Heim

Grøne mål i 2018 oppsummert

I fjor skreiv eg om grøne saker eg skulle fortsette med i 2018. Det er på tide å ta ein liten runde på korleis det gjekk og kva eg tar med meg vidare i 2019. For å sei det sånn, -det kunne gått betre!

1. Fortsette å handle ein gong i veka og ha 1-2 restedagar

Dette har gått, -i periodar. Likevel syns eg det har blitt alt for mykje matkasting dette året, men slik blir det gjerne med små ungar. Mykje av maten me kastar er rett og slett halveten mat frå meir eller mindre kresne born. Eg er eigentleg familien sin restekasse, då eg ofte tek med meg middagsrester og slikt på jobb, -men om eg skulle ha ete opp maten til ungane også, hadde eg nok trilla rundt! Med omsyn til mathandel har me stort sett klart dette greit. Me hadde ein periode med middagskassar i haust, som gjorde dette enda enklare, men no tek me ein periode der me handlar inn alt sjølv. Ein til to restemiddagar er fast i veka. Me jobbar vidare med dette i 2019!

 

2. Fortsette å fase ut eingongsplast og anna unødvendig avfall i heimen

Dette syns eg også har vore innmari vanskeleg dette året. Eg hugsar ikkje sist eg kjøpte plastfolie og små plastposar, og bivokspapir og handlenett er blitt gode vener.  Likevel produserer me enormt mykje plastavfall frå matvareemballasje. Eg hadde nokre veker i 2017 der eg prøvde å handle så emballasjefritt som mogleg, men då måtte eg innom fleire butikkar i løpet av ein handel og det er utfordrande å få til i ein travel kvardag. Eg går for å handle mest mogleg emballasjefritt i daglegvarebutikken der eg handlar, og skal prøve å bli enda flinkare i 2019!

3. Plukke meir søppel

Dette har eg gjort jamnt gjennom året og det skal eg sjølvsagt fortsette med i 2019! Å alltid ha med seg ein søppelpose på tur, er ein lur vane!

4. Fly minst mogleg

Dei siste to åra har eg hatt kun to flyturar i året. Ein utalands og ein innanlands. Den eine har vore jobb og den andre privat. i 2018 vart det tre flyturar, ein med jobb og to privat. I år skal eg prøve å komme ned i maksimum to igjen.

5. Ete mindre kjøt

Dette er kanskje det som har gått best dette året. Eg har ete særs lite kjøt og frå å ha 1 vegetarmiddag i veka, har me per i dag minst tre. Å prøve vegetarkassa til Adams matkasse i haust var ein skikkeleg inspirasjonsboost og eg lærte mange nye rettar me gjerne lagar igjen og igjen. Eg går for eit nytt år som fleksitarianer og satsar på enda mindre kjøt og meir plantebasert!

6. Ha 30-50% bilfrie dagar i løpet av ein månad

Huttetu…denne har eg dårleg samvit for! I haust har me brukt bilen særs mykje. Barnehageleveringa om morgonen er vår akilleshæl. Då eldstemann ikkje passar i sykkelvogna lenger og han ikkje er stødig nok til å sykle til barnehagen sjølv, tek gåturen til barnehagen litt for lang tid om morgonen. Særskilt når ein skal i motsatt retning etterpå. Sjølvsagt kan ein stå opp ein halvtime før, men du veit, dei kvardagsmorgonane har ein tendens til å blir klurete og då har vegen til bilen blitt rimeleg kort. Stor sett køyrer me på elektrisitet, men dette står høgt på prioriteringslista denne våren. Denne humpen i kvardagen skal me til livs. Det er jo så mange fleire fordeler med å bruke sykkelen!

7. Ha shoppestopp av klede og sko til meg sjølv i eit år

Dette varte i ganske nøyaktig seks månadar. Då eg måtte reise tre dagar til Stavanger for å vere sensor, skjedde pakkinga litt for fort og eg mangla både det eine og det andre. Eg måtte krype til korset og ut på handel. Då rakna heile prosjektet for denne shoppestopparen, for å sei det mildt. Etter det vart det eit somarskjørt og eit par joggesko. I tillegg har eg handla mykje fint på Tise! Denne bruktappen er heilt genial og eg handla fleire fine saker der i haust.

