To gode grunnar til å kjøpe gresskar denne veka

DSC_1247

På laurdag måtte me stoppe på Coop på Knapphus då me hadde ei smokk-krise i bilen. Smokkar er som sokkar, -dei forsvinn av seg sjølve og kvar gong er det eit stort mysterium. Eg skjønar det ikkje. Uansett, då eg sprang inn på Coop haldt eg på å snuble i ei kasse med økologiske Hokkaido-gresskar. Dei var så fine og haustlege at eg raska med meg to på veg til kassa.

Med Halloween rett rundt hjørnet og haust utanføre kjøkenglaset, kan ein slå to floger i ein smekk. Utskjæring av Halloween-gresskar som me kan sette ut til helga, og mykje godt å lage suppe av! Fleire grunnar treng ein ikkje.

Gresskarsuppe er fantastisk godt, og i dag fekk dette bli den kjøtfrie mandagsmiddagen. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Lise Finckenhagen, men tilpassa den litt etter innhaldet i kjøleskapet.

DSC_1255

Ingredienser

  • Maten frå eit mellomstort gresskar (ca. 800 g gresskarkjøt)
  • 2 store gulrøter
  • 1 lauk
  • 3 kvitlauksfedd
  • 1 chili
  • 1 ss finhakka fersk ingefær
  • 1 l grønsaksbuljong
  • 1 boks kokosmjølk
  • limesaft
  • salt og pepar

Skjær gresskarkjøtet og gulrøtene i terningar. Finhakk lauk, kvitlauk, chili og ingefær.

Varm ein kjele med ein god slump rapsolje og surr lauken nokre minutt til den blir mjuk og lettare gjennomsiktig. Tilsett kvitlauk, chili og ingefær og la det surre i nokre minutt til.

Tilsett gresskarkjøt og gulrøter og la det surre med det andre i nokre minutt, før du tilset grønsaksbuljongen. Kok opp og la det småkoke i 30 minutt, til grønsakene er møre.

Mos suppa med stavmiksar til den er jamn og fin. Tilsett kokosmjølka og la det koke opp igjen, før du set kjelen til sides. Smak til med limesaft, salt og pepar før du serverer.

Server gjerne med nokre gode krutongar, ein rømmeklatt og litt koriander på toppen.

DSC_1261

Nyt smaken av haust!

/Inga

Eplehaust 1 / Eple -og squashsuppe med indisk vri

DSC_0233 3Vestlandseplene vart raskt oppetne i forrige veke. Anten som dei var, eller som vidareforedla i eit lite matprosjekt. Det er toppen av kvardagsluksus å bruke sjølvplukka ingredienser i matlaginga!

Diverre har eg verken åker eller frukthage på terrassen, men i desse dagar er det mange stadar ein kan gå på sjølvplukk. I tillegg er det flust med norske bær, sopp og frukt i matbutikkane og på torga rundtom. Kvifor ikkje kjøpe opp litt større kvanta og fryse det ned som det er eller bruke i matlaging? Då kan ein nyte godsakene langt utover vinteren. Moglegheitene er heldigvis mange medan ein dagdrøymer om eigen åker. 🙂

Det vart fleire eplehøgdepunkt i veka som gjekk. Eg har allereie tre nyoppdaga favorittar som eg skal tips om her i notisboka mi. Førstemann ut er denne eple -og squashsuppe med indiske vri. Eple i suppe sarru»? Kjempe godt!

Ingredienser

  • 1 ss smør
  • 1 lauk i terningar
  • 1 stor squash. Skrelt og delt i betar (eller 2 små. Omtrent 1 kg.)
  • 4 – 5 eple. Skrelt og delt i grove betar.
  • 2 ts salt
  • 1 1/2 ts malt spisskumin
  • 1/2 ts tørka koriander
  • 1/2 ts malt ingefær
  • 1/4 ts kayannepepar
  • 1/4 ts nykverna pepar
  • 2 koppar grønsakskraft eller grønsaksbuljong
  • 2 1/2 koppar vatn
  • 1-2 koppar kvite, ferdigkokte bønner (til topping)
  • 1 grøn chili i skiver (til topping)
  • rømme (til topping)
  • lime (i båtar til topping)

Varm ei panne med smør. Surr lauken til den er gjennomsiktig og mjuk (omtrent 3-4 minutt). Tilsett squashen og la det surre vidare i 10 minutt. Rør undervegs.

