Første sy-om-prosjekt

Til tredveårsdagen min i fjor fekk eg noko eg har ynskt meg lenge, nemleg ein symaskin! Likevel har den blitt ståande litt, då eg har kjent på nesten litt ærefrykt. Kor skal eg byrje? Eg som såvidt kan tre symaskina? Ein kveld tidleg i somar fekk eg likevel anden over meg, og gjorde eit lite sy-om-prosjekt. Ei denimskjorte som mannen min hadde slete ut, vart klipt opp og sydd om til ein somarkjole til toåringen.

Overdelen på kjolen vart sydd saman av to stykker, som eg hadde klypt ut av forstykket og bakstykket på skjorta. Eg brukte forstykket på skjorta som bakstykke på kjolen, og bakstykket på skjorta vart til eit forstykke. Då kunne eg bruke knappane som opning bak. Som skjørt klypte eg opp strimler av ermene på skjorta, og sydde rysjer lag på lag. Eg hadde ikkje noko mønster, men brukte ein kjole ho allereie hadde som mål. Det vart veldig på augemål og sydd på gefühlen, så resultatet vart skeive saumar og mange andre feil. Likevel fall kjolen i smak hjå ho som fekk den, og eg hadde det utruleg kjekt i prosessen!

No har eg fulgt med på Symesterskapet på Nrk, og lysta til å sy meir har ikkje akkurat blitt mindre. Deltakarane er så fantastisk dyktige, og nokre har berre sydd eit til to år. Det er utruleg imponerande! Det hadde vore veldig gøy å kunne sy eigne plagg. -Mest for miljøet sin del, -men også fordi det er fleire plagg eg gjerne skulle hatt, men som eg ikkje finn i butikkane. No har eg bestilt nokre mønster frå Stoff og Stil og har fleire syprosjekt oppi hovudet. Eg er spent på om det blir bra, og forhåpentlegvis blir det mykje redesign på vegen.

For meir syinspirasjon må eg anbefale bloggane til nokre av dei som er med i Symesterskapet.  Brage sin blogg har eg nemnt tidlegare, men i tillegg er Ingrid B. sin blogg full med tips og gode idear.

Gi gjerne ein lyd i kommentarfeltet om du syr sjølv og har nokre gode råd!

Inga 🙂

LagreLagre

LagreLagreLagreLagre

Sy-om hjå profesjonelle

I fjor var eg på ein bruktfest der eg fann ein skikkeleg fin H&M-kjole til 100 kr. Den var for stor, men stoffet og mønsteret var så fint at eg måtte ha den med heim. Eg har ikkje turt å sy den inn sjølv, i frykt for å øydelegge den. Løysinga var å få hjelp frå profesjonelle.

Viktoriya Shulga Halleland gjorde jobben. Ho var med Symesterskapet på Nrk1 for nokre år sidan, og er fantastisk dyktig.  Eg fekk tilbake ein kjole som er skreddersydd til meg og ho har gjort ein fenomenal jobb.


Viktoriya har opna systove i Etne og tek små og store oppdrag. Ho anbefalast på det sterkaste!

Og til de som ikkje bur i køyreavstand frå Etne; det finst mange dyktige syarar rundtom som kan ordne det ein ikkje tør å begi seg ut på sjølv. Antagelegvis har du (som meg) fleire plagg som skulle vore sydd inn, sydd ut eller reparert. Med hjelp frå profesjonelle kan dei gamle kleda dine bli nye på null-komma-niks.

 

LagreLagre

LagreLagre