Kvardagsdessert frå Hamburg

DSC_0148 1

Å ete litt dessert i kvardagen er heilt lov spør du meg. Ein liten fruktsalat, litt youghurt, ein smoothie eller andre søte (men nyttige) avrundingar kan vere ein skikkeleg høydare etter ein middag!

Dette er ein rask kvardagsdessert som eg vart introdusert for i Tyskland. Den er god og mektig som berre det. Eg nyttar gjerne frosne bær då ein då får eit fint sø som blander seg ut i kesamen. Elles kan ein også nytte ferske bær og oppskjært frukt i lange banar.

Desserten vert best om du lagar den nokre timar i forkant og oppbevarer den i kjøleskapet til den skal etast.

Ingredienser

  • 2 boksar kesam
  • 1-2 koppar frosne bringebær
  • (honning/agavesirup/ hakka sjokolade m.m.)

Vend dei frosne bæra i kesamen og la det stå i kjøleskapet nokre timar. Då tiner bæra men desserten held seg samstundes kald. Nyt desserten slik som den er, eller toppa med litt honning, agavesirup, sjokolade eller anna godt.

Enkelt og heilt nydeleg!

/Inga 🙂

DSC_0157 1

Slow motion-underhaldning

DSC_0121 2

I fjor var det tomatdyrking som stod på tapetet. I år er det bæra som skal til pers. Mannen er sjefsgartnar og eg er handtlangar. No står to solbærbuskar, ein ripsbusk og ein blåbærbusk og solar seg på terrassen. Det ser ut til å bli bær allereie i år og det er så himla stas!

Enn så lenge ventar, observerer og flytter me omhyggeleg på krukkene for at dei ikkje skal bli drukna av regnet.  Slik underhaldning i sakte fart er eit nydeleg avbrekk frå resten av hurtigkvardagen.

Har de planta noko i år og eventuelt kva?

/Inga

DSC_0120 3 DSC_0114 3

Smoothie med raudbete, ingefær og bringebær

DSC_0092 2 DSC_0100 3

Eg kikar ut vindauget og det høljar ned. Kor vart det av maiveret? 17. mai skal feirast i Bergen i år. Trass i venta meldingar om regn i regnbyen, gler eg meg uhorveleg til fine vener, buekorps, bunad og alt som høyrer til. 17. mai er ein staseleg dag!

Om det regnar eller ikkje regnar; her er ei lita vitaminbombe som hever dagar med kvardagsgruff.

Ingredienser (1 stort glas)

  • 1 lite glas mjølk
  • 1 kopp frosne bringebær
  • 1/2 banan
  • 1 raudbete
  • 1 ts finhakka ingefær

Skrell banana og raudbeten og del opp i grove betar. Køyr alle ingrediensene i ein blender eller med stavmiksar. Voila!

/Inga

Pimp my soup

Beskjeden topping for bilette si skuld. Rett etterpå var suppa hakket meir nedlessa.
Beskjeden topping for biletet si skuld. Rett etterpå var suppa hakket meir nedlessa.

Suppe er noko av det beste eg veit. Det er mettande, næringsrikt og ein kan lage det av det meste. I tillegg er det skikkeleg «svinte» som me seier der eg kjem frå.  På tysdag vart det blomkålsuppe til middag.  Med litt god, gamaldags topping, vart det supertysdag!

Då eg var lita hadde me av og til «luksustomatsuppe». Det var eit konsept mor mi introduserte. Det var ikkje berre tomatsuppe. I tillegg stod små boller med mais, bønner, reven ost, hardkokte egg m.m. på bordet som me kunne toppe suppa med. Det var stas å få kunne velje ut topping sjølv og strø over suppa. Tomatsuppa fekk fleire spanande smakar og den metta meir.

Dette har eg vidareført i suppekokkeleringa, då topping gjer alt mykje festlegare. Dei gamle kjenningane frå luksustomatsuppa er like kjære no som då, men i tillegg har det sneke seg inn nokre vaksenvariantar. Oliven, trøffelolje, parmesankjeks, friske urter, sprøsteikt bacon eller spekeskinke er blitt gjengangarar. Spesielt i ulike typar kremete grønsakssupper.

Blomkålsuppa vart denne gongen toppa med nokre kokte blomkålbukettar, litt ruccola, sprøsteikt serranoskinke og trøffelolje. Godt som berre det!

Dette er ein kjappisversjon kor eg er litt uortodoks med omsyn til grønsaksbuljongen og måla. Ideelt sett skal ein røre ut buljong i varmt vatn, -her smuldrer eg den over og rører godt inn i suppa. Dette slik at eg kan bruke litt av kokevatnet frå blomkålen.

Elles er måla litt på gefühlen. Ein bør ha rundt 1 l væske når ein har 4 porsjonar (2,5 dl per stk), men eg nedjusterte det litt for å lage ein kremete versjon. Blomkålen legg til mykje volum slik at det likevel vert 4 porsjonar.

Blomkålsuppe til 4 porsjonar

  • 2 blomkålhovud
  • 3 dl vatn
  • 1 blokk grønsaksbuljong
  • ca. 4 dl mjølk
  • pepar

Skyll og del opp blomkålen i bukettar. Kok dei møre i lettsalta vatn. Hell av mesteparten av vatnet til det er ca. 3 dl vatn igjen i kjelen. Hell gjerne av alt, for så å helle litt av søet i eit målebeger før du heller det tilbake. Eg gjer dette litt på augemål i kjelen. Mos blomkål og sø med stavmiksar. Smuldre over grønsaksbuljon, rør godt medan du heller i mjølk til ynskja konsistens. Varm opp suppa om den kjølna litt etter å ha helt i mjølka.

Server, -og gjerne i luksusversjon! 😀

/Inga

Smoothie med bringebær og grapefrukt

DSC_0018 9

Viss ein likar grapefrukt, likar ein denne smoothien. Den smakar hakket meit bittert enn andre smoothiar, men det tykkjer eg er friskt og godt! Saman med mango, bringebær og spissa med ingefær, er den ein skikkeleg oppkvikkar!

Ingredienser for to glas

  • 1/2 grapefrukt
  • 1 kopp frosne bringebær
  • 1/2 mango skjært i betar
  • 1 tomme grovhakka ingefær
  • 1 kopp appelsinjuice

Bland saman alle ingrediensene i ein blender eller med stavmiksar. Spe på med meir appelsinjuice om du tykkjer den blir for tjukk.

Asvlutt med å nyte den ute i sola, -gjerne med Panama-hatten på!

/Inga

DSC_0019 9