Tilset eple, krydder, vatn og kraft/buljong. Skru opp temperaturen og la det koke opp, før du reduserer temperaturen til middels og lar det småputre vidare i 30 minutt.

Mos med stavmiksar og server toppa med kvite bønner, skiva chili og ein rømmeklatt på toppen. Avslutt med å klemme over litt fersk limejuice. Nam!

DSC_0191 2Denne suppa smakar godt og heitt, samstundes som den mettar godt med bønnene. Lag gjerne ein stor porsjon og frys ned i boksar eller zip-lock-posar til kalde ettermiddagar kor du har litt tidsklemme. Dette er super fast-food!!

DSC_0236 4Ha ein nydeleg søndag!

/Inga

Pimp my soup

Beskjeden topping for bilette si skuld. Rett etterpå var suppa hakket meir nedlessa.
Beskjeden topping for biletet si skuld. Rett etterpå var suppa hakket meir nedlessa.

Suppe er noko av det beste eg veit. Det er mettande, næringsrikt og ein kan lage det av det meste. I tillegg er det skikkeleg «svinte» som me seier der eg kjem frå.  På tysdag vart det blomkålsuppe til middag.  Med litt god, gamaldags topping, vart det supertysdag!

Då eg var lita hadde me av og til «luksustomatsuppe». Det var eit konsept mor mi introduserte. Det var ikkje berre tomatsuppe. I tillegg stod små boller med mais, bønner, reven ost, hardkokte egg m.m. på bordet som me kunne toppe suppa med. Det var stas å få kunne velje ut topping sjølv og strø over suppa. Tomatsuppa fekk fleire spanande smakar og den metta meir.

Dette har eg vidareført i suppekokkeleringa, då topping gjer alt mykje festlegare. Dei gamle kjenningane frå luksustomatsuppa er like kjære no som då, men i tillegg har det sneke seg inn nokre vaksenvariantar. Oliven, trøffelolje, parmesankjeks, friske urter, sprøsteikt bacon eller spekeskinke er blitt gjengangarar. Spesielt i ulike typar kremete grønsakssupper.

Blomkålsuppa vart denne gongen toppa med nokre kokte blomkålbukettar, litt ruccola, sprøsteikt serranoskinke og trøffelolje. Godt som berre det!

Dette er ein kjappisversjon kor eg er litt uortodoks med omsyn til grønsaksbuljongen og måla. Ideelt sett skal ein røre ut buljong i varmt vatn, -her smuldrer eg den over og rører godt inn i suppa. Dette slik at eg kan bruke litt av kokevatnet frå blomkålen.

Elles er måla litt på gefühlen. Ein bør ha rundt 1 l væske når ein har 4 porsjonar (2,5 dl per stk), men eg nedjusterte det litt for å lage ein kremete versjon. Blomkålen legg til mykje volum slik at det likevel vert 4 porsjonar.

Blomkålsuppe til 4 porsjonar

  • 2 blomkålhovud
  • 3 dl vatn
  • 1 blokk grønsaksbuljong
  • ca. 4 dl mjølk
  • pepar

Skyll og del opp blomkålen i bukettar. Kok dei møre i lettsalta vatn. Hell av mesteparten av vatnet til det er ca. 3 dl vatn igjen i kjelen. Hell gjerne av alt, for så å helle litt av søet i eit målebeger før du heller det tilbake. Eg gjer dette litt på augemål i kjelen. Mos blomkål og sø med stavmiksar. Smuldre over grønsaksbuljon, rør godt medan du heller i mjølk til ynskja konsistens. Varm opp suppa om den kjølna litt etter å ha helt i mjølka.

Server, -og gjerne i luksusversjon! 😀

/Inga

Ertesuppe med mynte og parmesankjeks

DSC_0589

Det er mange bra damer der ute på verdsveven. Ei av dei er Susanne Kaluza. Tidlegare feature-journalist i Dagbladet, -no mammabloggar og matpakkebokforfattar.