Vert det eit nytt shoppestoppår? Nei, eg trur ikkje det. Eg har dei seinaste åra handla så lite klede at mykje byrjar å bli utslete. Mesteparten som har komt i hus, har eg arva frå venninner og noko har eg kjøpt brukt. Eg fortset heller med handlebremsen litt på, med fokus på å kjøpe brukt og/eller færre nye ting av betre kvalitet og haldbarhet.

Spar straum med Tibber

-Sponsa samarbeid-

Eit tiltak me kan gjere for å redusere våre eigne utslepp av CO2, er nettopp å begrense energien me nyttar. Det er lettare sagt enn gjort, då me i dag får fleire og fleire duppedittar i hus som går på straum! Likevel kan ein gjere fleire grep slik at ein ikkje bruker meir enn ein treng, -og slik sparar både miljø og lommebok.

Me skal teste tenesta Tibber framover. Det er kort og godt ein app som erstatter det vanlege straumselskapet ditt. I staden for å levere straum frå ein bestemte leverandør, handler Tibber straum frå dei som kan tilby den lågaste prisen til ei kvar tid, -og som leverer fornybar energi! Jepp, du las rett. Når du kjøper straum via Tibber, er du med på å støtte kraftleverandørane som tilbyr vasskraft, vindkraft eller solkraft.

Vidare får du ein langt meir detaljert oversikt over når og ikkje minst korleis du nyttar straumen din. I appen kan du til ei kvar tid fylgje med på kva du bruker mest straum på og kva dagar du har brukt mest. Det gjer det enklare og ikkje minst motiverande å ta grep for å redusere eige energiforbruk.

 

Etter å ha byrja med Tibber, har me gjort nokre grep som har senka elforbruket vårt:

  • me skrur av lys i alle rom me ikkje er i.
  • me har skrudd ned gradene på varmekablane litt slik at dei framleis er lunka, men ikkje særs varme.
  • me bruker eco-programmet på vaskemaskina.
  • me nyttar berre tørketrommelen når me absolutt må.
  • me dreg ut kontaktar på stand-by apparat som lamper og andre saker som ikkje er dagleg i bruk.
  • me har varmepumpa på jamn varme gjennom døgnet, i staden for å «gasse» den på på morgonkvisten og etter jobb.
  • me passer på å sette bilen på lading, når me får push-varsel frå Tibber om låge straumprisar.

 

No jobbar me for å komme innanføre dei 20% mest effektive husa i appen!

Det er gratis å laste ned Tibber-appen og abonnementet kostar 39 kr i månaden i tillegg til straumprisen. I Tibber sin nettbutikk kan du kjøpe ulike «power-ups» som gir deg større oversikt over straumbruken og auker energieffektiviteten i heimen. Me har fått ein Sensibo sky-varmesensor, som me skal koble til varmepumpa slik at den fungerer meir effektivt. Korleis denne sensoren verkar, skal eg komme tilbake til i eit anna innlegg når me har testa den litt over tid. Dette blir gøy!

Ha ein fin fredagskveld!

-Sponsa samarbeid-

Ei glede på trappa

Så uendeleg fint det er å finne ein nok avleggar på trappa frå ein nabo med særs grøne fingrar. Denne gongen var det ei haustanemone! Den skal få fine mørkerosa blomar og bli heile 80 cm høg.

No byrjar det å fylle seg opp med stauder i humlebedet og i tillegg har me særs mange tulipanlaukar som snart skal i jorda. Me burde eigentleg grave opp eit nytt bed, men vekene har flydd i det siste og det har blitt lite tid til hagearbeid. Kanskje får me gjort noko før frosten kjem. Viss ikkje har me alltids våren!

Klimarapporten – kva kan me gjere?

FN kom med ein dyster klimarapport i natt, som viser at me må gjere drastiske tiltak dei neste 12 åra for å bremse den globale oppvarminga. Konsekvensane om me ikkje gjer det, er fatale både for natur og menneske.

Det er lett å bli apatisk når ein slik rapport kjem, men det kan me ikkje bli. Her må det gjerast noko. I første rekke er det no opp til politikarane å gjere viktige tiltak. Det er dei som sit med makta og midlane til å gjere store endringar. Næringslivet er også særs viktig, men dei treng tilrettelegging av politikarane for å kunne komme opp med løysingar raskt nok. For oss enkeltmenneske må det blir enklare å ta miljøvenlege val. I ein travel kvardag der me skal vie store deler av tida vår på jobb og kor mange er råka av tidsklemma, er det utfordrande å heile tida ta dei rette vala. Reduserte prisar på frukt og grønt, kollektivtransport, reparasjonstenester og auka avgifter på kasting av matavfall, drivstoff og flyreiser, kan vere nokre grep å ta.

