Gjer hausten litt sprøare

Gulrot- og ingefærsuppe til middag i dag, med purre og gresskarkjerner på toppen.

Haust er suppetid og då er det alltid kjekt med småsaker ein kan ha på toppen av suppa. Har det ein sprø konsistens i tillegg, vert det fort ein vinnar! Krutongar er den gode gamle travaren hjå oss, men grønkålchips og rista gresskarkjerner er også utruleg godt. Både som suppetopping og snacks i seg sjølv.

Gresskarkjerner sprer du utover eit steikebrett dekka med bakepapir. Dryss over olje, salt og eventuelt anna krydder. Steik i omnen på 180 grader i ca 10 minutt. Følg godt med så dei ikkje vert brende.

Kos deg!

Plast og feilmerking

Var det fleire enn meg som lærte noko nytt etter å ha lest denne saka for nokre veker sidan?

Mykje av plastemballasjen skal sorterast som restavfall, -sjølv om det er merka plastavfall. Grunnen er sølvfolien på innsida av nokre av posane.

Det er flott at avisene set fokus på feilmerkinga, så det forhåpentligvis kan rettast opp i.

-Så skal eg hugse å sortere rett neste gong eg heilt aleine tek knekken på to chipsposar på ein kveld.*

*Til mitt forsvar: rotfruktchipsen til Änglamarkt er hinsides god!

Bornebursdag og kino i gåve

Gåver i bornebursdagar kan vere vere kinkige saker. På eine sida skal ein kjøpe noko til ein nøktern sum, samstundes som ein syns det bør vere noko skikkeleg. Det er ikkje enkelt, særleg ikkje når bornebursdagane vert fleire og fleire. Det vert fort små Lego-ting og x antal hårklemmer, -ting som folk gjerne allereie har mykje av frå før.

Då eldstemann skulle i bursdag til ein god ven før helga, prøvde me noko nytt. I staden for å gå for den vanlege legoen, kjøpte me kinobillett og popcorn, med beskjed om at bursdagsbornet skulle vere med kompisen på kino i nær framtid.

Eg var litt spent då eg lufta idéen for sonen vår. Det er ei sak at eg som er vaksen syns det er utruleg stas å få ei oppleving eller berre tid saman med dei eg er glad i i gåve, men for gutar på fem år som er tungt inne i Lego-alderen, er det ikkje like sjølvsagt. Eg fekk likevel uventa drahjelp frå serien Villmarksbarna på NRK Super. Der hadde han sett at den eine guten gav skitur i gåve til systra, og då var det på ein måte som å feire bursdagen to gonger! Dei hadde gått på ski, ete sjokoladekake og hatt det veldig gøy, -i tillegg til den vanlege bursdagsfeiringa! Kino syns han difor var ein god idé.

Gåva fall også heldigvis skikkeleg i smak hjå jubilanten og no er det planlegging på gong med omsyn til kva kino me skal sjå.

Til neste år byrjar han på skulen og eg veit fleire klassar der har dette systemet. I staden for å gi smågåver, gir kvar unge i staden 50 kr kvar. Det er jo genialt! Då kan jubilanten kjøpe ein ting han/ho verkeleg ynskjer seg sjølv, i staden for å få hundre småting som blir skapfyll. Det er igjen også fin-fint for miljøet.

Kva syns du? Har du nokre erfaringar med bornebursdagar og gåver?

Rask pizza for utolmodige sjeler

Når me ikkje har tid eller lyst til å lage pizzadeig (eller rett og slett er litt for surrete i topplokket til å planlegge, etter å ha starta på jobb igjen), er den kjappe løysinga å bruke kjøpe-tortillalefser. Dei vert kjempegode og supertynne pizzabotnar!

Pizzasaus lagar me som oftast ved å tømme ein boks hermetiserte tomater i eit dørslag så mykje av vatnet renn av, for så å mose dei. Men, i går kom eg over ei enda kjappar løysing på Coop Obs. Desse økologiske tomatene smakte veldig godt og konsistensen var tjukk nok til å smøre utover. No skal berre restene etter fredagstacoen på toppen, så er me klare.

