Kjølande knask til varme dagar

DSC_0007 9   DSC_0011 7

Frosne druer er nydeleg no om våren og somaren. Heilt sidan eg kom over det gode tipset, har eg stadig vekk hatt ein klase frosne druer liggande i fryseboksen. Grunna mykje sødme, får druene ein sorbet-aktig konsistens og blir ikkje harde.

Druene er kjølande, søte og supre å knaske på på varme somardagar.

Skyll druene og klapp dei tørre med eit kjøkenhandklede. Legg dei i ein pose eller tilbake i emballasjen før du plasserer dei i fryseboksen. Etter nokre timar er dei frosne.

Frosne druer er óg genialt å nytte i smoothies, så det er lurt å ha eit lite lager. Eg likar best dei raude, steinfrie druene då dei har mest sødme, men her må ein smake seg fram.

God 1. mai!

/Inga

Ertesuppe med mynte og parmesankjeks

DSC_0589

Det er mange bra damer der ute på verdsveven. Ei av dei er Susanne Kaluza. Tidlegare feature-journalist i Dagbladet, -no mammabloggar og matpakkebokforfattar.

Med ein mann som er vegetarianar, lagar ho mykje spanande vegetarmat og deler oppskriftene mellom anna på eigen blogg og hjå Fremtiden i våre hender sin kjøttfrie måndag.

Eg testa ut oppskrifta på ertesuppe med mynte. Den var så heidundrande god at eg må dele den vidare!

Kaluza si ertesuppe

  • 1 pakke frosne erter
  • 6 – 7 dl grønsaksbuljong
  • 1 potet
  • 2 stilkar vårlauk
  • 2 handfuller mynte

Del vårlauk og potet i små betar. Steik potetbetane og mesteparten av vårlauken i ei steikepanne på middels varme i nokre minutt. Hell over mesteparten av buljong og la det koke i fem minutt til potetene er møre. Finhakk mynten (men la nokre blad ligge igjen) og hell i kjelen saman med dei frosne ertene. La det koke vidare i eit minutt. Mos med stavmiksar og spe i litt ekstra buljong om du vil tynne ut suppa. Eg likar kremete supper godt og utelet gjerne ekstra sø, men her er smaken som baken!

Server saman med resten av den grovhakka vårlauken og mynteblad på toppen.

NB! Parmesankjeks er supergodt og er fint å servere ved siden av. Skjær skiver med parmesan med ostehøvel og legg på steikebrett dekka med bakepapir. Steik i omnen på 220 grader til osten boblar. Dette tek ca. 2 minutt. La dei ligge og kjølne nokre minutt på brettet etterpå før du legg dei over på rist.

DSC_0569

Eg er ikkje vegetarianar men kunne gjerne tenkje meg å lage meir vegetarmat. Om ei veke går Oslo vegetarfestival 2013 av stabelen på DogA. Der er det mange flotte utstillarar, kurs og inspirasjon å hente. Kvifor ikkje legge neste helgeutflukt dit?

/Inga

Lemonade med agavesirup

DSC_0007 8

No når me går mot vår og meir uteliv, er det fint med noko godt og flytande som kan kjøle ned strupen.

Eg er veldig glad i alt som er syrleg. Lime, sitron, grapefrukt, kumquats. Det er nydeleg, same om det er i flytande (lemonade! te! vatn!) eller fast form (sorbet! salat! kake!). Det syrlege gir ein real oppkvikkar.

Eg fekk augene opp for ekte amerikansk lemonade då me budde i Heidelberg. Grunna dei mange amerikanarane som budde der, var det mellom anna ein ekte diner, dreve av ei dame frå New York. Der gjekk me titt og ofte for å ete søndagsfrukost, før me så og sei rulla heim att. På denne dineren serverte dei denne lemonaden. Kjølande, syrleg men søt. Den var uforgløymeleg.

På søndag, då me hadde den første fine vårdagen på terrassen og eg tilfeldigvis hadde nokre økologiske sitroner i kjøleskapet, kom lengselen brått etter lemonade og dineren i Heidelberg. Etter litt googling laga eg ein eigen versjon, men med agavesirup i staden for sukker. Om du vil lage med vanleg sukker, finn du ein fin versjon her.

