Jakt på det perfekte brødet

DSC_0524

Etter å ha budd to år i Tyskland, kom aldri norsk butikkbrød til å bli det same.

Brød i Tyskland er som pasta i Italia. Tyskarane kan brød, og då også grovbrød som ein ofte ikkje finn dess lengre sør ein kjem i Europa. Sprø skorpe, ein fantastisk luftig tekstur, nydeleg smak og ein enorm variasjon i utvalet. Då ein i tillegg har større tradisjon for å handle hjå den lokale bakaren i staden for butikk, er kvaliteten på brøda høg.

I Hamburg handla vertsmora mi ferske rugbrød på kvardagane. I helgane var det helgefrukost med knackfrische Brötchen. Alt handla hjå den lokale bakaren ein kort sykkeltur unna. Då eg skulle på utveksling til Heidelberg i 2010, vart difor det lokale bakeriet raskt oppspora. Du veit; when in Rome..!

Brusteinane utanføre Gundel. Fint!
Brusteinane utanføre Gundel. Fint!

Gundel låg rett rundt hjørnet og me vart stamkundar det året me budde der. For eit år og for nokre brød! Eg trur me smakte oss gjennom alle sortane.

Då me kom tilbake til Noreg, starta jakta på Gundelaktige brød. Det var ikkje vanskeleg å finne dei hjå ulike bakarar, men det var ingen lokale bakeri i umiddelbar avstand. Det å ikkje ha eit lokalt bakeri lenger, førte til ny forsking: korleis lage Gundel-brød heime?

Brusteinsdekorasjon av brød.
Brusteinsdekorasjon 2.

Etter litt kom eg over konseptet eltefrie brød på den supre matbloggen Mat på bordet. Eltefrie brød skulle vise seg å vere skikkelege Gundelbrød!

Dama bak bloggen, Ina, hadde oppdaga no knead bread på nettet og introduserte det via bloggen sin. Grunnoppskrifta viste ho fram i ein videosnutt som ho la ut på bloggen, fulgt av ei enorm mengde oppskrifter med ulike variantar.

Etter dette har Ina så og sei blitt No knead bread sin ambassadør i Noreg, noko som mellom anna har resultert i bakeboka Eltefrie brød og himmelske kaker.

Eg møtte Ina då eg var med i bakekonkurranse i Mathallen i desember. Eg klarte å mote meg opp til å spørje om eit bilete. Ina var ekstremt hyggeleg og dyktig. Bak oss ser de Pascal Depuy som var ein av dommarane.
Eg møtte Ina då eg var med i bakekonkurranse i Mathallen i desember. Eg klarte å mote meg opp til å spørje om eit bilete. Ina var ekstremt hyggeleg og dyktig. Bak oss ser de Pascal Depuy som var ein av dommarane. Kjekk som berre det (og heilt ufarleg) han óg!

Så kva er eltefrie brød?

Eltefrie brød er laga av deig som ikkje skal eltast og som skal heve i 12-18 timar. Brøda skal steikast i jerngryte i steikeomnen. Resultatet er luftige brød med sprø skorpe. Teksturen i brøda er som i bakeribrøda og det smakar himmelsk! Om ein ikkje har jerngryte, kan ein også nytte römertopf eller vanlege brødformer (om ein nyttar brødform er det ikkje like lett å få sprø skorpe). Eg har også baka ciabatta og rundstykke på brett med fint resultat. Moglegheitene er mange!

Eg er kort og godt heilfrelst. Det som slår meg er kor ufatteleg enkelt og grunnleggande heile brødbakeprosessen er. Deigen skal i stor grad få vere i fred og kvile før den hamnar i omnen. Resultatet er fantastisk.

Før du hiv deg rundt, anbefaler eg å lese grunntrinna nedanfor og sjå filmsnutten til Ina.

Eltefritt brød

Grunnoppskrift:

  • 500 g mjøl
  • 1,5 ts salt
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 4 dl vatn

1. Rør saman dei tørre ingrediensene. Hell i lunka vatn og rør blandinga saman. Ein skal ikkje elte, berre røre.

2. Dekk til deigen og la den heve i 12-18 timar.

3. Dryss litt kveitemjøl på eit bakepapir som du har på kjøkenbenken. Legg deigen på toppen. Brett deigen nokre gonger før du legg den med brettesida ned. Legg bakebolla over og la deigen kvile i 2 timar til.

4. Sett ei jerngryte med lok i steikeomnen når det er ein halvtime igjen av etterhevinga. Varm omnen opp til 250 grader.

5. Ta gryta ut av omnen, velt deigen over i gryta og sett den inn i omnen igjen med loket på.

6. La brødet steike på 250 grader i 30 minutt. Etter dette fjerner du loket og seinker temperaturen til 220 grader. La brødet steike vidare i 15 minutt.

