Massaman vegetarcurry

Eg har alltid tenkt at ein ikkje blir mett av vegetarmat, men dei siste åra har eg blitt overbevist gong på gong. Ei god vegetargryte med kikerter eller linser og mange gode grønsaker, metter godt. Den siste tida har me laga indisk vegetargryte i ei eller anna form minst ein gong i veka. Det fell i smak hjå både små og store, og ein kan varierer det ut i frå kva ein har i kjøleskapet. Har du linser/kikerter, kokosmjølk, litt curry eller tørre krydder, har du ein super basis. Desse matvarene held seg lenge, slik at du kan trylle fram ein curry på ein dag blodsukkeret er lågt, du har gløymt å planlegge middag, det regnar ute og livet er litt kjipt. Indisk mat hever kvaliteten på dagen med ein gong.

Denne currygryta fann eg oppskrifta på i eit hefte frå Adams matkasse, då me abonnerte på det ein periode. I den opprinnelege oppskrifta var det brukt blomkål i staden for grønkål, men her bruker du berre det du har. Aubergine, squash, broccoli, meir paprika -det er mykje som passar.

Massaman vegetarcurry til to personar
  • ca. 1-2 nevar grovhakka grønkål*
  • 1 handfull frisk koriander
  • 1 boks kokosmjølk
  • 1/2 lime
  • 1-2 ss raud currypaste
  • 1 pk papadams
  • 250 g raude linser
  • 1 raudlauk
  • 1 spisspaprika
  • 3-4 stilkar vårlauk
  • olje, pepar og salt

Sett steikeomnen på 250 grader.

Ha linsene i ein kjele. Dekk linsene med vatn og tilsett 1 klype salt. Kok det opp, skru ned temperaturen og la det småkoke i ca. 10 minutt.

Rens og kutt spisspaprikaen i betar og raudlauken i båtar.

Varm opp ein kjele med litt olje til høg varme. Steik grønkål, paprika og raudlauk i ca. 5 minutt. Tilsett currypaste og kokosmjølk, og kok opp. Skru ned temperaturen til middels, og la curryen trekke i 5 minutt. Smak til med limesaft, salt og pepar.

Steik papadams på rist i omnen i 30-40 sekund.

Grovhakk vårlauk og koriander, og dryss på toppen av curryen når du serverer.

Ha ein fin fredag alle saman. Snart er det helg!

Følg meg på Facebook her

LagreLagre

Favorittpålegg i ein fei

DSC_0772

Det beste pålegget eg veit om akkurat no, er heimelaga og inneheld berre ein ingrediens. -Nemleg soltørka tomater! Har du eit glas med dette og ein stavmiksar, blender eller food processor, er pålegget i boks.

Ein tek eit glas med soltørka tomat og mosar det med stavmiksar til ein har pesto-konsistens. Då er ein allereie ferdig. Dette er ein særs enkel form for pesto rosso, då ein kan utvide den i det vide og breie med rista pinjekjerner, krydder, salt og pepar etc. Men eg likar den best akkurat slik som dette. Det smakar heilt fantastisk og er så veldig enkelt.

Dette er like godt på brødskiva, som til ost, som dip, -og er eit supert vegetarpålegg. Kanskje dette kan vere noko å prøve til helgefrukosten?

DSC_0774DSC_0776DSC_0780

Endeleg er sola framme igjen i Sildebyen, me har framleis påskebesøk og det ser ut til å bli ein retteleg fin dag. Me snakkast!