Den friske lufta

20131229-163911.jpg

Puh! Julefeiringa på Vestlandet har vore ei stormfull affære. Dei fleste dagane har det blåst så hardt at ein kan telje antal trilleturar på ei hand, -eventuelt to fingrar.

I dag stilna det, regnet stoppa og blå himmel kom til syne med ei skinande sol bak lette skyer. For ei vitamininnsprøyting! Det vart raskt både to fine trilleturar og ein liten joggetur for ho mor. Slikt gjer underverker når ein er kronisk avhengig av frisk luft for å få kropp og hjerne til å fungere.

No byrjar me så smått å bli klare for å starte på eit nytt år med blanke ark. Det blir stas!

/Inga

Bygdakjærleik og eit tankeras kring trening

20130701-172106.jpg20130701-172127.jpg20130701-172246.jpg

Det er litt stille her om dagen. Grunnen er at denne dama har reist heim på ferie! Når eg skriv «heim» betyr det framleis heim til barndomsbygda.

Eg kjem i kategorien «ekstremt heimekjær». Ei slik ei som snufsar høgt når ho høyrer bygdasongen og som tykkjer det å tusle rundt på heimstaden med ein kaffikopp er toppen av lukke.

Då våren gjekk på turbo med innspurt på studiet, innspurt på jobben og voksande hump, var underteikna litt frynsete i kantene i slutten av juni. Då var det godt at to ferieveker venta i finaste bygda.

20130701-172156.jpg20130701-172116.jpg20130701-172322.jpg

Eg har brukt den første veka godt. Små og store middagslurar, pusling i åkeren til mor, kaffidrikking, lesing, sosialisering, og fjellturar har stått på agendaen.

20130701-172347.jpg20130701-172401.jpg20130701-172411.jpg

FOR ein medisin det har vore å komme seg ut! Eg har sete krokbøygd over pcen samtlege helgar og ettermiddagar dei to siste månadane for å komme i mål med alt eg skulle gjere. Det å endeleg ikkje ha noko på tapetet og heller gå ut, har vore heilt fantastisk. FOR ein energi ein får, FOR nokre turopplevingar og FOR eit humør ein får!

20130701-172420.jpg20130701-172428.jpg20130701-172434.jpg

Då eg kom heim printa eg ut ein oversikt over dei ulike toppane med nutebok på kommunen sine heimesider. Som dei fleste nordmenn er eg (trass denne bygdakjærleiken) rimeleg tunblind. I alle år har eg gått opp og ned ein einaste nut og ikkje lagt merke til alt det flotte rundt meg. Denne somaren bestemte eg meg for å bli betre kjend med nærområdet og turmoglegheitene. Det har vore ei stor oppleving.

20130701-172218.jpg20130701-172235.jpg20130701-172441.jpg

Eg har oppdaga så utruleg fine stader og utsikter som eg ikkje ante var rett utanføre døra. Eg har alliert meg med vener som er meir kjende i områda («vis meg din nut, skal eg vise deg min») og det har det blitt fine, sosiale turar av. Å gå på tur med kjekke folk og la skravla og beina gå, er kort og godt mat for sjela.

20130701-172206.jpg   20130701-172145.jpg

Og det er her eg kjem inn på det dette innlegget eigentleg skulle handle om. Nemleg trening. Pulsklokka og RunKeeper-appen har gått i gløymeboka. I staden har det einsformige fokuset på trening for berre trening og persing si skuld, blitt erstatta med turglede og ei generell glede av å bruke kroppen. Det kjennes kort og godt meir meiningsfullt å ta ein fjelltur i godt lag enn å springe vetet av seg på tredemølla. Betre for skranglete kne er det og.

20130701-172301.jpg   20130701-172313.jpg

Eg er over gjennomsnittet interessert i trening og kosthald. Den siste tida har eg likevel blitt ufatteleg lei fokuset som gjeld. Strenge treningsregime og kompliserte kosthald er blitt ein raud tråd på mange treningsbloggar, i artiklar med meir. Kor vart det av den vanlege gleda av å vere i aktivitet og bruke kroppen? Kor vart det av «litt av alt»-mentaliteten? Kvifor er det blitt slik at ein fjelltur ikkje er nok, så lenge du ikkje har tatt den som eit motbakkeløp? Eg håpar og trur eg ikkje er den einaste som tykkjer trenings- og kosthaldshysteriet har tatt litt av.