7. Løft gryta ut av steikeomnen og kvelv brødet ut på ei rist. La det kjølne heilt (om du klarar å vente!).

Eg skal bake brød i helga og kjem til å legge ut nokre av favorittoppskriftene mine her. Gi gjerne ein lyd om du tester ut eltefrie brød og fortell korleis det vart!

Ha ein flott laurdag!

/Inga

Nyttige fjøler

DSC_0052 5

Gåvetips til dei som har alt, men likevel ikkje; små brødfjøler! Eg brukar mine mykje. Dei er supre til brød og flatbrød når ein har suppe, gryter eller annan middagsmat.

DSC_0054 6

Tre er nok det finaste materialet som finst og når fjølene i tillegg er laga av frukttre frå Hardanger (la oss håpe det var gamle, ubrukelege tre), er det ekstra stas. Teak nei takk. Eg tek heller eit pæretre!

DSC_0056 6

Kokkelering med klementin #2

DSC_0125 2

Nypressa juice er heilt nydeleg, men kvifor ikkje byte ut appelsinene med klementiner?

Eg nyttar ei elektrisk sitruspresse, som gjer prosessen litt meir effektiv. Dette var i utgangspunktet ein kjøkenmaskin eg trudde kom til å støve ned i skapet, men den har blitt overraskande mykje brukt då den er så hendig og lett å reingjere. Eg har høyrt at Phillips si juicepresse òg skal vere særs bra. Elles fungerer vanlege, manuelle sitruspressarar fin-fint.

Klementinene er rimelege om dagen, så her kan ein kjøpe mengder. Klementinjuice er hakket søtare enn appelsinjuice og garanterer ein frisk og velsmakande start på dagen.

OBS! Juicen forsvinn fort og er avhengighetsskapande!

Fleire klementinoppskrifter kjem til veka.

/Inga

DSC_0236 1   DSC_0240 1 DSC_0232 1   DSC_0239 1

Laukbilen

Av alle merkelege kjøkenting, har denne rekorden i kjøkenskuffa mi. Det er ein kvitlaukshakkar i form av ein futuristisk bil som ein må køyre fram og tilbake for å hakke lauken. Den vart overrekt av ei lattermild mor i jula i fjor. Ho hadde kome over den under julehandelen og kunne ikkje dy seg. Kvitlauksbilen vart med heim i bagasjen og lagt i skuffen på kjøkenet.

Etter det vart den gløymt…heilt til me skulle ha middagsgjester for nokre veker sidan. Eg hadde skrelt kvitlauken og stod på hovudet i kjøkenskuffa på jakt etter eine delen til kvitlaukspressa. Den var borte vekk og gjestene var rett rundt hjørnet. Gode råd var dyre då det å finhakke kvitlauk for hand kjendes frrrrykteleg tungvindt der og då.

Plutseleg fekk eg auge på laukbilen. Eg putta eit kvitlauksfedd i topploket og byrja å trille den på kjøkenbenken. Det viste seg å vere tungvindt å småkøyre, – her måtte ein ut på langtur. Det var dårleg med benkeplass då benken var fylt til randen med matvarer, knivar og skjerefjøler. Einaste utvegen var å setje seg på huk på golvet og køyre bilen fram og tilbake. Så der sat eg, stressa som eg var, og køyrde ein leikebil proppa med kvitlauk febrilsk fram og tilbake på kjøkengolvet. Det må ha vore litt av eit syn. 😀

Enden på visa var tommel opp for laukbilen, super aïoli, nøgde gjester og ein kokk som gjekk i barndomen.

/Inga

Nordic Grip Mini

No når det vert mørkt, glatt og kaldt finst det ofte mange unnskyldningar for å droppe treningsturen utandørs. Det er det ingen grunn til! Med ull innerst, refleks og eit par brodder er det berre til å springe ut døra. Eg har kjøpt eit par brodder frå Nordic Grip. Dette er mini-versjonen som ein kan tre på alle slags sko, -til og med høge hælar! Det er kort og godt eit par strikkar som ein trer på framdelen av kvar sin sko. Dei to piggane bidrar til langt betre fotfeste og fastare fraspark når ein spring på glatta. Eg hadde meg ein times tur på glatta i kveld og dei fungerte like fint på isete asfalt som på snødekte grusvegar. Genialt!

/Inga, som likar særs godt at Nordic Grip-produkta er ei norsk oppfinning.