ein hage propfull med ferske krydder, salat med meir. Då er det enda kjekkare å lage mat (sjølv om, kremt, ein lagar minimalt med mat på dette tunet då det er mange ivrige kokkar).

Ei av sakene eg må lage når det er somar, er kryddersmør. Det er ufatteleg godt! Det er enkelt å lage og dersom ein frys det ned porsjonsvis, har ein somarleg kryddersmør langt utpå hausten.

Eg brukar 1/2 kg pakke med romtemperert meierismør, 2 fedd kvitlauk og 1-2 handfuller ulike krydder frå hagen. Her er regelen more is more! Eg nytta basilikum, løpstikke, sitronmelisse og litt graslauk.

Finhakk krydderet og press kvitlauken. Rør saman med smør og ha i ei krukke eller boks med lufttett lok. Dette er nydeleg til flatbrød eller brød attmed middagen. I tillegg er det veldig fint å gi bort!

Dersom du ikkje et opp alt iløpet av eit døgn, er det lurt å pakke smøret i passande porsjonar i plastfolie og fryse ned. Då det inneheld ferske urter skal ein ikkje la det stå for lenge. Med tørre urter held det seg lenger i kjøleskapet.

/Inga a.k.a. bonderomantikar

Matarv

Vakkert verkty spør du meg! Kjevla er handlaga av bestefar til mannen. Stas!
Vakkert verkty! Kjevla er handlaga av bestefar til mannen. Det er stas. 

Mannen er minst like oppteken av mat som meg. Det er veldig kjekt, smakfullt og ikkje minst behageleg då han ofte kokkelerer på kjøkenet og eg kjem til dekka bord. Takknemleg for å leve i likestilte 2013? Yes indeed!

Med røter i Valdres har han mange gode matminne frå barndomen. Mellom anna bestemora sine flatbrød som ho oppbevara i ei eiga skuff i kjøkenbordet. Matlaging og matminne er verdifull arv frå tidlegare generasjonar. Han har difor bestemt seg for å få dreisen på flatbrødbaksten for å vidareføre mattradisjonen. Det er eg kjempeglad for då flatbrød er genialt godt til suppe, risotto og andre rettar. -For ikkje å snakke om eit enkelt mellommåltid med mykje godt pålegg! Å ha eit lager med godt flatbrød er kort og godt kvardagsluksus.

Flatbrødprosjektet vart prøvd ut for første gong for nokre dagar sidan og viste seg å vere ein heidundrande suksess. Det vart ein stor porsjon nydelege, grove og knasande sprø flatbrød. Mykje er allereie fortært eller gitt bort til naboar. Med fulle hus på tunet og mange rundt matbordet vert det sett pris på og forsvinn fort.

Kanskje kan dette bli fast førjulsprosjekt? Heimebakst er veldig kjekke gåver. I tillegg smakar flatbrød supert til julematen. Jepp. Det trur eg me må få til.

Her er nokre smugkik frå heimebaksten. Eit kjekt somarprosjekt på ein elles regnfull vestlandsdag.

DSC_0134

DSC_0124DSC_0146DSC_0149DSC_0155DSC_0158DSC_0182