20130701-172334.jpg   20130701-172600.jpg

Eg er redd me gjer folkehelsa vår kort og godt dårlegare ved å komplisere trening og kosthald.  I forvirringa rundt kva som eigentleg er bra for oss, resignerer me og orkar ikkje heilt å ta stilling til det eller finne ut av det sjølve.

Me treng meir av den gyldne middelvegen, meir av ei generell glede av å vere ute i friluft og meir glede av å bruke kroppen fordi det gjer kropp og sjel godt, -ikkje nødvendigvis fordi ein skal gå Marcialonga eller springe Holmenkollstafetten på ny tid.

Eg ynskjer meg tilbake til old-school-versjonen, der den gyldne middelvegen gjaldt både kosthald og aktivitetsnivå. Det er heilt greit å ikkje jakte på makspulsen under ein fjelltur.  Å drikke ein latte er ikkje å skeie ut.

Ein skal ikkje først og fremst trene for å trene, men fordi det er lystbetont og gir oss fine opplevingar i kvardagen. Det gjer kroppen gladare, -både i dag, i morgon og om tredve år.

Dette er ikkje meint som ein peikefing. Eg har full respekt for dei som spring løp og trener mot nye rekordar. Eg er tross alt ein av dei sjølv.

Likevel vil eg bli flinkare til «kvardagstreninga». Å sykle til jobben, å gå til butikken i staden for å køyre, å gå ein fjelltur med fine folk i staden for å gå på cafe, er gode døme. Eg heiar på eit kosthald bygd på sunn fornuft og moglegheiter for litt Walters mandler-stunder på sofaen.

Som bygdadiktaren min Ingvar Moe skreiv i diktet Perspektiv; «Me ska leva så kort og vara daue så skrekkjele lengje». Moralen er (fri dikttolking): ingen grunn til byte ut Walters mandler med proteinpulver her altså.

Kva tykkjer de kloke folk? Er trenings- og kosthaldfokuset gått for langt, -eller har me berre godt av det?

/Inga, som gler seg enormt til nye endorfinturar med fine folk i løpet av somaren!

Klok lesnad vidare:

Helsedirektoratet sine kosthaldsråd

Minismartinis sitt innlegg Om å være sunn / historien om da jeg nesten mista favorittordet mitt
– eit hjartesukk eg kjende meg igjen i.

Lidenskap for sunnhet sin bloggpost Kor sunt er det eigentleg å vere «sunn»? 
– denne dama trenar mykje. Langt meir enn kva eg nokon gong kjem til å gjere. Likevel har ho ei enorm glede av å bruke kroppen, å vere ute og oppleve naturen som smittar stort gjennom bloggen. Akkurat no syklar ho Noreg på langs og oppdateringane hennar er morosame, fine, interessante og enormt motiverande for å forsere dørstokken.  Les det einskilde innlegget for kloke ord, eller heile bloggen for fleire kloke ord og haugevis med treningsglede og naturopplevingar.

Nordic Grip Mini

No når det vert mørkt, glatt og kaldt finst det ofte mange unnskyldningar for å droppe treningsturen utandørs. Det er det ingen grunn til! Med ull innerst, refleks og eit par brodder er det berre til å springe ut døra. Eg har kjøpt eit par brodder frå Nordic Grip. Dette er mini-versjonen som ein kan tre på alle slags sko, -til og med høge hælar! Det er kort og godt eit par strikkar som ein trer på framdelen av kvar sin sko. Dei to piggane bidrar til langt betre fotfeste og fastare fraspark når ein spring på glatta. Eg hadde meg ein times tur på glatta i kveld og dei fungerte like fint på isete asfalt som på snødekte grusvegar. Genialt!

/Inga, som likar særs godt at Nordic Grip-produkta er ei norsk oppfinning.