Tips til trygg køyring på glatta

Sykkelsesongen kan vare heile året, -i hvertfall om ein brukar piggdekk. Me går for ny vintersyklingssesong, -og har allereie fått testa piggdekka godt dei siste vekene. Her er nokre tips til deg som vurderer å byte ut beina, bilen eller kollektivtransport med sykkelen!

Tenk over kva for ein syklist du er

Bruker du kun sykkel til jobb, til butikken og andre korte strekningar på asfalt og grus? Er du rett og slett ein Brelett-syklist slik som meg? Eller driv du med offroadsykling og verkeleg trener når du er ute? Desto hardare bruk, desto betre grep, grovare dekk og fleire piggar treng du.

Kjøp piggdekk i sportsforretningar / sykkelbutikkar 

Gå for piggdekk som ein sel hjå sykkelbutikkar og andre sportsforretningar. Då får du kvalitetsdekk og god hjelp til å kjøpe akkurat det du treng. Sjølv om du gjerne bruker eit par hundre kroner ekstra enn om du går på Biltema eller andre stader, er et likevel ei god investering om du skal bruke piggdekka mange år på rad.

Det er viktigast å ha godt grep framme

Det er viktigast å ha godt grep på framdekket. Om du er kvardagssyklist og ikkje har den røffaste køyringa, går det fint at framdekket ha fleire piggar enn bakdekket. Me kjøpte eit dekk med fire rader med piggar til fordekk, og eit med to rader med piggar til bakdekk. Dekka var av merket Schwalbe og funkar som berre det.

Sjølv om du har piggar, -køyr forsiktig!

Ein skal ikkje stole blindt på piggdekka. Køyr forsiktig, bruk hjelm og ikkje minst refleks no i mørketida.

Hugs å nyte!

Å kunne sykle ute når kulda bit i kinna, frostrøyken står ut av munnen og andre listar seg bortover på glatta, er veldig kjekt! Du kjem deg raskare framover, og du får meir ut av dagen enn om du hadde stengt deg inne i ein buss eller bil. Du får frisk luft, blir full av endorfinar og får gratis trening. Vintersykling er eit skikkeleg Kinderegg!

 

Framdekket har piggar på midten, men også på sidene der dekket byrjar å skråne ned.

Bakdekket har berre piggar på midten.


Vintersykling kan anbefalast på det sterkaste!

Følg Brelett-syklisten for nye oppdateringar om vintersykling, julekalender og anna fint på Facebook

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Piggdekktid

Vintersyklingssesongen starta for alvor i går, då det brått var speilblank is på veg til jobb. Mannen hamna på sjekk hjå legen etter å ha falt på sykkel på glatta. Piggdekk var ikkje sett på sykkelen enda, og heldigvis gjekk det godt denne gongen. Eg unngjekk den store faren, då eg ikkje hadde fått montert lykt på sykkelen enda. Eg tok beina fatt og lista meg til jobb på glatta. Puh! Redda av eiga prokrastinering!

Uansett, no må piggdekka på. Me har hatt det på ein sykkel tidlegare, og det var som ein draum. Me var del av eit piggdekkprosjekt for Sykkelbyen Haugesund-Karmøy, og fekk teste eit par piggdekk ein vintersesong. Det var utruleg artig og gav meirsmak. Det kan du lese meir om her.

No treng me eit par dekk til dei to hybridsyklane. Spørsmålet er; billig eller dyrt? Er det stor skilnad i kvalitet? Kom gjerne med innspel om du har nokre erfaringar. 

Ein vintersyklist blir til

I vinter har me som tidlegare nemnt testa piggdekk til sykkel for Sykkelbyen Haugesund-Karmøy. Eg har oppdatert litt på Instagram, Facebook og her på bloggen undervegs.

Vintersykling 1

Eg har så og sei ikkje sykla på vinterføre før, så eg var litt skeptisk til kor trygt dette kom til å bli. Men, -det gjekk over all forventning! Med piggdekk får ein trygt og godt feste uansett føre.

