Kortreist perle i Hardanger

DSC_0481

Den gamle klisjeen «vegen blir til mens du går» er ikkje dum når ein reiser på ferie. Med litt ekstra planlegging (eller spontantitet), kan den same ruta du har reist mange gonger, bli ny og spanande.

På returen frå Valdres stoppa me rett og slett på ein stad me mang ein gong har køyrt forbi, -nemleg Utne hotel. Dette gamle hotellet er eit av dei historiske og beint fram vakkert, -både utanpå og inni.

Fyr på open peis, stive kvite dukar, te servert i små poselenskanner og nydeleg kake venta innanføre dørane. Det var som å gå inn i ein annan tidsalder! -Ein skikkeleg høgdare på tampen av turen.

Tenk at slike små perler finst rett rundt hjørnet, -langs ruta me har reist mang ein gong! Opptråkka stiar og kortreiste ferieturar kan vere langt meir spanande enn ein trur på førehand. Det er stas.

DSC_0473
Sjokoladekake med rødbetsorbet! Den var ny, -men veldig god.

DSC_0468DSC_0474
DSC_0486

Vårsymfonien

DSC_0794

Skal eg gi eit tips denne helga, så er det å komme seg ut i skauen. Eg gjekk ein tur i godt lag i Djupadalen i veka. I staden for å gå på turvegen, tok me små avstikkarar inn i skogen. Der var det eit samansurium av fuglekvitter. Det var reine vårsymfonien! Veldig veldig fint og ei rask oppskrift på låge skuldre og mental pause frå kvardagen.

DSC_0830

Djupadalen er forresten eit heitt tips om du ikkje er kjend i Haugesund frå før. Eg ante ikkje at denne perla fantes før eg flytta hit. Det er eit vidunderleg fint turområde som er tilrettelagd for alle. Ein kan ta ein flott joggetur i ei av dei mange rundløypene, ein liten topptur til til dømes Presten med suveren utsikt utover byen og havet, -eller ein liten søndagstur med borna til HIL-hytta for å kjøpe vaffel. Djupadalen er blitt ein stor favoritt når me skal ut på tur.

DSC_0824
DSC_0821

DSC_0816

DSC_0813

DSC_0812

DSC_0801

DSC_0789

DSC_0788

Om du ikkje ville stikke til skogs i helga, er loppissesongen i gong! Om eg kunne ha klona meg, skulle eg gjerne ha vore fire plassar samstundes på laurdag: på loppemarknad til inntekt for Strømmestiftelsen på Vardafjell, på gjenbruksdag på Skakke i Etne eller på auksjon på AFFI Årabrot.

…men mest sannsynleg vert det Barnas Superhelg her i Haugesund. Alt til si tid! 🙂

Fiks det sjølv / Korleis reparere kjedet på sykkelen

DSC_0637
No er sykkelen framkomstmiddel nr. 1 igjen og me håpar at me får litt til vinterføre før vintersykkelsesongen er forbi!

You live and you learn. Etter å klødd meg i hovudet i nokre veker, har det no gått opp for meg korleis ein reparerer eit kjede på sykkelen. Kvifor googla eg ikkje først som sist?! Etter litt feilinformasjon frå ein på Biltema, trudde eg først ein måtte byte heile kjedet.  Det må ein altså ikkje. Ein kan nemleg skøyte det gamle.

Med ein kjedekuttar, ei tang og nokre ekstra ledd, kan ein ordne det sjølv. Eg kjøpte kjedekuttar, tang og ekstra kjede på Biltema. Men, før eg hadde sagt «fikse det sjøl» «, hadde mannen reparert kjedet under ein tur ut i boden. Det er altså tilsynelatande fort gjort!

Toåringen er nøgd med at sykkelvogna er tilbake i transportbransjen!
Toåringen er nøgd med at sykkelvogna er tilbake i transportbransjen.

Men, mantraet er altså: google, google google. Det er flust med informasjon om sykkelreparasjon på nettet og mange fine instruksjonsvideoar på YouTube. Denne frå Anton Sport om nettopp skøyting av kjeder, viser det på ein oversiktleg og god måte.

No ventar sofaen og House of Cards. Ha ein fin kveld!

/Inga

Kortreiste ferieperler #2

DSC_0405

Ein treng ikkje reise langt for å få ei rik oppleving i ferien og her er ei anna kortreist perle, -nemleg Åkrafjorden i heimkommunen min. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har køyrt vegen gjennom Åkrafjorden på veg til farmor. Det var mange nok til at eg vart heilt tunblind. Først då eg hadde somarjobb som guide i fjorden då eg var student (forresten den flottaste somarjobben eg har hatt!), gjekk det opp for meg kva for ei fantastisk perle dette er. Djup fjord, høge fjell, Folgefonna i det fjerne og Langfossen som er kåra til ein av verdens ti flottaste.

DSC_0379

I juni gjekk me tur langs den veglause nordsida av fjorden. Her er ingen veg og berre ein sti frå det eine fråflytta gardstundet til det andre. Trolsk skog, vakre, gamle gardstun og ein spektakulær utsikt gjer dette til ei stor oppleving.

DSC_0401 DSC_0411 DSC_0388 DSC_0384 DSC_0413

Det er lett å bli tunblind når ein veks opp i dette landet, -men tenk så mange slike fine ferieperler me har rett over dørstokken! 

/Inga

Den friske lufta

20131229-163911.jpg

Puh! Julefeiringa på Vestlandet har vore ei stormfull affære. Dei fleste dagane har det blåst så hardt at ein kan telje antal trilleturar på ei hand, -eventuelt to fingrar.

I dag stilna det, regnet stoppa og blå himmel kom til syne med ei skinande sol bak lette skyer. For ei vitamininnsprøyting! Det vart raskt både to fine trilleturar og ein liten joggetur for ho mor. Slikt gjer underverker når ein er kronisk avhengig av frisk luft for å få kropp og hjerne til å fungere.

No byrjar me så smått å bli klare for å starte på eit nytt år med blanke ark. Det blir stas!

/Inga