Parabenfrie somarfavorittar

DSC_0288
Solkrem frå La Roche-Posay, verdas beste somarlukt og bodylotion frå Verbana-serien til L’occitane,  farga leppomade frå norske Kremfresh, mineralpudder frå Jane Iredale og Shea smør for ein veksande gravidmage.

Denne bloggen inneheld litt skriverier om grøn kvardag. Eg er ingen ekspert.  Eg er snarare ein heilt gjennomsnittleg nordmann som ynskjer å leve eit grønare liv. Denne bloggen vert forhåpentlegvis nytta til å spreie noko av kunnskapen eg samlar på vegen.

Eg reiser til det glade Sørrrland i morgon og har med nokre fine saker i bagasjen for å ta vare på huda. Fleire av desse er gamle favorittar.

Hudpleie er noko eg prøver å vere litt bevisst rundt når eg handlar. I første omgang går eg etter hudpleieprodukt utan parabenar. Det er langt fleire ingredienser ein bør vere skeptisk til, men parabenar er er ein fin stad å byrje då det er mykje fokus på dette konserveringsstoffet no. Alle produkta ovanfor er parabenfrie.

Her er nokre saker som er greie å ha kjennskap til i hudpleie- og kosmetikkjungelen:

Har de nokre tankar rundt dette, eventuelt nokre gode og grøne tips i hudpleievegen? Kom med dei! 🙂

/Inga

Morgondis

DSC_0266

Den finaste stunda på dagen er på morgonkvisten. Disen ligg ned over liane og sola byrjar å kike fram bak åskammen. Graset er fullt av dogg og det er ein heilt eigen ro ute. Då er det fint å ta med morgonkaffien ut i hagen og tusle og kike litt før ein startar dagen. Beste oppskrifta på sjelero.

Ha ein fin dag!

/Inga

Bygdakjærleik og eit tankeras kring trening

20130701-172106.jpg20130701-172127.jpg20130701-172246.jpg

Det er litt stille her om dagen. Grunnen er at denne dama har reist heim på ferie! Når eg skriv «heim» betyr det framleis heim til barndomsbygda.

Eg kjem i kategorien «ekstremt heimekjær». Ei slik ei som snufsar høgt når ho høyrer bygdasongen og som tykkjer det å tusle rundt på heimstaden med ein kaffikopp er toppen av lukke.

Då våren gjekk på turbo med innspurt på studiet, innspurt på jobben og voksande hump, var underteikna litt frynsete i kantene i slutten av juni. Då var det godt at to ferieveker venta i finaste bygda.

20130701-172156.jpg20130701-172116.jpg20130701-172322.jpg

Eg har brukt den første veka godt. Små og store middagslurar, pusling i åkeren til mor, kaffidrikking, lesing, sosialisering, og fjellturar har stått på agendaen.

20130701-172347.jpg20130701-172401.jpg20130701-172411.jpg

FOR ein medisin det har vore å komme seg ut! Eg har sete krokbøygd over pcen samtlege helgar og ettermiddagar dei to siste månadane for å komme i mål med alt eg skulle gjere. Det å endeleg ikkje ha noko på tapetet og heller gå ut, har vore heilt fantastisk. FOR ein energi ein får, FOR nokre turopplevingar og FOR eit humør ein får!

20130701-172420.jpg20130701-172428.jpg20130701-172434.jpg

Då eg kom heim printa eg ut ein oversikt over dei ulike toppane med nutebok på kommunen sine heimesider. Som dei fleste nordmenn er eg (trass denne bygdakjærleiken) rimeleg tunblind. I alle år har eg gått opp og ned ein einaste nut og ikkje lagt merke til alt det flotte rundt meg. Denne somaren bestemte eg meg for å bli betre kjend med nærområdet og turmoglegheitene. Det har vore ei stor oppleving.

20130701-172218.jpg20130701-172235.jpg20130701-172441.jpg

Eg har oppdaga så utruleg fine stader og utsikter som eg ikkje ante var rett utanføre døra. Eg har alliert meg med vener som er meir kjende i områda («vis meg din nut, skal eg vise deg min») og det har det blitt fine, sosiale turar av. Å gå på tur med kjekke folk og la skravla og beina gå, er kort og godt mat for sjela.