I staden for å stå parkert, har sykkelen blitt nytta jamnt og trutt gjennom vintermånadane. Me hadde eit liten pause i februar då kjedet rauk (sykkelen fekk nok sjokk over den hyppige bruken!), men etter litt nyvunnen lærdom var me tilbake på hjul.

Mannen har stort sett brukt den til jobb dei dagane han ikkje har jogga eller tatt bussen. Eg har nytta sykkelen til handleturar på ettermiddags- og kveldstid. Bilen har blitt brukt med jamne mellomrom den også, men i langt mindre grad enn tidlegare. -Og det har aldri vore så tydeleg: me kunne klart oss heilt utan bilen i kvardagen.

DSC_1417

Med piggdekka på har me fått mange fine sykkelstunder. Eg gløymer ikkje ein sykkeltur i desember då eg sykla på snøkledde fortau til butikken for å handle ein fredagskveld. I butikken kom eg over årets julebrus frå CB og då det sjølvsagt er kristiansanderen min sin favoritt, sykla eg heim med ei sykkelvogn klirrande med julestemning på flaske, medan snøen dala rundt meg og det knaka lett under dekka. Det var så fint! Den stemninga kunne eg ikkje fått om eg hadde nytta bilen.

Ein annan dag på nyåret, var det spinnglatt i Haugesund. Eg var ute og trilla tur med vogna på dagen og skeina rundt med stadige nestenuhell. Fleire gonger måtte eg klamre meg til vogna for å ikkje rase i bakken. Om kvelden bestemte eg meg for å teste dekka skikkeleg, og sykla den same ruta som eg hadde gått tidlegare på dagen. Det morosame var at det gjekk mykje fortare og kjentes langt tryggare enn å gå på beina. Det var null problem å komme seg heilskinna heim. Kven hadde trudd?

sykling 2
No er vinterføret over men me er allereie godt i gong med sykkelsesongen. Den varer jo året rundt!

Samstundes som vinterdekka heilt klart har utvida sykkelsesongen til å gjelde heile året, har det vore ei viktig bevisstgjering om kor lite me eigentleg treng bilen. Slik me bur no er bruken av bilen ei vanesak, -og stort sett ikkje ein nødvendighet. Å øve seg på å heller ta i bruk regnkleda dei dagane det fossar ned og å kle seg godt når temperaturen ligg under null, er berre bra. Litt etter litt kjem ein inn i det, sykkelen tek sakte men sikkert over for bilen, og snart set ein enormt stor pris på dei ekstra utestundene i kvardagen medan ein bevegar seg frå a til b. Frisk luft, raude kinn og «gratis trening» er ein kjempebonus i ein travel kvardag.

Alt i alt var dette veldig artig og me har fått ein ny «vår» for syklinga vår. Me har no henta nokre gamle syklar som skal pussast opp og tas i bruk til bysykling i somar og me har byrja å drøyme om el-sykkel. Sykling er kort og godt kjempegøy!

 Takk for at me fekk delta, Sykkelbyen Haugesund-Karmøy!

Fiks det sjølv / Korleis reparere kjedet på sykkelen

DSC_0637
No er sykkelen framkomstmiddel nr. 1 igjen og me håpar at me får litt til vinterføre før vintersykkelsesongen er forbi!

You live and you learn. Etter å klødd meg i hovudet i nokre veker, har det no gått opp for meg korleis ein reparerer eit kjede på sykkelen. Kvifor googla eg ikkje først som sist?! Etter litt feilinformasjon frå ein på Biltema, trudde eg først ein måtte byte heile kjedet.  Det må ein altså ikkje. Ein kan nemleg skøyte det gamle.

Med ein kjedekuttar, ei tang og nokre ekstra ledd, kan ein ordne det sjølv. Eg kjøpte kjedekuttar, tang og ekstra kjede på Biltema. Men, før eg hadde sagt «fikse det sjøl» «, hadde mannen reparert kjedet under ein tur ut i boden. Det er altså tilsynelatande fort gjort!

