Vakker og sporty havplast

Etter lang tid utan trening, har eg endeleg kome i gjenge igjen. Den dørstokkmila har blitt veeeeldig lang dei sista åra, men sol, fri og lyse kveldar gir god motivasjon. Om du også likar å springe, -eller kort og godt ha på deg skikkeleg snaisne joggesko når du er ute og travar i det daglege, -har eg eit skikkeleg miljøtips!

Adidas har saman med miljøorganisasjonen Parley for the Oceans laga ein kolleksjon med joggesko, -laga av havplast. Joggeskoa består av 95% havplast og 5% resirkulert polyester.

I tillegg til å vere eit unikt gjenbruksprosjekt, ser skoa også kjempefine ut! Er de ikkje enige?

(Trykk på bileta for å komme til kjeldene)

Tommel opp for gladsaker som omhandlar havplast! Om du vil sjå heile kolleksjonen, kan du trykke her.

Ha ein fin dag!

/ Inga

20% på Änglamark

Desse flaskene vart kjøpt i januar (rett etter varetelling som de ser!) og er såleis særs drøye i bruk.

Eg må tips om ein veldig god avtale for alle som er interessert i økologisk mat og svanemerka produkt. Frå april 2017 fekk alle Coop-medlemmer 20% medlemsbonus på alt frå Änglamark hjå Coop Mega. Änglamark er den største «grøne» serien i Noreg med økologiske, allergivenlege og miljøvenlege produkt. Dei har eit rikt utval, -alt i frå mjølk til dekkbark til bed.

Eg er glad i mange av Änglamark sine produkt. Mellom anna barneprodukta deira som denne badesåpa og shampooen. Produkta er sertifiserte av astma- og allergiforbunda i Danmark og Sverige. I tillegg er dei svanemerka.

At hudpleieprodukt er skånsomme for miljøet frå dei vert produsert til dei kjem ut i avløpa våre, er minst like viktig som at dei er bra for huda vår!

No skal eg pakke til ein liten miniferie. Eg oppdaterer! Ha ein strålande kveld! 

LagreLagre

LagreLagre

Pur Grønn 

For oss som saknar Balanzera i Oslo, må eg tipse om Pur Grønn frisør. Dei held til i Haugesund og Sveio, og er ein sertifisert «grønn» frisørsalong.

Dei har kjekke produkt og dyktige frisørar. Ein veldig hyggeleg stad å klyppe seg!

Etter eit par bomturar til frisør med eldstemann, fann han roen i frisørstolen i dag, -med god hjelp frå Peppa Gris på iPhonen. Sveisen er i boks og no kan 17. mai komme!

…eg skal berre jakte opp to stk bunader med alt tilbehør. Så vidt eg hugsar vart det ikkje lagt sirleg på plass forrige gong det vart brukt. Lat oss håpe me finn fire store bunadssko denne gongen, og ikkje berre tre!

Smarte teposar

På fredag kom eg over fleire nye og fine produkt på den lokale Rema 1000-butikken. Litt uventa, då Rema har fått mykje motbør for siling av produkt i det siste. Då er det flott å sjå fleire økologiske og (litt) grønare produkt i hyllene. -Mellom anna dei smarte teposane frå Clipper!

Vanlege teposar er litt tungvinte å kjeldesortere. Ein bør knipe av stiften med tråd og papirlapp, slik at metallet ikkje havnar i matavfallet. Teposane frå Clipper derimot, er nettopp berre ein tepose! Her kan du slenge heile i matavfallet når du har drukke teen. Det beste er sjølvsagt å bruke te i lausvekt, men dette er eit fint alternativ om ein berre vil ha ein kopp.

Då teen i tillegg er både økologisk, fairtrade og smakar nydeleg, er den eit supert kjøp. Den kjem både som svart te og grøn te, i ulike smaksvariantar.

Ha ein fin søndag!

Valentinsdagen og bærekraftig vassflaske

Valentinsdagen er noko me aldri har feira, men etter at eg las Anne Gunn Halvorsen si bok Livet og korleis leve det (meir om den seinare!), fann eg ut at det kanskje ikkje var så dumt. Er det ei tid i livet ein treng ei påminning om å feire kjærleiken, så er det når ein står midt oppi bleieskift, nattevåk og ungar i trassalder. Det er ikkje då ein er på sitt rausaste for å sei det slik.

Då mannen leita huset rundt etter ei drikkeflaske i forrige veke, kjøpte eg denne flaska til han. Ei drikkeflaske i rustfritt stål frå 24 Bottles. Produsert under etiske tilhøve og 1% av fortenesten til selskapet går til non-profit miljøorganisasjonar. Kvar gong ein fyller flaska, unngår ein utsleppet som produksjonen av ei plastflaske fører med seg. Ikkje berre er flaska eit fint grønt tiltak i kvardagen, den ser skikkeleg snaisen ut også!

Eg vart overraska med blomar og sjokolade, så det ser ut til at mannen har lest Livet og korleis leve det han også.

Hurra for kjærleiken!