Finn kortreist mat der du er

Mange er på utkikk etter lokalprodusert mat der dei bur, men ofte er det utfordrande å få oversikten. Med appen Eple, får du opp dei lokalmatprodusentane som er i nærleiken av deg.

Er du sjølv småskalaprodusent av lokalmat, er dette ein fin stad å marknadsføre seg. Ein kan lett registrere seg som leverandør, og du kan tilby produkta direkte til forbrukaren.

La appen registrere kor du er, eller zoom inn på ulike stadar på Noregskartet. Ein finn kortreist mat i store deler av landet.

Me er akkurat no i Kristiansand, og her dukka det opp mykje spanande!

LagreLagre

Rasisme er ikkje ein norsk verdi

Om du skal sjå noko på tv denne veka, må eg anbefale NSU-Terror i Tyskland som ligg i tre deler på NRK nett-tv. Tema nynazisme og høgreekstremisme er viktigare enn på lenge.

NSU er ein dramaserie basert på den største terrorsaka i Tyskland etter 2. verdskrigen. Mellom 2001 og 2006, vart ni tyske menn med innvandrarbakgrunn drept av den høgreekstreme gruppa NSU. Gruppa stod også bak to bombeattentat i Köln, i tillegg til drapet på ei politikvinne. Først i 2011 vart medlemmer av gruppa arrestert. Serien skildrar korleis hatet hjå unge tyskarar som kjende på utanforskap, vart omvandla til systematiserte drap på det dei såg på som fiendane. I tillegg vert politiet sine manglande evner til å sjå det høgreekstreme miljøet for det det var, sett under lupa.

2017 har gitt mange påminningar om kor raskt høgreekstreme grupper kan reise seg igjen. Demonstrasjonane i Gøteborg, Kristiansand og Charlottesville vart alle verna av ytringsfridomen, -og den skal ikkje lett rokkast ved. Samstundes håpar eg me aldri gløymer at dette har ingenting med svenske, norske eller amerikanske verdiar å gjere. Det er kort og godt reinspikka rasisme.

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

Instatips: Hovelsrudhagen

 

Om du vil ha eit lite Instagram-tips, er @Hoveldsrudhagen mitt beste om dagen. Kjøkenhagen, blomane, hagedesignet, stemninga… Her er det berre til å drøyme seg bort!

 

LagreLagre

Tante (miljøvenleg) Pose

Dei siste vekene har eg fått heim nokre fine saker som gjer hushaldet pittelitt grønare.

Først ut er det fine og nye handlenettet! Til no har me brukt nokre handlenett frå den tidlegare jobben til mannen. Me fekk ei stor budde då han jobba der. Dei har vore hyppig i bruk, som handlenett, til treningstøy, til papiravfall, som alternativ oppbevaring av alt og ingenting når me er på bilferie etc. Dei har blitt brukt til alt, -og no har dei byrja å gå i oppløysing ein etter ein.

Det var difor på tide å kike etter nye handlenett. Eg tenkte først eg skulle sy nokre sjølve i kanvas, for å få dei så robuste som eg ville. Dei skal gjerne brukast til å bære mjølkekartongar, flasker og liknande i, så då bør dei tåle litt. Eg fann ikkje eigna stoff nokon stad (men gi gjerne beskjed om du veit kor eg kan finne!). I staden kom eg over desse fine handlenetta i voksa kanvas på Etsy! Eg bestilte eit heim, og det tåler enormt mykje. Eg treng fleire!

Bakdelen med å bruke handlenett, er at ein titt og ofte går tom for plastposar til restavfallet. Desse posane frå Maistic er like store som vanlege handleposar, tåler ein del vekt og er fri for plast! Dei er rett og slett laga av mais og er ikkje farlege for miljøet når dei går i oppløysing. Rett nok vert restavfallet i Noreg brent og det hamnar ikkje i jorda, men eg tenkjer at dess færre plastpartiklar og avgassar me sprer, dess betre er det for miljøet. Avfallsposane fann eg hjå Agent M.

Ha ein fin kveld!

Vår ladbare hybrid

For dei som har lest denne bloggen ei stund, så veit de at me hadde ein VW Passat som var dekka av VW-skandalen. Me leasa bilen i den tru at den skulle ha lågare utslepp «på grunn av ein ny Blue Motion-teknologi», men det viste seg å ikkje stemme. I staden hadde den langt høgare utslepp enn me trudde. I tillegg gjekk me for ein diesel-versjon, då det var i den tida det var anbefalt fordi det skulle vere mindre miljøvenleg. Også dette har blitt motbevist i etterkant.

Då det var tid for å lease ny bil, gjekk me denne gongen for ein Passat GTE, ein ladbar hybrid-bil. Me lurte på om me skulle prøve heilelektrisk denne gongen, men feiga ut då me med jamne mellomrom også køyrer lengre distansar til Sørland og Austland. -Uansett, me er enormt nøgde!

Eg er i overkant oppteken av lokale utslepp såvel som dei globale. Etter å ha studert i Bergen og kjent forureininga i bygryta der på kroppen sjølv, ville eg ha ein bil som køyrte mest mogleg «reint». Mykje av køyringa vår er korte avstandar i byen, og då køyrer me berre på elektrisitet.

Denne Passaten har to motorar. Ein bensinmotor og ein el-motor som avvekslar kvarandre og jobbar saman. Bilen er automatisk innstillt på e-modus, som gjer at den først bruker størsteparten av elektrisiteten før den går over på bensin. Me ladar som oftast på natta, og då er bilen til ei kvar tid fullada. I tillegg kan ein slå på e-modus manuelt når ein køyrer undervegs. Ein har heile tida god oversikt i displayet foran over kor store rekkevidde ein har igjen på el-motoren. Maksimalt kan ein køyre 50 km før elmotoren må ladast att, men av erfaring varierer dette litt ut i frå temperatur og anna. Må ein bruke elektrisitet på oppvarming og liknande i bilen, tapper dette også av el-motoren. På langkøyring stoppar me likevel uansett og har pausar innimellom, og då har me gode erfaringar med å bruke ladestasjonar. Slik kan ein forlenge el-rekkevidden undervegs.

Dei lengste turane me køyrer i kvardagen, er når me med jamne mellomrom reiser til Etne. Det er ein times køyring frå Haugesund. For dykk som er lokalkjende, kjem me til Ølensvåg når me køyrer på el frå Haugesund. Då er ein stor del av turen tilbakelagd.

Bakdelen med denne hybriden, er at den har større utslepp når den brukar bensin-motoren, enn ein vanleg Passat med bensinmotor. Men me prøver som sagt å begrense bensin-køyringa ved å lade ofte.

Eg er ikkje den mest bilkyndige personen, men må seie at eg ikkje merkar skilnad mellom å køyre hybrid-Passat og vanleg Passat. Det må vere ein god konklusjon! Likevel ser me at me på sikt kan klare oss med ein heilelektrisk bil, då teknologien og rekkevidden på dei berre blir betre og betre.

Det er deilig å vete at ein ikkje bidrar til å redusere luftkvaliteten i Haugesund når me må velje bil foran beina og sykkel. I tillegg bruker me langt mindre pengar på drivstoff, noko som også er eit fint økonomisk argument for å velje grønt i bilvegen. Det er herleg!

(Alle illustrasjonsbileta er henta frå vw.no)

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre