Usmarte tider

Det er ingen hemmelighet at eg har eit høgt forbruk av mobilskjermar. Etter å ha knust skjermen for n-te gong i fjor haust, måtte eg konstatere at det var ikkje berre skjermen som måtte bytast ut, men heile mobilen. Slukøyra over å innsjå at nye kroner måtte brukast på telefon, gav eg meg sjølv karantene frå smarttelefonar for ein periode. Når ein får motorikk som ein toåring med ein gong ein kjem i nærleiken av ein smarttelefon, vert det dyrt i lengda. Ein Nokia-mobil som berre kunne ringast og sendast meldingar med vart løysinga, -og ikkje minst ei interessant oppleving!

No har eg to månadar bak meg med usmart telefon, og der har vore beint fram deilig. Tid brukt på mållaus scrolling, har blitt byta ut med å faktisk få gjort ting og vere meir tilstades blant andre. Å sitte på café utan å begrave ansiktet i telefonen, men heller kike på folk og stire ut i lufta har vore fint! Eg har fått lest fleire bøker. Eg har vore meir konsentrert og effektiv med oppgåvene i kvardagen, i staden for å multitaske med mobilen. Eg er ganske sikker på at eg har vore meir mentalt tilstades på heimebane. Og eg har vore meir avslappa oppi hovdet.

Eg er litt usikker på kvifor eg har likt dette så godt. Er det den gamle dama eg har inni meg, -ho som likar portvin, NRK P1 + og som tykkjer at Med hjartet på rette staden er noko av det beste på tv, som likar usmarte mobilar? Eller har trettieinåringen i meg rett og slett fått ein trendy reaksjon på ti år med sosiale medie og smarttelefon som ein forlenga kroppsdel? Eg er litt usikker.

Diverre har eg måtte krype til korset å skaffe meg smarttelefon igjen. Presset frå omgjevnadane vart for stort, men den usmarte telefonen ligg på vent i nattbordsskuffa, klar for å steppe inn når eg treng ein digital detox.

-Og for oss som knuser mobilskjermar litt for ofte, -det finst håp! I det nyaste Infinitum-magasinet las eg nylig følgande:

Me har forresten ei luksushelg av dei sjeldne. Me har barnefri og skal få unna jobb og ein heil del andre saker som har hopa seg opp. I tillegg blir det bruktmarknad på Gamle slaktehuset og sein frukost i byen. Ferie i eigen by, -eller «Urlaub auf Balkonien» som tyskarane kallar det. Betre kan det ikkje bli!

Ynskjer deg ein flott laurdag!

/Inga

Nytt framkomstmiddel nr. 1?

Endeleg er hybridsyklar i hus og me gler oss til sykkelhaust!

Sykkelvogna kjøpte me brukt i fjor, og den er super til frakt til og frå barnehagen.  Me har stort sett brukt den som trillevogn det siste året, då me ikkje har hatt skikkelege syklar i hus, men no blir det andre boller.

No manglar berre ei regnbukse til mannen og eit til hengerfeste. Etter det finst det ikkje lengre unnskyldningar for å heller velje bil foran sykkel.

Eg er spent på kor enkelt, evt. vanskeleg det blir å la bilen stå i kvardagen! Eg held dykk oppdatert. 😀

LagreLagre

LagreLagre

Torta de ceci

På hytta laga den italienske svogeren min det som må vere somaren 2017 sin beste snack. Kikertpannekaker med eit dryss salt og ulike krydder på. Mjuke inni og sprø i kantene. Heilt nydeleg til ei kald pils på brygga, når du er litt småsulten eller som siderett til både kjøt og fisk. 

Denne oppskrifta tek me med oss heim frå ferie! Eg poster den seinare her, så de også kan prøve den ut.

Klem frå Inga 

Oppdatering:

Her er oppskrifta tilsendt på SMS. 

Avslutt med å strø salt og eventuelt ekstra krydder på toppen. Nyt!

Miljøkveld og hatprat

img_0444
Eit lønnetre fullt med summande humler i helga. Ikkje la humla suse denne veka, -ta heller turen til Gamle slaktehuset eller Haugesund folkebibliotek!


Er du på Haugalandet denne veka, har eg to fine tips til deg:

Miljøkveld på Gamle slaktehuset

Onsdag kl 19.00, Gamle slaktehuset

Onsdag inviterer Tysvær, Karmøy og Haugesund kommune til miljøkveld med inspirasjon. Me får høyre om kvifor me må bry oss om miljøet, og tips om korleis me kan leve litt meir miljøvenleg. Føredragshaldar for kvelden er Mona Nilsen. Ho har jobba med miljø- og klimakommunikasjon i over 20 år. I tillegg er målet at kvelden skal vere ein møtestad for andre miljøinteresserte.

«Står miljøproblematikk i veien for oss mennesker i søken etter det gode liv? I havet er det om få mer plast enn fisk. Vi flyr som aldri før, og en weekendtur til New York er mulig for alle. Når rask nytelse forherliger det langsiktige målet er det lett å lukke øynene. Ski er kultur og en udiskutabel helligdom i Norge. Skal vi tro våre forskere og FN’s klimapanel, så er mangelen på snø menneskeskapt. Vil vi bry oss?» – Henta frå invitasjonen på Facebooksida.

Hatprat – Bernt Hagtvedt, Nancy Herz og Geir Inge Davidsen

Torsdag, kl. 19.30, Haugesund Folkebibliotek

Haugesund folkebibliotek inviterer stadig vekk til interessante samtalar. På torsdag skal professor Bernt Hagtvedt innleie med ein gjennomgong av folkemord og masseforfølging i det 20. århundret. Etterpå vil Hagtvedt delta i ein samtale med samfunnsdebattant Nancy Herz  og Geir Inge Davidsen frå PST. Tema vil vere hatprat i vår eiga samtid. Alexander Urrang Hauge vil leie samtalen.

Somarkveldstemning i eplehagen på fredag

Eg håpar på at eg får med meg minst to av kveldane, då det er særs spanande tema med flinke folk. Hiv deg med du også om du har tid! Ikkje la humla suse (denne gongen).

Oppdatering: Miljøkvelden vart diverre avlyst, men blir gjennomført på eit seinare tidspunkt.

Ha ein fin måndagskveld!

Fra den ene til den andre

Sola skin i Sildebyen og eg har på meg ein arva favoritt. Denne jakka har vore innom to venninner før meg, men då den anten var for lang eller for vid, fekk eg den. Nokre gonger løner det seg å vere eit stykk langt kvinnfolk.

Det er vedig veldig kjekt med slike plagg som kan vandre litt rundt, og som ikkje blir liggande i klesskapet som eit gjenferd år etter år. Har du nokre plagg du veit du ikkje kjem til å bruke igjen, -gi eller sel dei vidare då! Så skal du sjå at nokon blir skikkeleg glade for å ta plagget i bruk. Vinn-vinn!

Med ynskje om ein flott fredag til dykk alle!

Klem frå Inga