Toåringen er nøgd med at sykkelvogna er tilbake i transportbransjen!
Toåringen er nøgd med at sykkelvogna er tilbake i transportbransjen.

Men, mantraet er altså: google, google google. Det er flust med informasjon om sykkelreparasjon på nettet og mange fine instruksjonsvideoar på YouTube. Denne frå Anton Sport om nettopp skøyting av kjeder, viser det på ein oversiktleg og god måte.

No ventar sofaen og House of Cards. Ha ein fin kveld!

/Inga

Winter is coming…

DSC_1417

…men eg vil vere hakket betre skodd enn John Snow! Eg har vore så heldig å bli trekt ut til å delta i Sykkelbyen Haugesund-Karmøy sitt piggdekkprosjekt. Eg og ni andre har fått utdelt eit par gratis piggdekk mot at me deler erfaringane våre med piggdekk og vintersykling i sosiale medie.

Dette var veldig morosamt då me har hatt som mål å nytte beina og sykkelen langt meir etter at me flytta til Haugesund. No kan me strekke sykkelsesongen enda lenger.

For vår del blir dette eit familieprosjekt då eg er heime i mammapermisjon fram til våren. Mannen kjem til å bruke sykkelen til jobb og barnehage og eg kjem til å nytte sykkelen til andre turar og trening. Eg rapporterer på vegne av oss begge.

DSC_1413
Nøgd vintersyklist med nye piggdekk og Kjetil hjå Spinn.

Ein får kjøpt piggdekk til terreng- og hybridsyklar. Me hadde ein racersykkel og ein terrengsykkel heime. Me hadde tenkt å selje terrengsykkelen no i haust, men då det ikkje er piggdekk til racersykkel, valde me å behalde begge syklane og bruke terrengsykkelen i vinter. Den vart levert til Spinn Sykkelshop Haugesund i føremiddag, og etter nokre timar hadde den fått vinterskoa på.

Før eg gjekk ut døra fekk eg med meg nokre gode tips på vegen frå hyggelege Anders og Kjetil som jobbar der:

  • ver varsam dei første dagane du nyttar piggdekka. Prøv å unngå brå bremsing etc., då piggane treng litt tid til å sette seg.
  • piggdekka sit godt på dei fleste underlag, -men ver varsam når du syklar i undergongar med t.d. støypt underlag. Der kan det vere glatt med piggar.
  • å sykle med piggdekk er litt tyngre enn med vanlege dekk, -men det blir ein fort vand til.

DSC_1415

Eg kjem til å skrive med jamne mellomrom om korleis det går med piggdekka og vintersykling. På førehand kan eg melde om at dette vert ein amatørsyklist si dagbok. Eg har liten peiling på syklar, piggdekk og anna sykkelutstyr. Eg sat som eit spørsmålsteikn då eg vart spurt om tommane på sykkeldekka og eg lærte for kort tid sidan kva hybridsykkel er… Men. Eg er innmari glad i å sykle og har veldig lyst til å bli ein friskus av ein vintersyklist! Stemningsrapportar, erfaringar og nyvunnen kunnskap vil bli delt her utover vinteren, -og eg håpar du har lyst til å fylgje med på prosjektet.

…Og så lurar gjerne fleire på om det er vits med piggdekk i Haugesund? Vel, svaret er at vestlandsvintrane er ganske så uforutsigbare. I fjor var det nesten ikkje antydning til snø og is i Haugesund, -medan året før var det klink-is over lengre tid. Med piggdekk er ein uansett skodd for eitkvart føre, -og eg gler meg til å teste dei ut!

/Er det nokon som har erfaringar med vintersykling med eller utan piggdekk? Legg gjerne igjen ei melding i kommentarfeltet!

/Inga

P.S. Eg kjem til å skrive om prosjektet hovudsakleg her på Notisboka, men vil også poste glimt på Instagram. Fylg gjerne Notisboka på Facebook om du ynskjer å få opp nye innlegg i feeden.