Med ein mann som er vegetarianar, lagar ho mykje spanande vegetarmat og deler oppskriftene mellom anna på eigen blogg og hjå Fremtiden i våre hender sin kjøttfrie måndag.

Eg testa ut oppskrifta på ertesuppe med mynte. Den var så heidundrande god at eg må dele den vidare!

Kaluza si ertesuppe

  • 1 pakke frosne erter
  • 6 – 7 dl grønsaksbuljong
  • 1 potet
  • 2 stilkar vårlauk
  • 2 handfuller mynte

Del vårlauk og potet i små betar. Steik potetbetane og mesteparten av vårlauken i ei steikepanne på middels varme i nokre minutt. Hell over mesteparten av buljong og la det koke i fem minutt til potetene er møre. Finhakk mynten (men la nokre blad ligge igjen) og hell i kjelen saman med dei frosne ertene. La det koke vidare i eit minutt. Mos med stavmiksar og spe i litt ekstra buljong om du vil tynne ut suppa. Eg likar kremete supper godt og utelet gjerne ekstra sø, men her er smaken som baken!

Server saman med resten av den grovhakka vårlauken og mynteblad på toppen.

NB! Parmesankjeks er supergodt og er fint å servere ved siden av. Skjær skiver med parmesan med ostehøvel og legg på steikebrett dekka med bakepapir. Steik i omnen på 220 grader til osten boblar. Dette tek ca. 2 minutt. La dei ligge og kjølne nokre minutt på brettet etterpå før du legg dei over på rist.

DSC_0569

Eg er ikkje vegetarianar men kunne gjerne tenkje meg å lage meir vegetarmat. Om ei veke går Oslo vegetarfestival 2013 av stabelen på DogA. Der er det mange flotte utstillarar, kurs og inspirasjon å hente. Kvifor ikkje legge neste helgeutflukt dit?

/Inga

Thaisuppe med sitrongras og kokosmjølk / Tom Yam Kung

DSC_0409

Seinhaustes og i førjulstida var det norsk tradisjonsmat eg var sugen på. Potetsuppe, kokt svineknoke, finnbiff og julemat i lange banar. Det skulle vere rykande varmt, salt og næringsrikt. No etter nyttår byrjar smakslaukane mine automatisk å lengte etter somar. Lime! Koriander! Ingefær! Tunge middagar blir byta ut med wok, supper og salatar. Det skal vere lett og ha mange spanande smakar.

Her er ei fin thaisuppe. Den inneheld mange gode smakar, er sterk og god. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Andreas Viestad si bok, Smak av krydder. Eg gjorde nokre endringar for å tilpasse kjøleskapsinnhald og det eg fann i vanleg daglegvarebutikk. Obs! Sitrongras, tørka kaffirlimeblad og fiskesaus finn ein i meir velassorterte butikkar som Meny og Ultra.

Ingredienser

  • 7 dl kokosmjølk
  • 12 tynne skiver ingefær
  • 2 stilkar sitrongras, lett knust
  • 3 ts tørka kaffirlimeblad
  • 2 sjalottlauk, finhakka
  • 2 dl grønsakskraft/grønsaksbuljong
  • 1 boks reker i lake
  • 1 chili, hakka
  • 2 vårlauk, hakka
  • 1 paprika, delt i stavar
  • 2-3 ss fiskesaus
  • 2 tomater, delt i 8 båtar kvar
  • 1 ts sukker
  • 3-4 ss ferskpressa limesaft
  • fersk koriander, grovhakka

Bland kokosmjølk, ingefær, sitrongras, limeblad og sjalottlauk i ei wokpanne. Kok opp og la koke i 3-5 minutt. Ha i grønsakskraft og la det koke opp igjen. Tilsett reker, paprika, chili, vårlauk, fiskesaus og sukker og kok i 2 minutt. Ha i tomater og kok opp ein siste gong før du fjerner suppa frå plata. Smak til med limesaft og server med koriander på toppen. Nyt!

DSC_0413   DSC_0292

/Inga