Eg håpar inderleg at politikarane har mot og vilje til å ta dei rette og store beslutningane. Å sjå oppslag om «redusert sukkeravgift» som ein av dei viktigaste lekkasjane frå statsbudsjettet i dagmorges, er heilt merkeleg på ein dag som denne. Eg håpar neste års statsbudsjett vert langt grønare og modigare.

I 2015 publiserte Forskning.no lista under, med punkt over kva du kunne gjere for å redusere ditt eige CO2-fotavtrykk. Då var det snakk om ein kjøttfri dag, ei flyreise, ein bilfri dag etc. Etter den nye rapporten, bør me nok prøve å auke antalet så mykje me kan.

  1. Erstatte kjøt med kjøtfrie alternativ så ofte som mogleg
  2. Redusere innetemperaturen
  3. Fly så sjeldan som mogleg
  4. Redusere bruk av bil med fossilt drivstoff så mykje du kan
  5. Redusere matavfall
  6. Redusere stand by-forbruk
  7. Dusje meir effektivt

Om du ynskjer å måle kor mykje du klarer å redusere CO2-avtrykket ditt med, kan du bruke appen Ducky. Der får du god oversikt over eige forbruk og den er særs motiverande. Les berre om korleis desse elevane reduserte forbruket sitt med heile 150 000 kg CO2 på kort tid!

Om du også tenkjer «kvifor eg»? «Kva med alle menneske i resten av verda?» «Kva med Kina som forureiner så mykje?» Det er sant, men dersom me ser på klimautslepp per innbyggar, ligg me nordmenn langt over gjennomsnittet i verda når det kjem til personlege utslepp. Det betyr at me bør vere dei første til å feie for eiga dør, -og det er jo eigentleg fint! Då kan me faktisk vere med å gjere ei endring og ikkje berre site hjelpelause og vente på at andre skal gjere jobben.

Kva tenkjer du om klimarapporten? Vert du skremt og apatisk, eller blir du berre meir motivert til å gjere endringar? Eg håpar på det siste! 

Dei beste svanemerka shampooane

Om du vil ha svanemerka shampoo, er her to tips! Ein budsjettvariant og ein dyrare (men veldig god).

Men først til eit produkt du kanskje kan kutte heilt: Eg har alltid trudd at eg som har langt hår bør bruke både shampoo og balsam. Samstundes har eg særs glatt og nordisk hår som stort sett heng rett ned. Etter eit tips, kutta eg balsam og det har gjort håret mykje finare. Det heng ikkje like tungt ned, og er rett og slett blitt meir luftig og volumøst. Det er ekstra bonus for miljøet når ein kan rett og slett kutte eit produkt!

Med omsyn til svanemerka shampoo, har eg prøvd mange varianter. Diverre har fleire fellesnemnaren at eg raskt har fått fett hår etter hårvask. Eg har likevel funne to der håret held seg fint lenge. Eg vaskar håret maks to gonger i veka, og det går heilt fint med desse shampooane.

Budsjettvarianten er frå Änglamark og blir brukt av heile familien. Den er parfymefri og fungerer heilt supert. Den får du i alle Coop-butikkane.

Den dyrare varianten er frå danske Zenz og er kjøpt hjå frisøren min Pur Grønn i Haugesund. Den luktar veldig godt og gir mjukt og fint hår. Begge er svanemerka, noko som betyr at både produksjon, emballasje og innhald oppfyller ei rekke strenge miljøkrav. Det er fint!

Eg ser det finst mange shampoomerke i fast form som marknadsfører seg som miljøvenlege, men har ikkje testa dei enda. Legg gjerne igjen tips om du har gode erfaringar med såpebarar.

Følg med vidare! Den komande veka kjem det både ein fin rabattkode og første forbrukartest av ei ny teneste som skal både spare oss pengar og gjere oss meir miljøvenlege! Eg er veldig spent på om det lever opp til forventningane.

Ha ein fin kveld!