Lemonade med agavesirup

  • 1 kopp* ferskpressa sitronsaft
  • 5-6 koppar kaldt vatn (smak til)
  • 2/3 kopp agavesirup

Bland saman alle ingrediensene i ei kanne eller i ein karaffel. Bland godt med ei skei. Bruk gjerne ei sil og sil blandinga ein gong før du serverer i glas. Dette for å gjere lemonaden klårare og få bort overflødig fruktkjøt. Ha gjerne i isbetar i glasa om du har det.

Nyt vårsola!

/Inga

* 1 kopp = ca. 2,4 dl.

Avokadokrem

DSC_0597

Då eg gjekk på vidaregåande var eg eit år på utveksling i Hamburg. Eit av dei mange fine minna eg har frå det året er vertsmora mi, Jytte, sin avokadokrem. Ho laga den gjerne til kveldsmat der me åt den på godt, mørkt rugbrød. Toppa med rosépepar var det heilt himmelsk!

Dette er blitt noko eg må lage med jamne mellomrom, og då helst til kveldsmat for nostalgien si skuld. 🙂

Avokadokrem

  • 2 modne avokado
  • 1/2 boks philadelphia eller annan naturell kremost
  • litt lime eller sitronsaft
  • rosépepar

Mos avokadokjøt, kremost og limesaft i ein blendar eller med stavmiksar. Ein kan óg nytte ei potetstappe og gjere det for hand. Bland til ynskja konsistens. Fin krem er godt, men det er óg godt om ein lar den vere litt grovare i teksturen og ikkje finmoser den.

Server på godt brød saman med rosépepar (om du ikkje ender opp med å ete den med skei ut av skåla). Nyt!

Ha ein fin søndag!

/Inga

DSC_0600

Rask mat

Når blodsukkeret er på botn og middagen ikkje er planlagd, er gode råd dyre. Då har eg ein slagar som aldri slår feil. Ferdige fiskekaker med tilbehør! Godt både for smakslaukane og kroppen. Her er to variantar som er blitt husfavorittar.

20130417-201413.jpgFiskeburgar (2 personar)

  • 2 grove fiskeburgarar*
  • 4 skiver grovt brød
  • salat
  • tomatsalsa

Varm to store fiskekaker i ei steikepanne. Medan dei vert oppvarma skjer du nokre skiver godt brød og lagar ein kjapp tomatsalsa.

Tomatsalsa:

  • 2  tomater
  • 1 raudlauk
  • 2 kvitlauksfedd
  • 1 ts finhakka chili
  • 1-2 tsk olivenolje
  • salt och peppar
  • (en nypa socker)
  • (1/2 ss lime)

Del tomatene i to og skrap ut frø og saft (dette kan du gjerne fryse ned og bruke i ein tomatsaus seinare). Grovhakk tomater, raudlauk og kvitalauksfedd. Bland alle ingrediensene og køyr dei i ein blendar eller med stavmiksar til du har ynskja konsistens. Om du har ferske krydder som basilikum eller koriander er det genialt å putte i blandinga. Det kan vere godt å ha i litt limesaft og eventuelt litt agavesirup/sukker for å runde av smaken.

Server med nokre salatblad og eventuelle andre grønsaker du måtte finne i kjøleskapet. Nyt!

20130417-201646.jpgFiskekaker med søt salat (2 personar)

  • 4 fiskekaker*
  • 1/2 mango
  • 2 handfuller diverse salat
  • 1 gul paprika
  • 1/2 squash
  • 0,5 dl rosiner
  • 0,5 dl valnøtter

Varm fiskekakene i ei steikepanne. Lag ein kjapp salat av grovhakka mango, paprika, squash og salat. Rist valnøttene i ei tørr steikepanne og dryss over saman med ei handfull rosiner. Hell over litt olivenolje og avslutt med salt og pepar. Server salat og fiskekaker saman med godt flatbrød eller knekkebrød.

NB! Når ein kjøper ferdige fiskekaker bør ein finsjekke innhaldet av fisk. Desse med 80% fisk frå Lofoten er blitt ein av favorittane mine.  Elles er det trygt og godt å henvende seg i ferskvarediskane i butikkane.

/Inga