Ha ein fin laurdagskveld!

Bevar Skattkammeret

På onsdag kunne ein lese i Haugesunds avis at Skattkammeret i Haugesund står i fare for å stenge. Årsaka er manglande bevillingar frå det offentlege. Dei siste tre åra har dei motteke støtte frå Barne, -ungdoms- og familieetaten. I år har søknaden deira hamna nede på prioriteringslista. Om dei ikkje får midlar, må dette særs populære tilbodet stenge.

Skattkammeret har primært drive med utlån av sport-og fritidsutstyr til born og unge. Frå 2016 til 2017 hadde dei ei auke i utlån på heile 115%! I tillegg til utlån, er Skattkammeret ein populær stad å henge for unge i byen, og dei har også tilbydd kurs i grafitti, parkour og kunst, som raskt har blitt fullbooka, med lange ventelister.

Me har sjølve benytta oss mykje av Skattkammeret i vinter. Med ungar som veks ut av skiskoa nesten før sesongen er omme, har det kjentest særs meiningsfullt å kunne låne skiutstyr, i staden for å kjøpe nytt kvart år. Dette er også eit særs viktig miljøargument. I ei tid der me leitar etter måtar å redusere klimaavtrykket vårt, viser ein studie gjort på NTNU, at å redusere antall ting me kjøper, er langt viktigare enn å slå av lyset eller dusje kortare. Landa med høgast forbruk, har 5,5 høgare miljøbelastning enn verdsgjennomsnittet. Noreg er eit av desse landa. Så, dess fleire saker me kjøper, dess meir vert produsert og dess større utslepp får me. Ergo er utlån og deling av skiutstyr og anna eit særs fint tiltak for miljøet. For kvar ting me låner i staden for å kjøpe, reduserer me eigne CO2-utslepp.

Minst like viktig er det sosiale argumentet. Barnefattigdomen i Haugesund har auka dei seinaste ti åra. I 2016 levde 10,8% av borna under 18 i låginntektsfamiliar. Dette er ein 75% auke frå 2006. Samstundes veit me at det er eit aukande klasseskilje i borne- og ungdomsidretten i Noreg. Høgare kontingentar og eit stort kjøpepress på utstyr, ekskluderer i veksande grad born frå låginntektsfamiliar. Dette er særs uheldig, då idretten og kulturtilbodet til unge er ein viktig møtestad utanom skulen. Her får born og unge møte kvarandre på andre arenaer enn i klasserommet, utvikle ferdigheiter og få sosiale band. Gratis utlån av utstyr hjå Skattkammeret er difor særs viktig i inkluderinga av dei som elles ikkje hadde hatt moglegheit til å delta på desse arenaene.

Når Skattkammeret i tillegg ser ut til å vere eit populært supplement til fritidsaktivitetar elles i byen, har dette lokalet ein skikkeleg Kinderegg-effekt! Det er eit godt miljøtiltak, eit viktig tiltak for å utlikne sosiale skilnadar og ein kjærkomen stad å vere for unge i byen.

Det skal opp til vurdering i formannskapet om Skattkammeret skal få deler av midla som ligg under barnefattigdomsmidla til kommunen. Eg håpar inderleg at politikarane ser gevinsten i å oppretthalde dette tilbodet. Vil det ikkje vere langt dyrare å legge det ned, for så å bygge det opp att på eit seinare tidspunkt? Her snakkar me om eit særs velfungerande og populært tiltak med positive gevinstar på fleire nivå!

Om ikkje kommunen kan trå til, håpar eg at næringslivet kan bidra. Først og fremst for i år, men aller helst som ein stabil støttespelar framover. Det må vere krevjande for drivarane å halde motet oppe, når ein ikkje veit om ein får statlege bevillingar frå år til år. Per no treng dei 200.000 kr for å drive ut året. Så, om det er ei eller fleire bedrifter som ynskjer å bidra til miljøsaka, til å utjamne dei sosiale skilnadane i byen og styrke fritidstilbodet til born og unge, er Skattkammeret ei gylden sak å støtte!