20130701-172206.jpg   20130701-172145.jpg

Og det er her eg kjem inn på det dette innlegget eigentleg skulle handle om. Nemleg trening. Pulsklokka og RunKeeper-appen har gått i gløymeboka. I staden har det einsformige fokuset på trening for berre trening og persing si skuld, blitt erstatta med turglede og ei generell glede av å bruke kroppen. Det kjennes kort og godt meir meiningsfullt å ta ein fjelltur i godt lag enn å springe vetet av seg på tredemølla. Betre for skranglete kne er det og.

20130701-172301.jpg   20130701-172313.jpg

Eg er over gjennomsnittet interessert i trening og kosthald. Den siste tida har eg likevel blitt ufatteleg lei fokuset som gjeld. Strenge treningsregime og kompliserte kosthald er blitt ein raud tråd på mange treningsbloggar, i artiklar med meir. Kor vart det av den vanlege gleda av å vere i aktivitet og bruke kroppen? Kor vart det av «litt av alt»-mentaliteten? Kvifor er det blitt slik at ein fjelltur ikkje er nok, så lenge du ikkje har tatt den som eit motbakkeløp? Eg håpar og trur eg ikkje er den einaste som tykkjer trenings- og kosthaldshysteriet har tatt litt av.

20130701-172334.jpg   20130701-172600.jpg

Eg er redd me gjer folkehelsa vår kort og godt dårlegare ved å komplisere trening og kosthald.  I forvirringa rundt kva som eigentleg er bra for oss, resignerer me og orkar ikkje heilt å ta stilling til det eller finne ut av det sjølve.

Me treng meir av den gyldne middelvegen, meir av ei generell glede av å vere ute i friluft og meir glede av å bruke kroppen fordi det gjer kropp og sjel godt, -ikkje nødvendigvis fordi ein skal gå Marcialonga eller springe Holmenkollstafetten på ny tid.

Eg ynskjer meg tilbake til old-school-versjonen, der den gyldne middelvegen gjaldt både kosthald og aktivitetsnivå. Det er heilt greit å ikkje jakte på makspulsen under ein fjelltur.  Å drikke ein latte er ikkje å skeie ut.

Ein skal ikkje først og fremst trene for å trene, men fordi det er lystbetont og gir oss fine opplevingar i kvardagen. Det gjer kroppen gladare, -både i dag, i morgon og om tredve år.

Dette er ikkje meint som ein peikefing. Eg har full respekt for dei som spring løp og trener mot nye rekordar. Eg er tross alt ein av dei sjølv.

Likevel vil eg bli flinkare til «kvardagstreninga». Å sykle til jobben, å gå til butikken i staden for å køyre, å gå ein fjelltur med fine folk i staden for å gå på cafe, er gode døme. Eg heiar på eit kosthald bygd på sunn fornuft og moglegheiter for litt Walters mandler-stunder på sofaen.

Som bygdadiktaren min Ingvar Moe skreiv i diktet Perspektiv; «Me ska leva så kort og vara daue så skrekkjele lengje». Moralen er (fri dikttolking): ingen grunn til byte ut Walters mandler med proteinpulver her altså.

Kva tykkjer de kloke folk? Er trenings- og kosthaldfokuset gått for langt, -eller har me berre godt av det?

/Inga, som gler seg enormt til nye endorfinturar med fine folk i løpet av somaren!

Klok lesnad vidare:

Helsedirektoratet sine kosthaldsråd

Minismartinis sitt innlegg Om å være sunn / historien om da jeg nesten mista favorittordet mitt
– eit hjartesukk eg kjende meg igjen i.

