Kalde hjarter for å feire varme hjarter

DSC_0460   DSC_0459

Fastelaven og morsdag på same dagen! På dagar som denne skulle eg så inderleg ynskje eg budde nærare foreldre og besteforeldre. Det er så mykje meir koseleg å feire saman.

Planen i dag var å bake berlinerbollar i staden for fastelavensbollar, men då det prosjektet hamna i grøfta (notat til meg sjølv: slike prosjekt går av ein eller annan grunn aldri etter planen første gongen), måtte eg ty til ein plan B.

DSC_0452

Eg dro innom den søndagsopne butikken for å handle mjøl i føremiddag. Heldigvis var køen såpass lang at eg surfa innom Instagram medan eg sto og venta. Der kom eg over Susanne Kaluza sine geniale youghurthjarter. Eg raska med meg ein boks skogsbæryoughurt for å prøve heime.

Youghurt med smak tykkjer eg ofte er alt for søtt til å brukast til frukost. Det passar langt betre som dessert. Difor er desse små ishjartene geniale som snop eller som minidessert. Samstundes som dei inneheld sukker, vil eg tru dei er hakket sunnare enn anna godis. Fyll små former med youghurt og sett dei i fryseboksen i ein time. Eg brukar desse formene.

Nyt youghurthjartene som dei er, eller smelt litt sjokolade og lag sjokoladetrekk. Enkelt, friskt og godt!

DSC_0444

Kjære mamma og alle andre fine mødre der ute; gratulerer med dagen! Ikkje bekymre dykk så mykje, -de gjer allereie ein storslagen jobb! Hugs det.

/Inga

Mat for sjela

ThX6LyMVMVQJMylmwjB-ywqZ7PbA0R5jygPmtVBqUK3A

Til tider tykkjer eg fokuset på det ytre i media er overdøyvande. Det er så mykje ein skal/bør/kan gjere for det ytre. Trene, slanke, scrubbe, smøre, injisere osv. osv.

…men kva med sjela? Ikkje det at sjela ikkje har godt av å trene. Ei heller at sjela har vondt av estetikk. Underteikna er definitivt av den trenande og forfengelege sorten. Likevel. Eg snakkar om det me les, smakar, luktar, ser, høyrer og opplever i kvardagen som ikkje omhandlar skjønnhetshysteri eller kroppshysteri. Kva gir deg påfyll i kvardagen? Kva gjer deg gladare, klokare, energisk, harmonisk -eller alt på ein gong?

Her er fem saker som gjer sjela mi glad om dagen:

  • Å stå opp tidleg om morgonen for å ha ekstra god tid til å lese aviser og drikke kaffi. Om eg har litt Vestlands-lengsel, lytter eg til Nrk Hordaland i bakgrunnen. Det er fint det.
  • Serien Girls. Sjåast på NRK nett-tv i ledige stunder. Kleint, lattermildt og ekte. Sjå det.
  • Kronikken Klassereisen, skriven av Malin, redaktør for Maddam og skribent i Klassekampen. Noko av det beste, nei, det beste eg har lest denne veka. Viktige poeng som får ein til å gå litt i seg sjølv.
  • At Live Nelvik var gjestevikar hjå P3 Morgen denne fredagen. Glede!!
  • Å stoppe opp og kjenne på at vintersola varmar i andletet før ein hastar vidare.

/Inga

Thaisuppe med sitrongras og kokosmjølk / Tom Yam Kung

DSC_0409

Seinhaustes og i førjulstida var det norsk tradisjonsmat eg var sugen på. Potetsuppe, kokt svineknoke, finnbiff og julemat i lange banar. Det skulle vere rykande varmt, salt og næringsrikt. No etter nyttår byrjar smakslaukane mine automatisk å lengte etter somar. Lime! Koriander! Ingefær! Tunge middagar blir byta ut med wok, supper og salatar. Det skal vere lett og ha mange spanande smakar.

Her er ei fin thaisuppe. Den inneheld mange gode smakar, er sterk og god. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Andreas Viestad si bok, Smak av krydder. Eg gjorde nokre endringar for å tilpasse kjøleskapsinnhald og det eg fann i vanleg daglegvarebutikk. Obs! Sitrongras, tørka kaffirlimeblad og fiskesaus finn ein i meir velassorterte butikkar som Meny og Ultra.

Ingredienser

  • 7 dl kokosmjølk
  • 12 tynne skiver ingefær
  • 2 stilkar sitrongras, lett knust
  • 3 ts tørka kaffirlimeblad
  • 2 sjalottlauk, finhakka
  • 2 dl grønsakskraft/grønsaksbuljong
  • 1 boks reker i lake
  • 1 chili, hakka
  • 2 vårlauk, hakka
  • 1 paprika, delt i stavar
  • 2-3 ss fiskesaus
  • 2 tomater, delt i 8 båtar kvar
  • 1 ts sukker
  • 3-4 ss ferskpressa limesaft
  • fersk koriander, grovhakka

Bland kokosmjølk, ingefær, sitrongras, limeblad og sjalottlauk i ei wokpanne. Kok opp og la koke i 3-5 minutt. Ha i grønsakskraft og la det koke opp igjen. Tilsett reker, paprika, chili, vårlauk, fiskesaus og sukker og kok i 2 minutt. Ha i tomater og kok opp ein siste gong før du fjerner suppa frå plata. Smak til med limesaft og server med koriander på toppen. Nyt!

DSC_0413   DSC_0292

/Inga

Lun januarsalat med erter, quinoa og ingefær

DSC_0017 6

Januar er ein fin månad å prøve ut nye oppskrifter som er proppfulle av god energi. Då det i tillegg er kulderekordar utanføre døra om dagen, kan ein til dømes prøve ein lun vintersalat som samstundes smakar litt somar. Eg elskar erter, lime og ingefær. Saman vart det heller ingen dum kombo. Når ein i tillegg tilset quinoa, blir salaten meir fiberrik og mettande. Super til lunch eller som siderett til middagen.

  • 1 raudlauk
  • 1 stort kvitaluksfedd evt. 1/2 kinesisk kvitlauk
  • 5 vårlauk
  • 2 ss fersk ingefær
  • 1 ss sesamfrø
  • 2 ss soyasaus (anten med lågt saltinnhald eller søt soyasaus)
  • 1 kopp* ukokt quinoa
  • 2 koppar vatn
  • 1 pose frosne erter
  • lime
  • rapsolje
  • pepar

Skyll quinoagryna og sett dei til sides. Grovhakk lauk og finhakk kvitlauk. Varm rapsolje i ein kjele og surr lauken i to minutt. Ha i vatn, ferskreven ingefær og soyasaus. La det koke opp. Ha i quionagryn og skru ned varmen. La det småkoke i 15 minutt. Etterpå set ein kjelen til sides og lar det trekke i fem minutt til. Visp inn luft i quinoan med ein gaffel før du heller i frosne erter og grovhakka vårlauk. La det trekke i fem minutt til. Rist sesamfrø i ei tørr steikepanne og vend inn i salaten. Server med litt nypressa limesaft og nykverna pepar på toppen.

*  1 kopp = 2,4 dl


DSC_0058 6