Om meg

0031sh

Hei!

Eg heiter Inga og er haugesunder, etnesbu, mor, kåne og lærar i det daglege. Eg er oppvaksen på gard, men bur no i eit rekkehus i byen. Eg elskar mat, sykling, bøker, Tyskland og Ove.

Som dei fleste andre, er eg bekymra for klimaet og kva klode borna våre skal arve etter oss. Kvar dag gjer eg difor forsøk på å redde jorda, -litt.

Korleis? -Det prøver eg å finne ut her. Av og til går det skikkeleg bra, -andre gonger ikkje fullt så bra. Eg deler erfaringar etterkvart som eg vert litt klokare.

I tillegg til grøn kvardag, finn du også anna samfunnsengasjement, matprat og andre fine saker. Gi gjerne ein lyd i kommentarfeltet eller på mail! Det set eg særs pris på.

God lesnad!

/Inga

E-mail: notisboka@gmail.com

LagreLagre