Lidenskap for sunnhet sin bloggpost Kor sunt er det eigentleg å vere «sunn»? 
– denne dama trenar mykje. Langt meir enn kva eg nokon gong kjem til å gjere. Likevel har ho ei enorm glede av å bruke kroppen, å vere ute og oppleve naturen som smittar stort gjennom bloggen. Akkurat no syklar ho Noreg på langs og oppdateringane hennar er morosame, fine, interessante og enormt motiverande for å forsere dørstokken.  Les det einskilde innlegget for kloke ord, eller heile bloggen for fleire kloke ord og haugevis med treningsglede og naturopplevingar.

Frosne cappuccionos på pinne

dsc_0022-2

I går ettermiddag konkluderte eg med at somaren endeleg er her. Sola steikte på terrassen, humla suste og peonene kneiste med lodne hovud. Dette fekk meg til å tenkje på kva eg laga forrige somar som burde stå på tapetet i år også. Her er eit comeback!

Av ein eller annan merkeleg grunn, er det kaffi eg har mest lyst på når det er på det varmaste ute. Koffein gir ein oppkvikkar men det funkar dårleg at kaffien er varm. Då er løysinga å lage frosne cappucino på ispinne. Enkelt, like godt men ikkje minst avkjølande!

For å lage fem pinnar, brukar eg dette;

– ca. 3 dl avkjølt espresso
– ca. 3 dl upiska kremfløyte
– litt piska kremfløyte til å ha på toppen
– 1 ts kanel
– 1 ts kakao

Dette er mektige saker og kan godt nyttast som dessert. Om ein vil, kan ein lett byte ut den upiska kremfløyten med mjølk. Bland saman kald espresso, fløyte, kanel og kakao. Hell i avlange glas. Legg ein klatt piska krem på toppen og sett i ein pinne. Sett i fryseboksen og la det stå i 4 timar.

Skyll litt varmt vatn på utsida av glasa for å få isen til å sleppe. Obs! Isen blir ikkje kremete. Konsistensen minnar meir om slik is-snø som ein fekk kjøpt med smak på tivoli og liknande før då ein var born. Det gjer likevel ingenting når issnøen smakar cappucino! Dette trur eg saktens eg skal prøve med ismaskinen óg. Då vil ein også få ein meir iskrem-liknande konsistens.

/Inga

Somarsalat med vassmelon og koriander

DSC_0100 4

I gårkveld var leiligheten plutseleg tom. Mannen var reist til Haag og mormor var reist til Stovner. Eg tok difor eit djupdykk i kjøleskapet for å lage litt singlekvelds. Der fann eg jommen nokre godsaker som vart første smaken på skikkeleg somar!

Kven skulle trudd at koriander og søt vassmelon kunne vere så godt i lag? Saman med litt asparges, bønner, og godt brød til, vart det eit mettande måltid. Medan eg  sat og gomla salat, kunne eg likevel ikkje la vere å fantasere om andre saker som kunne passe fint i salaten. Fetaost til dømes! Eller kanskje litt Haukeli Chèvre? Salt, kvit geitost smakar himmelsk saman med noko søtt.

Ein fin innbytar for melonen kunne vere søte jordbær. Eller bringebær! Eg gler meg til ein lang somarsesong med mange gode smakar. Men først: salat med vassmelon og koriander. 😀

Ingredienser for to personar (eller ein person som i tillegg får ein skikkeleg bra lunch dagenderpå)

  • 1 hjartesalat
  • 1/2 raudlauk
  • 1 brett aspargestuppar
  • 1 boksa hermetiserte kidneybønner
  • 4 skiver vassmelon
  • fersk koriander
  • ferskpressa sitronsaft
  • olivenolje
  • salt og pepar

Kok opp vatn i ein liten kjele. La aspargestoppane trekke i nokre minutt før du heller dei ut i eit dørslag og skyljer dei godt med iskaldt vatn. Om du er skikkeleg proff, har du klar ei bolle med isvatn som du slenger dei oppi.

Del opp salat, lauk, vassmelon og fordel utover to fat saman med skylte kidneybøner. Grovhakk koriander og del aspargestoppane i to. Legg på toppen av salaten. Avslutt med å dryppe over  litt sitronsaft, god olivenolje og nykverna salt og pepar.

/Inga

DSC_0111 4