Mat for sjela

8465403944_b044e33c9b_c

Mat for sjela denne veka byr på fylgjande:

  • Hjartesmil sine London-bilete (sjå ovanfor). Så fint lys. Så fine fargar. Så fine hus og gater. Kort og godt. Sukk!
  • Den supre maten på Sundvolden. Å ete seg mett og glad på fantastiske råvarer kor mykje er kortreist og økologisk er gull!
  • Å finne gløymde parfymeprøvar i toalettveska, for så å oppdage (og ta i bruk) duftene på ny!
  • At eg har fått nerde meg i fire dagar med ufatteleg fine, engasjerte og flinke menneske.

Kom gjerne med dykkar mat for sjela!

/Inga

Mat for sjela

20130216-165955.jpg– Biletet er tjuvlånt frå fjesboka. Håpar Liv, eller rettare sagt, kjærasten til Liv, tilgjev meg.-

Me tar ein mat-for-sjela-post denne veka også! Fordi me fortenar det. 😉

Her er fem saker som gjer sjela mi glad om dagen:

  • å oppdage ut i telefonsamtale med vestlandsfar at ein ubevisst har slått over til langt breiare dialekt og seier saker som at «pero på biln e» råkjen». Ahh, språkleg identitet dykkar. Sosiolingvisten i meg elskar det. 
  • At kjekke Liv bak bloggen Superwoman fekk ei oppskrift på trykk i VG, -på nynorsk!!
  • å ha overnattingsbesøk av fine vener som ein ser alt for sjeldan, men som ein berre startar opp att samtalen med der ein slapp sist.
  • QI. Ingen over. Ingen attmed.

/Inga

Mat for huda

DSC_0417

Ein fin måte å leve litt grønare på, er å nytte hudpleie som ikkje inneheld stoff som er skadelege for deg eller miljøet. Det kan likevel vere utfordrande å orientere seg i jungelen av ingredienser. Grønn hverdag har laga ein informativ tabell som blir kontinuerleg oppdatert. Her kan ein sjekke ingredienser i produkt ein har, -eller som ein vurderer å kjøpe. Dei har óg laga ein liten guide til korleis ein kan leve litt grønare med omsyn til hudpleie og kosmetikk.

I tillegg må eg tipse om den geniale appen, Hormonsjekk, som er levert av Forbrukerrådet. Med denne appen kan ein scanne strekkoden på hudpleieprodukt og få beskjed med ein gong om dei inneheld skadelege stoff. Den er super om ein står i butikken og lurer på om ein skal kjøpe eit produkt eller ei.

Eg prøver å få litt grønare badehyller, og tenkte eg skulle tipse om eit par produkt som eg har vore særs nøgd med! Førstemann ut er Weleda Skin Food. Dette er ein feit krem som er særs god på tørr hud. Eg brukar den på hender, føter og innimellom som nattkrem. Den er super på vinterstid og i travle periodar. Eg plukka óg opp frå denne dama at kremen er genial som underlag til sminke, -noko som viste seg å stemme.

Ha ein fin, grøn kveld!

/Inga

 

Veke 6 gjennom Instagram

20130210-162201.jpg20130210-162139.jpg20130210-162218.jpg

20130210-162147.jpg20130210-162155.jpg20130210-162210.jpg

20130210-162130.jpg20130210-162225.jpg20130210-162232.jpg

1) Morgongry og blå time ved Drammensfjorden. Isfiskarane er allereie ute og Drammen lyser fint. 2) Aftenposten laurdag minna om kvifor me bør leve grønare. Viktig lesnad til morgonkaffien. 3) Eg har arva ullkåpe! 4) Båthamna er tom no, men om to månadar skal ein særs fin trebåt ligge her. 5) Grytebrød bakt på slump med ramslaukpesto. Godt! 6) Naughty Shakespeare-koppen med te og sjokoladeegg. 7) Språka mine! 8) Karamellatte hjå kjekk medstudine. Den smakte Hamburg 2004/2005. Minne! 9) Ekstremt god wok som må lagast igjen (og leggast ut her).

/Inga